ER DU MED OSS ?

Torsdag 3. mai  kl 1700 er ny dag for rydding i strandsonen vår !

Indre austsio frå Børve. Foto Karl Arvid Andersen

«Torsdag 3. mai inviterer NRK til stor ryddedugnad hvor alle i hele Norge kan ta del. Alle NRKs distriktskontorer er med, og kommer til å dekke aksjonen på både radio, TV og nett gjennom dagen.«

«Ingen kan ta alt, men alle kan ta litt» er mottoet når NRK går i bresjen for nasjonal ryddedugnad Norge rundt torsdag 3. mai.

Me har lyst å vera ein del av denne aksjonen her i Indre Austsio. Me tek mål av oss til å rydda frå Skjeldås til Djupevik (Deildo) Eller i alle fall så langt me rekk. Me møtest i Grannabryggjo kl 1700 på torsdag den 3. mai. Der deler me oss i grupper og inntek strandsonen, mellom sjø og riksveg. Avfallet samlar me til slutt i Grannabryggjo.

Folk har allerede meldt seg til teneste. Dei som ikkje har helsa til å krabba i fjøresteinane kan bidra på andre måtar. Kanskje kaffi, eit kakestykke, vafler etc.

Kontaktpersonar i ryddekomiteen er :

Namn  :                                       Tlf :

  • Kirsti Solheim                    90981388
  • Helga Sandven                   99555140
  • Jonny Kibsgård                  97146543
  • Grete L Børve                      48151135
  • Bjørn Terje Svoldal           48271405
  • Hildegunn Espe                  97568650
  • Karl Arvid Andersen         95250107
ALLE ER VELKOMNE TIL Å DELTA !

 

 

Strandrydding Indre Austsio

5. mai er nasjonal strandryddedag.

Som me har sett i fleire TV programmer seinare tid flyt det av bos og plast i sjø og på strender.Plasten tek livet av tusenvis av fuglar og pattedyr. Lat oss gjera vår skjerv til å rydda opp på strendene våre.

IAG har fått spørsmål om me vil organisera ein ryddedugnad. Og det vil me sjølvsagt vera med på.

Me treng mange frivillige  for å få gjort jobben. Ryddeområdet vårt vert frå Deildo til Skjeldås. Fleire detaljer vil koma, bl.a. kor de kan melda dykk på.

 

 

 

 

IAG nettside oppe og går att etter virus

indre Austsio Grannalag si nettside er no oppe og går att etter at den har vore nede. Leverandøren vår One.com har stengt ned sida p.g.a. at den har vore infisert av virus, spam o.s.v.

Petter Sexe Ulriksen har gjort ein kjempejobb og fått ho opp å gå igjen. Alle som har  rettigheiter til å leggja inn stoff på sida må sørga for at deira PC er virusbeskytta.

Da kjeme seg!

No byrjar ein å ana korleis det vil verta sjåande ut på den framtidige samlingsplassen i grenda.

Grannabryggjo tek form 1
Grannabryggjo tek form. Oppfylling og muring er i full gang. 

Det er berre å ta hattane av for det formidable dugnadsarbeidet som er lagt ned for å få til småbåthmn og alt det andre som er tenkt inn her når «Grannabryggjo» er ferdig.

Det har vore lite og ikkje drahjelp utanfrå. Alt – frå reguleringsplan til ferdig anlegg – er så godt som sjølvgjort.

bry1

Oppfylling mellom moloen og rasteplassen i bakgrunnen, er i full gang.

 

Grannabryggjo tek form

Luftfoto av Espen Bukve
Grannabryggjo. Luftfoto av Espen Bukve

På årsmøtet til Grannabryggjo i Grannatun 8. mars skal me ta stilling til framdrifta i anlegget. Styret har arbeidd med 3 leverandørar av bryggjer og har landa på Marinegruppen på Tysnes. I bassenget der bølgedempar skal liggja er det lagt ut ei kanne. Bølgedemparen på 112 meter skal gå frå piren og ut til denne kanna, derifrå vert det ein arm på 40 meter vinkelrett mot land.

Det er seld ca 35 plassar hittil. Anlegget er dimensjonert for 50 plassar. Her er det berre å melda seg på mens det er ledige plassar.

Midt på biletet er det pæla i sjøen. Dette er starten på eit flott bygdeprosjekt i regi av Føyk og Indre Austsio Grannalag. Desse to laga har løyvd kr 70 000 kvar. Ytterst  over sjøen der pælane står vert det ein trekai på ca 50 m2 og innanfor den vert det eit tilsvarande landområde. Her skal det murast og byggjast. Me vil binda saman dette området med badestranda. Me vil etterkvart samla bygde til dugnad slik at så mange som mogeleg kan føla eigarskap til denne nye samlingsplassen . Benkar , grill etc vil få sin naturlege plass.