Stengjer heilt i fem veker til

"Osten"  sett frå sør. Måndag morgon klokka halv ni vert trejdeparten smuldra sund i ei stor salve.

«Osten» slik han såg ut før den førre langstengjinga. No er det derimot i andre enden det skal sprengjast og sikrast. (Arkivfoto).

Frå 27. februar og fem veker fram, vil Rv13  atter verta heilt steng ved Deildo. Båtrute vert sett inn og ein vonar på fleire ferjeavgangar, som sist. Denne infoen fann me på heradet si heimeside. 

Rv.13 forbi Deildo i Hardanger må stengast i fem veker. Nok eit høgt fjellparti skal sprengjast ned i samband med rassikringsarbeidet på strekninga.

-Av omsyn til tryggleiken for vegfarande og anleggsarbeidarane er det naudsynt å stengje rv.13 forbi Deildo i fem veker i mars, veke 9-13, fortel byggjeleiar Terje Nesse. Tysdag 24. januar inviterer Statens vegvesen til informasjonsmøte om vegstenginga. Møtet vert halde i Sekse Barnehage klokka 18.

TRE OMGANGAR. "Osten" må takast i tre omgangar, sa byggjeleiar Terje Nesse.
TRE OMGANGAR. «Osten» må takast i tre omgangar, sa byggjeleiar Terje Nesse på det førre møtet. No er det det høge partiet i nord, som skal redusertast og sikrast. (Arkivfoto).

Same veg var også stengd mot slutten av 2016, då ein sprengde ned fjellpartiet kalla for «Osten». Denne gong er det eit parti like sør om Geithamrane som skal takast ned.
-Skjæringa er om lag 30 meter høg på det høgaste. Vi veit ikkje omfanget av sikringsarbeida som må utførast før trafikken kan passera forbi staden. Sikringsarbeida må utførast frå vegbana, noko som gjer det umogleg å ha trafikk forbi staden, opplyser Nesse.

Som sist vert det sett inn hurtigbåt mellom Lofthus og Børve i den tida vegen er stengd. Rutetabellen vert truleg den same. Statens vegvesen arbeider også med å få sett inn fleire avgangar i ferjesambandet Kinsarvik-Utne i same periode.
Når vegen likevel er stengd vil entreprenøren nytte høvet til å få unna  anna arbeid som er vanskeleg å få til medan det er trafikk på vegen.
Kontaktpersoner:
Terje Dagestad
Prosjektleiar
Terje.dagestad@vegvesen.no
46836315

eller

Terje Nesse
Byggjeleiar
terje.nesse@vegvesen.no
90470780

Invitasjon til Føykfest

 

Dette kortet vart funne under ei opprydding i gamle papir her på garden.  Det har ikkje årstal, men er frå ei tid då dei skreiv jenter med «g», og medlemmmene i «Føyk» tydelegvis berre var gutar.

Invitasjon til årsmøtefest i Føyk -  for ein del år sidan.

Invitasjon til årsmøtefest i Føyk – for ein del år sidan.

Den som vert invitert, kan ta med seg ei «gjente» – men ikkje gut. I tillegg stengjer dørene klokka halv ti.

I dag er det stort sett berre jenter i styret til «Føyk». Men aktiviteten er slett ikkje dårlegare enn den gongen då dette kortet vart laga. Heller det motsette.

Nett no er det styreleiaren Brit Ulriksen som inviterer til årsmøte:

«Minner også om årsmøte 24. januar kl 19.00 i Sekse Barnehage. Velkommen:) Årsmelding og inkalling er også på www.indreaustio.no »

Då kan du koma åleine – eller gjerne ta med deg fleire – av begge kjønn!!

 

HUGS «FØYK»-REFLEKS!!!!

 

 

 

Det skjer på Espe

 

Her er eit oversyn over møteplanane for Espe grannalag og Espe bygdekvinnelag:

Espe Grannalag

  • 20.01.2017  kl 20-02 Bygdakveld/Pub
  • 17.02.2017  kl 20-02 Bygdakveld/Pub
  • 17.03.2017  kl 20-02 Bygdakveld/Pub
  • 21.04.2017  kl 20-02 Bygdakveld/Pub

Espe Bygdekvinnelag

  • 08.02.2017 kl 18-21       Møte
  • 12.02.2017  kl 16            Morsdagskafe
  •                                                Trekning kakelotteri
  • 04.03.2017 kl 19            Damenes Aften
  • 08.03.2017 kl 18-21       Møte

 

Handbrygg fekk føter å gå på

Det vart rift etter dei 30 «samle»-kassane til det nystarta ølbryggeriet på Børve, då dei opna for sal over disk tysdag ettermiddag.

 Av Johannes H. Sekse

Stig Atle Meland var fyrste kunde og sikra seg nokre eksemplar av samlekassen med ulike øltypar.
Stig Atle Meland var fyrste kunde og sikra seg nokre eksemplar av samlekassen med ulike øltypar.

Stig Atle Meland gliste godt, då han med ein kasse i kvar hand, kunne slå fast at han hadde sikra seg souvenirar med flytande innhald. Deretter seig det på, både med lokale kundar, og litt meir langvegsfarande.

Medan Karl-Magnus Andersen er i innspurt med joletresal i Bergen, var det dei tre andre medeigarane i Hardanger Handbryggeri, Petter Sexe Ulriksen, Johannes Solheim og Magnus Steigedal som stod for salet denne fyrste dagen.

Jon Arne Meland gjorde godt innhogg, då han som ein av dei fyrste kundane fekk sleppa til. Her hjelpt av Johannes Solheim og Petter Sexe Ulriksen.
Jon Arne Meland gjorde godt innhogg, då han som ein av dei fyrste kundane fekk sleppa til. Her hjelpt av Johannes Solheim og Petter Sexe Ulriksen.

Den såkalla samlekassen var berre laga i 30 eksemplar, og gjekk fort unna. Han inneheldt dei fem basisølsortane og det nye jolaølet deira, fint dandert i svidde trekassar med ein dasj turrhøy frå ein gard på Sekse og ein liten brakekvist – eller –dusk, som ho Ingrid Espelid ville ha sagt det.

Geir Sekse betalte med kort.
Geir Sekse betalte med kort.

Det ligg to års planlegging, tenkjing, prøving og feiling, byråkrati, investeringar, svevnlause netter bak, når dei endeleg kunne opna dørene. Dei fire har til saman 40 års røynsle med brugging. På trass av fire  ulike utgangspunkt og ei rad idear og meiningar om korleis øl skal smaka, tok dei til slutt Hardangertradisjonen på alvor, som dei sjølve uttrykkjer det.

God stemning i lokalet medan folk venta på tur.
God stemning i lokalet medan folk venta på tur.

Mellom anna er det silt gjennom brakje, som set sin eigen smak på brugget. Heile prosessen, frå dei meltar kornet til dei set på etikettane, vert gjort for hand. Det seier seg difor at det er ein arbeids- og tidkrevjande produksjon.

Som med frimerkesamlarar, er det kan henda at nokon av dei som kjøpte fyrsteutgåva med øl frå Børve, kjem til å plassera det saman med eventuelt andre i ei eiga samling.

Men for mange, vert det truleg berre flaskene som overlever. Og skulle nokon gå tomme, vil det vera  ope for sal kvar torsdag. Ølet er elles alt å få tak i i butikkane, der det alt har vorte godt motteke.

Mellom anna skal det ha vore nokon samlarar som køyrde eins ærend frå Haugesund til Tyssedal for å sikra seg nokon flasker av det nye Hardangerølet.

Kari vann namnekonkurransen

Kari Svåsand fekk premie for namnet på joleølet. - Nemleg "Potlaskatt".
Kari Svåsand fekk premie for namnet på joleølet. – Nemleg «Potlaskatt».

Pilsen til Hardanger Handbryggeri heiter «Tyst», sterkølet «Haarteigen» og mørkølet «Bek». Men kva skulle dei kalla joleølet?

Då dei starta fyrste koko si med det, lyste dei samstundes ut ein namnekonkurranse. Det kom inn fleire forslag. Den som gjekk til topps, var Kari Svåsand. Ho føreslo «Potlaskatt».

Ho var særleg invitert til opninga, og fekk ein fin premie og takk.

 

 

 

500.000 kr til Grannabryggjo!

 

gjen2

Måpte. Terje Mala frå styret i Grannabryggjo vart rett og slett sett ut då Marie Opheim frå Gjensidigestiftelsen snudde sjekken på 500.000 kroner.

Nett i det dagsljoset demra måndag ettermiddag, kasta Marie Opheim frå Gjensidigestiftelsen nytt ljos over Seksegrenda – 500.000 kroner til Grannabryggjo og 85 000 kroner til Grannatun.

Av Johannes H. Sekse

Jorunn Sekse var kjempeglad for sjekken på 85.000 kroner til Grannatun.
Jorunn Sekse var kjempeglad for sjekken på 85.000 kroner til Grannatun.

Men, det var det slett ikkje. Tvert imot. Det vart, som det var sagt i invitasjonen, «noko kjekt». Ja, faktisk kjekkare.

Dei stod spente i matsalen i ungdomshuset, då Marie Opheim steig inn og presenterte seg. Då ho fortalde at ho hadde med litt pengar til dei to organisasjonane, kom smilet forsiktig fram.

Ho delte fyrst ut ein sjekk på 85.000 kroner til styreleiar Jorunn Sekse i Grannatun, som tok imot med stor glede.

Alt då Terje Mala frå styret i Grannabryggjo gjekk fram for å ta imot deira sjekk, antyda Opheim at den lydde på noko meir.

gjen3Men då ho snudde sjekken, og dei fem nullane bak femtalet dukka opp, vart Mala ståande vantru med open munn ei heil stund. Til slutt fekk han summa seg og tok imot sjekken med ein god klem – og jubelen kunne sleppast laus.

At prosjektet deira hadde fått ein halv million kroner, hadde ingen av dei trudd i sin villaste fantasi.

Til saman har Gjensidigestiftelsen delt ut i overkant av 10 millionar kroner i Hordaland dette året. Av dei fall altså 585.000 kroner til Seksegrenda.

Grannatun kan no fullføra og finansiera eit større rehabiliteringprosjekt før tida. Det største taket har vore eit heilt nytt og topp moderne kjøken. Med sjekken, som Marie Opheim overrekte, kan dei no også finansiera eit skikkeleg musikkanlegg og varmepumper i salen oppe. Pumpene er faktisk alt komne på plass.

NYTT KJØKEN er på plass. Med sjekken på 85.000 kroner kan Kari Herstad, Jorunn Sekse, Dagfinn Børve og dei andre i styret i Grannatun finansiera også musikkutstyr og varmepumper.
NYTT KJØKEN er på plass. Med sjekken på 85.000 kroner kan Kari Herstad, Jorunn Sekse, Dagfinn Børve og dei andre i styret i Grannatun finansiera også musikkutstyr og varmepumper.

Med ein halv million til Grannabryggjo vonar Gjensidigetiftelsen å bidra med dei omfattande planane med utbygging av bryggje, molo, småbåthamn, badeplass, grillbenkjer og mykje meir.

Med dette vonar gjevaren også at innbyggjarane skal få lettare tilgang til sjøen og på denne måten leggja til rette for meir aktivitet og friluftsliv.

Grunnen til at nett desse to prosjekta fekk støtte i år, skuldast mellom anna ynskje om å få ein samlingsplass, ynskje om auka aktivitet og at det har vore ein svært god dugnadsinnsats i prosjekta.

JUBEL. Grethe Børve, Terje Mala og Karl Arvid Andersen hadde ikkje problm med å visa kva dei følte med ein halv million kroner til prosjektet sitt.
JUBEL. Grethe Børve, Terje Mala og Karl Arvid Andersen hadde ikkje problem med å visa kva dei følte med ein halv million kroner til prosjektet sitt.

Ei av grunngjevingane var, i fylgje Opheim, at området ved Grannatun har vorte ein endå viktigare samlingsplass enn før, etter at skulen vart lagd ned.

I søknadane viste både Grannatun og Grannabryggjo konkrete planar over kva ei eventuell støtte kunne utløysa. Søknadane var grundige og gjennomarbeidde og hadde med alle element og opplysningar som trongst. Noko som ikkje alltid er tilfelle.

Begge prosjekta skal vera med og skapa meir aktivitet og vera samlande for innbyggjarane.

Jola kom tidleg og svært godt på Sekse i år.
Jola kom tidleg og svært godt på Sekse i år.

«Det er nettopp slike prosjekt me leitar etter, og eg håpar at dette kan vera til inspirasjon for andre», sa Marie Opheim.

Dei glade mottakarane understreka kor viktig det var, nettopp for å koma i mål, og eller vidare, med prosjekta deira.

 

 Gjensidigestiftelsen

Gjensidigestiftelsen jobbar for å skapa eit tryggare, sunnare og meir aktivt samfunn gjennom å støtta eldsjeler og frivillige organisasjonar. Som største eigar i Gjensidige med 62 prosent av aksjane, er stiftinga med og fører vidare 200 års forsikringshistorie i Noreg.

Frå etableringa i 2007 og til i dag, har stiftinga delt ut rundt 2 milliardar kroner til rundt 6000 ulike prosjekt for å fremja tryggleik og helse.

 

Jolequiz med pub

Vinnarlaget i fjor, saman med quizmakarane. Foto: Jorunn Sekse.
Vinnarlaget i fjor, saman med quizmakarane.
Foto: Jorunn Sekse.
Kristin Holsen Børve og Bjørg Opedal Hove hadde laga quizen i fjor. Foto: Jorunn Sekse.
Kristin Holsen Børve og Bjørg Opedal Hove hadde laga quizen i fjor. Foto: Jorunn Sekse.

Det er klart for årets høgdepunkt i jola!

Jolequizkomiteen for Grannatun er klar og oppmodar alle om å setja av tysdag kveld, den 27. desember,  til quiz og pubkveld.

Dørene opnar klokka 20.00. Det vert sal av øl, sider, vin og brus, i tillegg til snacks og kaker. Førebels er det basert på kontant betaling, men komiteen vurderer å ta i bruk meir moderne betalingsmåtar.

På kvart lag kan det vera maksimalt seks personar, og deltkinga kostar 200 kr for laget. Fine premiar til dei som vinn.

Aldersgrensa er sett til 18 år, då dette fell utanom dei såkalla tradisjonsfestane. Dersom ein er i tvil om alder, vert det kravt legitimasjon.

Komiteen gler seg til å sjå kvar einaste ein i Grannatun denne romjolkvelden.