Lodd til marknaden i Grannatun

Komiteen kjem rundt til hushaldningane og sel lodd i bøkene ONSDAG eller TORSDAG denne veka.

Me har fått masse flotte gevinstar frå bedriftene i distriktet.

Me samlar inn bidrag frå private i same runden.

Håpar de vil vere med å bidra ?

Helsing Marknadskomiteen

Marknad i Grannatun

Sundag 17.november 2019 – kl 15.00 – 18.00

  • Flotte gevinsar
  • Sal av mat og drikke

I god gamal tradisjon kjem me rundt og samlar inn gevinstar og sel lodd onsdag 13. eller torsdag 14.november. 

Om de ikkje er heime kan de eventuelt leggje gevinsen ut ved inngangsdøra.

Om du vil gje ei pengegåve til Grannatun, kan de nytta vipps nr 139467 eller kontooverføring til 3450 35 17479.

Støtt opp om det flotte grendahuset vårt! 

Møt opp for ei triveleg samkome og drøs med grannen!

Velkomne 🙂

Helsing Marknadskomiteen

Bente Svoldal og Jon Sekse, Elden Karin og Jan Harald Alpen, Olav Eirik Børve og Eva Birken, Jon Arne Sekse og Bjørg Opedal Hove, Eirik Børve og Hildegunn Birkeland, Halvard Eriksen og Jorunn Augestad, Elin og Sven Johannes Røynstrand (ved spørsmål kan de kontakte Bente på tlf. 91859388) 

Idrettsmerket 2019 – bli med!

Måndag 14.oktober vert det høve til å ta 3000 meter for dei som vil fullføra idrettsmerket.

Oppmøte ved Grannatun kl 18.00.

Det er også mogleg å gå ei mil eller å sykle seg ein tur.
Då kan du gå inn å sjå krava for deg og sende ei melding til Oda (46889713) etterpå.

Her finn du krava, dei ligg under uthald: https://www.idrettsforbundet.no/contentassets/fbfb88ddbfdd49a88972708a5491159d/reglement-for-idrettsmerket2015.pdf

 

Fiskefestival på Espe!

Det vert arrangert fiskefestival på Espe søndag 16.juni. 

Her er alle hjarteleg velkomne til å prøva fiskelukka og treffa gode grannar.

Det vert sal av grillmat, brus og litt attåt. Det vert fiskekonkurranse med premiar og annan moro.

Pris per deltakar er 50 kr og 150 kr for familie. Det vert fisking frå land og om du ynskjer kan du koma med eigen båt.

Arrangementet byrjar på kaia på Espe kl. 14.00.

Vel møtt!

Helsing komitéen