Bryggjedugnad

Me har venta i det lengste med å starta opp att arbeidet med bryggja i Markastå. Men mandag gjekk startskotet for siste trinn i ferdigstilling av sjølve bryggja. 5 stk var på plass denne 1. dagen. No skal skjørtet ned i sjøen startast på.

Erling og Magne fekk jobben med montering frå flåte. Ikkje verdens største, men gjorde jobben. Idag vart det handla meir material frå Odda, slik at Erling og Magne kan fortsetja i kveld. Me er avhengig av fjæra sjø og tilpassar oss etter det. I går var me 5 stk i arbeid + Jon Arne som var ned og rettleidde oss. Dugnadane vil fortsetja framover.

Sjur, Anve, Erling og Magne i gang
Sjur og Anve ferdigstiller Sørenden
Erling og Magne fekk den verste jobben og måtte på flåten

Rydding til langaskarv

Stormane har herja med turstiane våre i vinter. Granene har ramla på kryss og tvers og stengt vegane til fjells.

Heldigvis har me flinke og engasjerte folk i bygdene våre som brukar av fritida si for å rydda i turstiane våre slik at me andre kan nytta dei uten å krypa under og over vindfelte tre.

Per er ein av dei som har gjort ein stor ryddejobb. Ikkje heilt ufarleg heller.

Føyk sin nye App har vorte ein suksess. I desse koronatider har unge og eldre i bygdene våre nytta liane til trening og sanking av trimpoeng.

Tre nye postar er lagt til i Liatravaren i år. Det er Storelve, Velteplassen og Langaskarv. Alle postane , bortsett frå Langaskarv, har både appen «trimpoeng» og bok.

Svinagarden rasert
Svianagarden mot langaskarv

Medlem IAG

MEDLEMSKONTINGENT 2020

Vyrde sambygdingar!

I krinsen vår vert det kvart år lagt ned ein svært stor dugnadsinnsats hjå mange, og innanfor eit stort spenn av områder. Ein del av det som skjer er verksett og koordinert av Indre Austsio Grannalag (IAG).

IAG er ei partipolitisk uavhengig foreining som skal:

  • Fremja tiltakslyst i bygdene slik at det er ein triveleg stad å bu
  • Vera eit talerøyr og høyringsinstans i saker som rører ved lokalsamfunnet sine interesser.
  • Arbeide for auka  busetjing og fremja næringsutvikling i bygdene.
  • Vera eit samla forum for lag og foreiningar.
  • Koordinere og gje oversikt over aktivitetar i bygdene.

Medlemskontingenten vart på årsmøtet sett til 100,- pr husstand for 2020. NB! Skriv i merknadsfeltet  namna på alle i husstanden medlemskontingenten gjeld for. Dette er viktig for medlemsregistreringa vår! Vonar de vil fortsetja å støtta arbeidet vårt ved å vera medlem !

Me hadde som hovudmål i vår å ferdigstilla bryggjo / uteplassen som Føyk og IAG har samarbeidd om. Grunna Korona epidemien måtte me utsetja oppstart av dette arbeidet.

Me ser for oss at me kan starta oppatt dugnadsarbeidet i løpet av mai /Juni. I fyrste omgang skal me kle inn kaien med eit «skjørt» ned mot sjøbotnen. Redningsbøye / benkar etc skal og på plass. Me hadde planlagt ein opning / dugnadsfest når arbeidet var ferdig, men det har me utsett på ubestemt tid. Ellers er me opne for nye prosjekter me kan arbeida med.

Medlemspengar er kr 100 pr familie og kan betalast inn på konto nr. 3530.27.67864. Eller vipps til IAG sekse.# 519186. Pengane går i sin heilheit til bygdeutvikling. IAG er og godkjend Grasrotmottakar i Norsk Tipping.

Flinke karar har rydda Galden og laga eit nytt flott utsiktspunkt. Dette er «Liatravaren » til Føyk sin mest besøkte stad. I desse Koronatider har mange nytta seg av dette tilbodet. Her er det helse i kvar sveittedråpe. Med stor honnør til dei som har helde vegen åpen etter dei siste 2 stormane. Ein flott innsats !

Bryggjo vår

Plattingen er nesten klar

Alle dugnadsprosjekt har vorte sett på vent grunna Corona.

Føyk og IAG sitt byggverk var planlagt med ny dugnadsinnsats no i mars, men me har valt å sjå det litt an før me startar opp att.

Me har også valt ein komite med 2 frå kvart lag som var i gang med å planleggja åpningsfest for unge og gamle. Me skulle starta med grilling på bryggja og avslutta med fest i Grannatun. Musikk var bestilt, men……

Me håpar på eit liv etter dette og ser det an framover

Corona

  1. Hjartestartar kurs:
Hjartestartar på Grannatun

Ole Johnny Bukve har tilbode seg å halda kurs i bruk av hjartestartar og litt rundt dette, men det var før Corona utbrotet. No må me utsetja dette til tidene vert normalisert.

Inntil den tid må me gjera det beste ut av det. Visst noko skulle skje og det er trong for bruk av den, er det berre å setja i gang etter beste evne.

Hjartestartar

Ny hjartestartar er montert på austveggen av Grannatun, ved sceneinngangen.

Hjartestartar montert

Ved bruk løysnar ein sikringspinnen i botnen og tek den ut. Dekselet på utsida kan me fjerna ved å ta tak i dekselet og skru i den retning pile visar.

Skru i pile si retning for å demontera

Når dekselet heng ned kan hjartestartar takast ut og er klar for bruk. Hjartestartaren er sjølvforklarande og ein får beskjed rekkefølgen når det gjeld bruk.

Demontering deksel for bruk

Hjartestartaren er ei gåve frå Sparebanken vest. Deksel og montering er betalt av IAG

Me vil prøva å få i gang eit kurs i bruk. Blant andre har bygdekvinnelaget kontakta oss om dette. IAG sin nye leiar vil ta tak i dette i samarbeid med andre lag.

Inntil kurs kjem i gang anbefalar eg dei som vil å gå ned og ta ein nærmare kikk på installasjonen. Ved akutt trong for bruk må den sjølvsagt takast i bruk. Den kan redda liv.

Galden i dag

Galden er ikkje attkjennande. 2 spreke naboar har teke motorsage fatt og starta rydding.

Ivar dreg pas

Utsikten er no fantastisk. Dette er den mest besøkte staden i Liatravaren. Trur ikkje besøket minkar etter dette.

Kanskje er her også rom for ein gapahuk og ein grill ? Me treng møteplassar for store og små. Flott at nokon brukar fritida si på dette. Me som brukar liane bør betala litt tilbake ved å bidra til å halda farbare stiar og eit åpent landskap.

Hundeselskap
Hundane trivs ilag