Is på torsdag kveld!!!

Jon Sekse lagar is på skuleplassen på Sekse.
Jon Sekse lagar is på skuleplassen på Sekse.

Ikkje før kom kuldegradene, så var dei der. Føykingane. I fleire timar har dei i ettermiddag og kveld, stått på skift og sprøytt vatn på skuleplassen.

Då me var der, var det Jon Sekse som tok ei økt. Etter han skulle det koma ein ny. Så skal det få klaka skikkeleg godt i natt, før dei tek nokon tørnar på morgonkvisten.

Og med ei skikkeleg kveldsøkt i morgon, og ei ny kald natt, vil det svært truleg vera klart for å snøra på seg skeissene torsdag.

Dersom vermeldinga held stikk, skal det i alle fall vera blå grader til og med sundag.

 

 

Invitasjon til Føykfest

 

Dette kortet vart funne under ei opprydding i gamle papir her på garden.  Det har ikkje årstal, men er frå ei tid då dei skreiv jenter med «g», og medlemmmene i «Føyk» tydelegvis berre var gutar.

Invitasjon til årsmøtefest i Føyk -  for ein del år sidan.

Invitasjon til årsmøtefest i Føyk – for ein del år sidan.

Den som vert invitert, kan ta med seg ei «gjente» – men ikkje gut. I tillegg stengjer dørene klokka halv ti.

I dag er det stort sett berre jenter i styret til «Føyk». Men aktiviteten er slett ikkje dårlegare enn den gongen då dette kortet vart laga. Heller det motsette.

Nett no er det styreleiaren Brit Ulriksen som inviterer til årsmøte:

«Minner også om årsmøte 24. januar kl 19.00 i Sekse Barnehage. Velkommen:) Årsmelding og inkalling er også på www.indreaustio.no »

Då kan du koma åleine – eller gjerne ta med deg fleire – av begge kjønn!!

 

HUGS «FØYK»-REFLEKS!!!!

 

 

 

Føyk mot Odda i ligacupfinale

foykLaurdag spelar Føyk mot Odda  i «finalen» i Terje Storhaug ligaen. Dersom Føyk vinn kampen, vinn dei også serien. Dei fortener ein kjempestor heigajeng. Kampen går klokka 11.00 på Odda stadion.

 

Logoen til Føyk er teikna av Hans J. Sekse.
Logoen til Føyk er teikna av Hans J. Sekse.

Laget har bestått av Karl Magnus Andersen,  Øyvind Andersen,  Jon Arne Sekse,  Magnus Steigedal,  Olav Eirik Børve,  Eirk Børve,  Jon Aslak Herstad, Bård Steven Vedvik, Runar Lutro  og Eirik Lutro.

Draktene er raud-kvite, nett som eit anna kjent lag her i vest (red.anm.)

Ligaen har i år 10 lag og 194 spelarar.

 

TABELL – TERJE STORHAUG-LIGAEN 2016

  1. Sk Odda   35 – 5 i mål – 21 poeng
  2. Føyk Il.    27 – 10 mål – 19 poeng
  3. Tizir Tyssedal 19 – 8 mål – 18 poeng
  4. Il Harding 21 – 11 mål  –  12 poeng
  5. Fonna 17 – 22 mål – 10 poeng
  6. Nederlaget 21 – 16 mål – 9 poeng
  7. Il Solnut  15 – 18 mål – 6 poeng
  8. Ståvo 16 – 20 mål – 6 poeng
  9. Skare 10 – 34 mål – 3 poeng
  10. BIL Zinken 10 – 39 mål – 0 poeng

Fin tur til Oksen

Fjordaturen med MS Lindenes vart avlyst, men turen til Oksen vart likevel gjennomført. Me tok oss til Tjoflot med privatbilar.

Etterkvart kom me alle opp til varden på Oksen og samla oss til gruppebilete:DSC_0204

DSC_0207

Vêret var strålande og utsikta til alle kantar framifrå. Her er eit gruppebilete teke innover mot Eidfjord og med Hardangerbrua som bakgrunn:

DSC_0213

Vegen ned att gjekk til Djønno der vi hadde ein bil ståande. Fjorten stykk var med på turen.

–Alle var samde om at det hadde vore ein fin tur!

Fjordcruise sundag 21. august med topptur til Oksen- VIKTIG ENDRING

2016.08.18 Viktig melding: På grunn av for få påmelde må fjordaturen utgå.  Eg tek sikte på å ta turen til Oksen likevel og køyrer med bil. Ta kontakt dersom du ynskjer å bli med.

mvh Geir Olav Guddal, Tlf.nr. 90794640

*********************************************************

Føyk IL inviterer til fjordtur for alle og topptur for dei som vil!

MS_Lindenes

Me reiser med MS Lindenes («Sinkskøyto») frå Børve til Oksenhalvøya. Føyk sel vafler, brus og kaffi ombord på fjordcruiset.

Planen er å leggja til ved kaiane på Tjoflot og Djønno. Frå Tjoflot kan dei som vil bli med på topptur til Oksen (1241 moh)), eller ta ein kortare tur oppover lia, for eksempel til Tjoflotstølane (600 moh). Dei sprekaste kan frå Oksen gå ned til Djønno og bli henta der. For meir info om turane kontakt Geir Guddal (907 94 640). Sjå også info frå «Visit Ullensvang» for  Oksen

Det går også an å berre hyggja seg i båten eller på kaien. Dette er ein tur for alle: familiar, ungdom, vaksne og pensjonistar!

Grovplanen er:

09.00: Avreise frå kaien på Børve mot Tjoflot
10.40: Tjoflot kai
16.30: Avreise Tjoflot kai mot Djønno
18.00: avreise  Djønno kai
20.00: Børve kai

 

Familiepris for Føykmedlemmer er kr 400. Enkeltmedlemmer Føyk kr 200. Andre kr 400 per stykk, familiepris kr 1200 (opp til 5 stk). Då turen er vêravhengig tek vi betalinga under turen eller i etterkant.

Sjå elles Facebooksida til Føyk for eventuell tilleggsinformasjon.

Påmelding innan 15.08.16 til Brit Ulriksen, (934 89 371), eller Bente Svoldal (918 59 388).

TERJE Storhaug-ligaen

Føyk har vunnet alle 4 kampane til no i år. Totalt skal det spelast 9 kampar. Kampane blir spelt på Aga (Skotamyr), Tyssedal, Lofthus (Hordatun) og Odda stadion. Laget sin  toppscorer er Jon Aslak Herstad med 6 mål.

Føyk 1
Arkivfoto

http://terjestorhaugligaen.com/

Påmelde spelarar (12 stk):
1. Karl Magnus Andersen
2. Øyvind Andersen
3. Jon Arne Sekse
4. Magnus Steigedal
5. Olav Eirik Børve
6. Eirik Børve
7. Jon Aslak Herstad
8. Bård Steven Vedvik
9. Runar Lutro
10. Eirik Lutro
11. Yngve Stunes
12. Eirik Opedal

 

Kontaktperson: Øyvind Andersen 
Fargar: Raud og kvit. 

http://terjestorhaugligaen.com/tabell.html

Føyk 23-2 seier mot Solnut
4-3 seier mot Harding
5-1 seier mot Røldal (Ståvo)
3-1 seier mot Tizir Tyssedal