Eit nytt fjell på Sekse

Grannabryggjo tek form !

Mange har sett Mickael flytta ein del av Deildo til båthavne på Sekse. No hadde me lyst å sjå det nye undervannsfjellet som skal verta ein pir i den nye båthavne på Sekse.  Tor Olav Tveit og Christian Fjellheim stilte opp for oss med dykkarutstyr. Dei har tidlegare vore og inspisert sjøledningen frå septiktanken. Fantastisk positive karar !

Klargjering til dykk
Påkledning av dykkarutstyr
I vatnet
Tor Olav og Christian på veg i vatnet

Dei gleid ned i vatnet og berre luftboblene som flytta seg rundt i området avslørte kor dei var. Tor Olav stakk hovudet opp og sa  : Fyllingen er 2 meter under meg. Dei inspiserte begge sider, toppen , og sidene ned mot bonn. Christian var nede på 35 meter ytterst, då vart det så dårlig sikt at han kom opp att. Det var og sterk straum rundt fyllingen.

Korleis ser det ut ropar eg  ?  Det ser bra ut. Toppen er 4-5 meter breid og ytterste delen (kanten)ca 50 m frå strandlinja. Fyllingen ser veldig kompakt ut. Ein blanding av stein, grus og morenemasse. Det er eit nedsøkk i sentrum av piren. Det ser ut som lekteren har subba heilt ut. Christian syns han såg malingen frå Mickael i toppen. Ifølge dykkarane ser piren ferdigfylt ut. No står det berre att å få piren opp 2 meter over sjøen. Dette skal gjerast med gravemaskin, som skal byggja opp frå land og arbeida seg utover.

Dei har teke film av fyllingen som me vonar å få lagt ut. Tusen takk til begge to. Dei ville ikkje ha betaling, men dei er herved invitert til IAG sin pubkveld i Grannatun 10. Mars. (vert annonsert)

Sekse Skøyteamfi

Gratulera med flott innsats !

IMG_1402
Kanskje ei blivande stjerne her

Kveld etter kveld har grendafolk stått og sprøyta vatn på idrettsplassen på Sekse. I dag skal isen prøvast.

Kvaliteten på bildene er dårleg, men innsatsen til dei små var desto meir imponerande. Fyrste skøytetaka for mange små. Knall og fall, latter og gråt,  men opp att like blide.

IMG_1404
Lagledarbenken

På lagledarbenken vankar gode råd og trøyst. Litt varmande på termosen. Det er ei glød og driv i Seksekrinsen som er imponerande. Folk stiller opp i mange samanhengar. Litt høgre oppe i bygget, i bygde sitt rom sat mange ivrige damer i «strikkekafeen». Ja kanskje spøta dei skøytehuer til dei unge på isen. Forstod det slik at banen var døypt til «Sekse Skøyteamfi»

Me kan vera stolte av at ein av  «våre»  no er ein skøyteløpar i norgestoppen i sin klasse og han tok sine fyrste famlande skøytetak her.

Grannabryggjo

Mandag var ein stor dag for Indre Austsio og Grannabryggjo.

prosjektskisse

Eit langvarig dugnadsprosjekt har begynt å bera frukter. Gjensidigestiftelsen overrekte i eit godt regissert opplegg i Grannatun ein sjekk på kr 500 000,-. Det er vel det ein kallar som lyn frå klar himmel. Men desto meir overveldande.

Marie Opheim sa at dette var akkurat det prosjektet dei hadde venta på. Ein flott og velfundert søknad med alle momenter som dei ser etter i ein slik prosess. Alle godkjenningar var på plass. Full honnør til leiaren i Grannabryggjo, Siv H Haukelidseter, som har laga søknaden.

Prosjektskissa som er vist her er Anve Tveit sitt prosjekt. her ligg det utruleg mykje arbeid bak. Det er denne skissa som ligg i bonn for det me arbeider med.

Karl Arvid Andersen

IAG

Julehelsing

God Jul til alle våre medlemmer !

bilete-fra-borve-og-sorover

IAG har ca 320 betalande medlemmer. Det syns me er kjempebra ! Me arbeider for at Indre Austsio skal ha ei framtid både for dei som bur her og dei som kan tenkja seg å flytta hertil.. Tidene endrar seg og byen fristar for mange. Me treng noko som fristar folk å flytta heim att. Det er ikkje lenger nok med fjell og sjø. I dag har me verken hus eller tomter å lokka med. Uten dette vil me tapa kampen om tilflyttarane.

Me tapte kampen om skulen vår. Kva vert det neste ?  Barnehagen ?

Visst barnetalet minkar trur eg me er i trøbbel. Det er betre å innsjå det no og ikkje når det er for seint.

Me vonar at fylgjande prosjekt kan vera med på å auka interessa for å bu i vår krins.

Grannabryggjo :

Fredag 02.12 var me i møte med Statens Vegvesen i Odda angåande levering av massar frå Deildo.

Me fekk der skrive under på ein avtale som gjer at me kan sjå framtida til Grannabryggjo ljosare i møte.

Dei vil gjera ferdig vårt prosjekt før dei forlet oss. Fyllingen vil dekka totalt 6000m2 sjøbotn. Både molo og større landområde. Dei vil fylla til + 2m. (over havnivå)

Dette åpnar for at me kan realisera våre draumar om ei båthavn og ein aktivitetspark. Hugs at dette er eit prosjekt for alle i krinsen, ikkje berre båteigarane.

Byggefelt Markastå:

Heradet starta for fleire år sidan ein prosess for å tilretteleggja for tomter i Markastå. Dette vart midlertidig stoppa etter funn av fornminne. Heradet har no sett i gang att denne prosessen. Den nytilsette planleggar i heradet Randi Karin Tveit har lova å leggja fram reguleringsplanen til fyrste møte i plan- og ressurs komiteen etter nytt år. Det er gjort framlegg i budsjettet om at heradet løyver 2 mill i 2017.

Tanken er å dra i gang eit offentleg/privat utbyggingsprosjekt.

I framtida skal dei eldre i større grad enn tidlegare bu heima så lenge som mogeleg. Den tradisjonelle aldersheimen kjem gradvis til å forsvinna og verta erstatta med omsorgsbustader og sjukeheim. Me treng då bustader tilrettelagt for at eldre skal kunna fungera heime. Kanskje ein kombinasjon av einebustader/leiligheter og tilrettelagte eldrebustader er vegen å gå. Me treng både unge og gamle i bygdene.

Gateljos over Sekse :

Dette har vor ein laaang prosess. Me vart for ca 2-3 år sidan prioritert på 1. plass for trafikksikringstiltak på fylkesvegar i heradet sin langsiktige plan.

Me har etter det gått mange rundar med vekslande samferdslepolitikarar i fylket om løyving av midlar.

Det er no vossingen Nils Bjørke (SP) som leiar samferdslekomiteen i fylket. Ordførar Solfrid Borge har hatt samtalar med han om løyving av pengar. Me har nyleg møtt Solfrid i Kinsarvik og diskutert dette. Ho stadfesta at ho har snakka med Nils Bjørke, som hadde sagt at han skulle prøva å finna midlar til gateljos. Ho lova og at ho  skulle ringa han opp att og purra . Men ho seier i klartekst at me skal få gateljos. Me har venta lenge nok !

Det er fleire som har kome til IAG og sagt at dette må me arbeida for. Det er så mange mørke parti på denne vegen at ungane ikkje torer å gå aleine. Vegen er og veldig mykje brukt som trim/tur løypa. Spesielt i den mørke årstida.

Det har vore sagt mykje negativt om heradet, men IAG har heile tida hatt ein konstruktiv dialog med heradet og fått støtte og hjelp til våre prosjekt. Men me må nok framover i endå større grad «trø» til sjølv og kjempa for det me vil ha til. Då er alt mogeleg.

Det vil alltid vera forskjellige meiningar om saker me arbeider med. I eit grannalag er det plass for alle. For eller i mot.  Oppfordrar alle til å koma med innspel om saker me arbeider med og saker me bør arbeida med framover.

Oppmodar dei som sit på aktuelt stoff,historiar, bilete  etc å ta kontakt med Johannes Sekse slik at han kan publisera det på heimesida – og facebook sida til Indre Austsio Grannalag.

 

Ynskjer alle ei god Jul og godt Nytt år

Karl Arvid Andersen

Leiar IAG

 

 

Jolatre ved Grannatun

Fleire har kanskje sett grøfte som er gravd frå Grannatun og nordover. Me hadde lyst å lysa opp den mørke førjulstide med å setja opp eit jolatre ved Grannatun. Me har fått løyve av Grannatun til å ta straum derifrå. Jolatre får me hjå Sjur E. Børve eller Arne Sandstå. No er kabel lagt til enden av grøfte, men me skulle gjerne hatt ein liten kumme der for å beskytta straumkontakt etc.

grannatun

Er det nokon som har ein kumme eller eit betongrøyr liggande som dei ikkje skal bruka ? Kan ha ein diameter på mellom 30 og 50 cm. Kanskje ca 30-40 cm  høg (ev. betongrøyr som kan kappast til rett lengde)

Ta kontakt med Anve Tveit dersom de har noko liggjande ! Me satsar på å tenna ljoset på 1. sundag i Advent.

 

Me oppfordrar og medlemmer frå Espekrinsen å setja opp eit joletre ved Espe Grendahus dersom de ynskjer det !

Grannabryggjo

Oppmålingsforretning i Markastå.

Statens Vegvesen Region Vest har varsla om at det skal haldast oppmålingsforretning på Gnr 80, Brn 5 i Markastå.

Det skal fastsetjast grenser for frådeling av areal til Grannabryggjo på Sekse. Alle med nabogrenser til eigedomen og  Statens Vegvesen var innkalt.

Dei som møtte var : Magne Eivind Moe frå Ullensvang Herad og Karl Arvid Andersen frå Grannabryggjo.

Landmålar Bente Elin Hereid var oppmerkingsansvarleg for posisjonering av nye eigedomsgrenser.grannabryggjoBente Elin Hereid og Magne Eivind Moe med GPS posisjonering av grenser.      Foto K.A.Andersen

Grannabryggjo har fått tilsendt detaljert avtale frå Statens vegvesen om levering av steinmassar frå Deildo. Denne er underteikna av Grannabryggjo og returnert Statens Vegvesen . Terje Nesse i Statens Vegvesen reknar med at levering av massar med lekter til Grannabryggjo ville foregå til ut November. Han har og forsikra oss om at dei ikkje reiser herfra før arbeidet med fylling er ferdig.

Lekteren har ikkje vore i drift denne veka. Me reknar med å verta informert om, når vidare transport kjem i gang att.

For Grannabryggjo

Karl Arvid Andersen

Referat frå ekstraordinært årsmøte i Grannabryggjo

Den 10.Oktober hadde grannabryggjo ekstraordinært årsmøte i Grannatun. Dette var og informasjon til medlemmene vedrørande økonomien i prosjektet. Som det står i referatet valde årsmøtet å bruka litt lengre tid for å få prosjektet i havn. Me vonar at meir tid til planlegging, større dugnadsinnsats, kan gjera at årsleiga på kvar båtplass kan reduserast. (sjå referat nederst på sida)

Styreleiar Siv Hamstad Haukelidsæter vil i samarbeid med styret setja ned ei gruppe som skal arbeida vidare med desse planane.

Styret i Grannnabryggjo her ved Inge Børve, Helge Hauso, Karl Arvid Andersen hadde synfaring i området i lag med Trond Helland i Marinegruppen. Her vart det diskutert den flytande delen av havne som skal bestå av bølgebrytarar og utliggjarar til båtane.

img_5188
Helge Hauso, Trond Helland og Inge Børve fylgjer med på lekterslepp av det som skal verta vår framtidige båthamn. Foto Karl Arvid Andersen

 

 

 

 

ekstraordinaert-arsmote-side-1-001ekstraordinaert-arsmote-side-2-001

 

 

 

Mista på 17.Mai på Sekse

Inga Sandstå har 2 år på rad mista eine bringeklutsylja si (borenål). Me håpar difor nokon har funne den/dei, og teke vare på dei. Om me er så heldige er det berre å ta kontakt med Inga eller IAG.

bunadsylje
Bilete av bringeklutsylje

Grannabryggjo

Det har vore stilt lenge om framdrifta i Grannabryggjo, men det har vorte jobba hardt og  intensivt for å få planane klare.

Styreleiar Siv Hamstad Haukelidsæter har i lag med sitt styre lagt ned ein imponerande innsats for å få alle godkjenningar i havn tidsnok. Grannbryggjo har kjøpt tomte frå Statens Vegvesen for kr 50 000,-

Dette er eit dugnadsprosjekt som me har fått mykje ros for frå mange kantar, men det er no alvoret byrjar. Dei fleste har sikkert lagt merke til «Mikael 1» som i lengre tid har lagt fortøyd på Børve i påvente av frakting av stein frå Deildo. I går, Torsdag 22.09 kasta dei loss og var ute og prøvekøyrde. Mandag førstkomande startar fyrste tur til Deildo. Fyrste runde går til Aga. deretter står Sekse for tur i følge mannskapet. Lektaren kan lasta 700 tonn, men vil no frakta ca 600 tonn pr tur.lekter

Me oppmodar flest mogeleg til å verta medlemmer i Grannabryggjo enten dei har båt eller ikkje.(kontakt Siv H. Haukelidsæter for medlemskap eller båtplass) Alle medlemmer har ei stemme enten dei er båteigar eller berre medlem. Dette skal verta ei staseleg havn / samlingsplass med aktivitetspark på land, badestand, friområde etc.

Det vert helde omframt årsmøte i Grannabryggjo mandag 10.10.2016. Kl 2000 i Grannatun på Sekse