500.000 kr til Grannabryggjo!

 

gjen2

Måpte. Terje Mala frå styret i Grannabryggjo vart rett og slett sett ut då Marie Opheim frå Gjensidigestiftelsen snudde sjekken på 500.000 kroner.

Nett i det dagsljoset demra måndag ettermiddag, kasta Marie Opheim frå Gjensidigestiftelsen nytt ljos over Seksegrenda – 500.000 kroner til Grannabryggjo og 85 000 kroner til Grannatun.

Av Johannes H. Sekse

Jorunn Sekse var kjempeglad for sjekken på 85.000 kroner til Grannatun.
Jorunn Sekse var kjempeglad for sjekken på 85.000 kroner til Grannatun.

Men, det var det slett ikkje. Tvert imot. Det vart, som det var sagt i invitasjonen, «noko kjekt». Ja, faktisk kjekkare.

Dei stod spente i matsalen i ungdomshuset, då Marie Opheim steig inn og presenterte seg. Då ho fortalde at ho hadde med litt pengar til dei to organisasjonane, kom smilet forsiktig fram.

Ho delte fyrst ut ein sjekk på 85.000 kroner til styreleiar Jorunn Sekse i Grannatun, som tok imot med stor glede.

Alt då Terje Mala frå styret i Grannabryggjo gjekk fram for å ta imot deira sjekk, antyda Opheim at den lydde på noko meir.

gjen3Men då ho snudde sjekken, og dei fem nullane bak femtalet dukka opp, vart Mala ståande vantru med open munn ei heil stund. Til slutt fekk han summa seg og tok imot sjekken med ein god klem – og jubelen kunne sleppast laus.

At prosjektet deira hadde fått ein halv million kroner, hadde ingen av dei trudd i sin villaste fantasi.

Til saman har Gjensidigestiftelsen delt ut i overkant av 10 millionar kroner i Hordaland dette året. Av dei fall altså 585.000 kroner til Seksegrenda.

Grannatun kan no fullføra og finansiera eit større rehabiliteringprosjekt før tida. Det største taket har vore eit heilt nytt og topp moderne kjøken. Med sjekken, som Marie Opheim overrekte, kan dei no også finansiera eit skikkeleg musikkanlegg og varmepumper i salen oppe. Pumpene er faktisk alt komne på plass.

NYTT KJØKEN er på plass. Med sjekken på 85.000 kroner kan Kari Herstad, Jorunn Sekse, Dagfinn Børve og dei andre i styret i Grannatun finansiera også musikkutstyr og varmepumper.
NYTT KJØKEN er på plass. Med sjekken på 85.000 kroner kan Kari Herstad, Jorunn Sekse, Dagfinn Børve og dei andre i styret i Grannatun finansiera også musikkutstyr og varmepumper.

Med ein halv million til Grannabryggjo vonar Gjensidigetiftelsen å bidra med dei omfattande planane med utbygging av bryggje, molo, småbåthamn, badeplass, grillbenkjer og mykje meir.

Med dette vonar gjevaren også at innbyggjarane skal få lettare tilgang til sjøen og på denne måten leggja til rette for meir aktivitet og friluftsliv.

Grunnen til at nett desse to prosjekta fekk støtte i år, skuldast mellom anna ynskje om å få ein samlingsplass, ynskje om auka aktivitet og at det har vore ein svært god dugnadsinnsats i prosjekta.

JUBEL. Grethe Børve, Terje Mala og Karl Arvid Andersen hadde ikkje problm med å visa kva dei følte med ein halv million kroner til prosjektet sitt.
JUBEL. Grethe Børve, Terje Mala og Karl Arvid Andersen hadde ikkje problem med å visa kva dei følte med ein halv million kroner til prosjektet sitt.

Ei av grunngjevingane var, i fylgje Opheim, at området ved Grannatun har vorte ein endå viktigare samlingsplass enn før, etter at skulen vart lagd ned.

I søknadane viste både Grannatun og Grannabryggjo konkrete planar over kva ei eventuell støtte kunne utløysa. Søknadane var grundige og gjennomarbeidde og hadde med alle element og opplysningar som trongst. Noko som ikkje alltid er tilfelle.

Begge prosjekta skal vera med og skapa meir aktivitet og vera samlande for innbyggjarane.

Jola kom tidleg og svært godt på Sekse i år.
Jola kom tidleg og svært godt på Sekse i år.

«Det er nettopp slike prosjekt me leitar etter, og eg håpar at dette kan vera til inspirasjon for andre», sa Marie Opheim.

Dei glade mottakarane understreka kor viktig det var, nettopp for å koma i mål, og eller vidare, med prosjekta deira.

 

 Gjensidigestiftelsen

Gjensidigestiftelsen jobbar for å skapa eit tryggare, sunnare og meir aktivt samfunn gjennom å støtta eldsjeler og frivillige organisasjonar. Som største eigar i Gjensidige med 62 prosent av aksjane, er stiftinga med og fører vidare 200 års forsikringshistorie i Noreg.

Frå etableringa i 2007 og til i dag, har stiftinga delt ut rundt 2 milliardar kroner til rundt 6000 ulike prosjekt for å fremja tryggleik og helse.

 

Jolequiz med pub

Vinnarlaget i fjor, saman med quizmakarane. Foto: Jorunn Sekse.
Vinnarlaget i fjor, saman med quizmakarane.
Foto: Jorunn Sekse.
Kristin Holsen Børve og Bjørg Opedal Hove hadde laga quizen i fjor. Foto: Jorunn Sekse.
Kristin Holsen Børve og Bjørg Opedal Hove hadde laga quizen i fjor. Foto: Jorunn Sekse.

Det er klart for årets høgdepunkt i jola!

Jolequizkomiteen for Grannatun er klar og oppmodar alle om å setja av tysdag kveld, den 27. desember,  til quiz og pubkveld.

Dørene opnar klokka 20.00. Det vert sal av øl, sider, vin og brus, i tillegg til snacks og kaker. Førebels er det basert på kontant betaling, men komiteen vurderer å ta i bruk meir moderne betalingsmåtar.

På kvart lag kan det vera maksimalt seks personar, og deltkinga kostar 200 kr for laget. Fine premiar til dei som vinn.

Aldersgrensa er sett til 18 år, då dette fell utanom dei såkalla tradisjonsfestane. Dersom ein er i tvil om alder, vert det kravt legitimasjon.

Komiteen gler seg til å sjå kvar einaste ein i Grannatun denne romjolkvelden.

 

Julehelsing

God Jul til alle våre medlemmer !

bilete-fra-borve-og-sorover

IAG har ca 320 betalande medlemmer. Det syns me er kjempebra ! Me arbeider for at Indre Austsio skal ha ei framtid både for dei som bur her og dei som kan tenkja seg å flytta hertil.. Tidene endrar seg og byen fristar for mange. Me treng noko som fristar folk å flytta heim att. Det er ikkje lenger nok med fjell og sjø. I dag har me verken hus eller tomter å lokka med. Uten dette vil me tapa kampen om tilflyttarane.

Me tapte kampen om skulen vår. Kva vert det neste ?  Barnehagen ?

Visst barnetalet minkar trur eg me er i trøbbel. Det er betre å innsjå det no og ikkje når det er for seint.

Me vonar at fylgjande prosjekt kan vera med på å auka interessa for å bu i vår krins.

Grannabryggjo :

Fredag 02.12 var me i møte med Statens Vegvesen i Odda angåande levering av massar frå Deildo.

Me fekk der skrive under på ein avtale som gjer at me kan sjå framtida til Grannabryggjo ljosare i møte.

Dei vil gjera ferdig vårt prosjekt før dei forlet oss. Fyllingen vil dekka totalt 6000m2 sjøbotn. Både molo og større landområde. Dei vil fylla til + 2m. (over havnivå)

Dette åpnar for at me kan realisera våre draumar om ei båthavn og ein aktivitetspark. Hugs at dette er eit prosjekt for alle i krinsen, ikkje berre båteigarane.

Byggefelt Markastå:

Heradet starta for fleire år sidan ein prosess for å tilretteleggja for tomter i Markastå. Dette vart midlertidig stoppa etter funn av fornminne. Heradet har no sett i gang att denne prosessen. Den nytilsette planleggar i heradet Randi Karin Tveit har lova å leggja fram reguleringsplanen til fyrste møte i plan- og ressurs komiteen etter nytt år. Det er gjort framlegg i budsjettet om at heradet løyver 2 mill i 2017.

Tanken er å dra i gang eit offentleg/privat utbyggingsprosjekt.

I framtida skal dei eldre i større grad enn tidlegare bu heima så lenge som mogeleg. Den tradisjonelle aldersheimen kjem gradvis til å forsvinna og verta erstatta med omsorgsbustader og sjukeheim. Me treng då bustader tilrettelagt for at eldre skal kunna fungera heime. Kanskje ein kombinasjon av einebustader/leiligheter og tilrettelagte eldrebustader er vegen å gå. Me treng både unge og gamle i bygdene.

Gateljos over Sekse :

Dette har vor ein laaang prosess. Me vart for ca 2-3 år sidan prioritert på 1. plass for trafikksikringstiltak på fylkesvegar i heradet sin langsiktige plan.

Me har etter det gått mange rundar med vekslande samferdslepolitikarar i fylket om løyving av midlar.

Det er no vossingen Nils Bjørke (SP) som leiar samferdslekomiteen i fylket. Ordførar Solfrid Borge har hatt samtalar med han om løyving av pengar. Me har nyleg møtt Solfrid i Kinsarvik og diskutert dette. Ho stadfesta at ho har snakka med Nils Bjørke, som hadde sagt at han skulle prøva å finna midlar til gateljos. Ho lova og at ho  skulle ringa han opp att og purra . Men ho seier i klartekst at me skal få gateljos. Me har venta lenge nok !

Det er fleire som har kome til IAG og sagt at dette må me arbeida for. Det er så mange mørke parti på denne vegen at ungane ikkje torer å gå aleine. Vegen er og veldig mykje brukt som trim/tur løypa. Spesielt i den mørke årstida.

Det har vore sagt mykje negativt om heradet, men IAG har heile tida hatt ein konstruktiv dialog med heradet og fått støtte og hjelp til våre prosjekt. Men me må nok framover i endå større grad «trø» til sjølv og kjempa for det me vil ha til. Då er alt mogeleg.

Det vil alltid vera forskjellige meiningar om saker me arbeider med. I eit grannalag er det plass for alle. For eller i mot.  Oppfordrar alle til å koma med innspel om saker me arbeider med og saker me bør arbeida med framover.

Oppmodar dei som sit på aktuelt stoff,historiar, bilete  etc å ta kontakt med Johannes Sekse slik at han kan publisera det på heimesida – og facebook sida til Indre Austsio Grannalag.

 

Ynskjer alle ei god Jul og godt Nytt år

Karl Arvid Andersen

Leiar IAG

 

 

Startar direktesal av øl

Klar for produksjon. Johannes Solheim f.v., Magnus Steigedal, Petter Sexe Ulriksen og Karl Magnus Andersen (ikkje til stades) står bak den nye, lokale ølproduksjonen.
Klar for produksjon. Johannes Solheim f.v., Magnus Steigedal, Petter Sexe Ulriksen og Karl Magnus Andersen (ikkje til stades) står bak den nye, lokale ølproduksjonen. (Arkivfoto)

Tysdag fyrstkomande opnar Hardanger Handbryggeri direkte utsal  frå bryggeriet på Børve.

Av Johannes H. Sekse

 

Dette melder bryggeriet sjølv på si eiga heimeside. Ølet deira har vorte sværtr godt motteke i butikkane, og no opnar dei i tillegg eigne dører for direktesal.

For å setje litt ekstra stas på opningsdagen, vil dei gjera eit par ekstra stunt:

  1. sal av 30 stk limiterte presangkassar, signerte, med seks flasker i kvar kasse. Dei inneheld dei fem sortane dei for tida har – Tyst, Spøkjetyst, Bek, Haarteigen og jolaølet Potlaskatt. or at alle skal stilla likt, vert det dei fyrste frammøtte som får kjøpa presangkassane. For dei som har litt meir tolmod, kjem slike kassar til å verta selde over nyttår. Då vert dei produsert i stort antal.
    2. Dei vil og nytta høvet til å overrekkja premie til vinnaren av namnekonkurransen på jolaølet deira – Potlaskatt. Vinnaren vert presentert etter det.

Det vert ope fast kvar torsdag klokka 16.00-19.30 heretter.

Torsdagen i romjola vert det også bryggedag samstundes med sal. Då kan dei som ynskjer og har tid, koma og sjå mendan dei bryggar øltypane Spøkjetyst og Haarteigen.

Steinsprang på Espe

 

Steinsprang på Espe. Foto: Laila F. Sandstå
Steinsprang på Espe.
Foto: Laila F. Sandstå

Etter langvarig kulde, kom mildveret i helga. Laila F. Sandstå fanga opp dette steinspranget som kom ned i riksveg 13 litt utom Espe.

Ei påminning om den årstida me er inne i.

I fylgje Yr.no vil temperaturen halda seg over nullen den nærmaste framtida. Fredag kan det verta litt sludd.

 

Jolatre ved Grannatun

Fleire har kanskje sett grøfte som er gravd frå Grannatun og nordover. Me hadde lyst å lysa opp den mørke førjulstide med å setja opp eit jolatre ved Grannatun. Me har fått løyve av Grannatun til å ta straum derifrå. Jolatre får me hjå Sjur E. Børve eller Arne Sandstå. No er kabel lagt til enden av grøfte, men me skulle gjerne hatt ein liten kumme der for å beskytta straumkontakt etc.

grannatun

Er det nokon som har ein kumme eller eit betongrøyr liggande som dei ikkje skal bruka ? Kan ha ein diameter på mellom 30 og 50 cm. Kanskje ca 30-40 cm  høg (ev. betongrøyr som kan kappast til rett lengde)

Ta kontakt med Anve Tveit dersom de har noko liggjande ! Me satsar på å tenna ljoset på 1. sundag i Advent.

 

Me oppfordrar og medlemmer frå Espekrinsen å setja opp eit joletre ved Espe Grendahus dersom de ynskjer det !

Jordnære verdiar og sprelske scenestunt

 

«4H står for veldig flotte og jordnære verdiar og byr på kvalitetsaktivitetar i eit samfunn med mykje fjas.»

Tekst og foto: Johannes H. Sekse

Meir treffande kunne ingen ha sagt det, enn klubbrådgjevar Mari Lid i Rossavarden 4H, då ho saman med Rannveig Børve og Torleiv Kvalnes delte ut heider og ære til dei flinke medlemmene i klubben sundag kveld.

IAG-nett sin utsende var også til stades på haustfesten i Grannatun. Dei aktive medlemmene i Rossavarden 4H er imponerande gode både på oppgåveløysing, lagsarbeid og som aktørar på scena.

Alle medlemmene fekk godkjent oppgåvene sine. Som vanleg på haustfestane i 4H, kunne foreldre og andre interesserte studera ustillingane ein times tid før sjølve festen starta.

Alle imponerte

Det ligg mykje arbeid bak kvar einaste oppgåve. Og alle imponerte. Her var alt frå styrearbeid og fotball til bruk av motorsag, friluftsliv, jakt, husdyr, baking og – fridykking.

Dei aktive ungdomane imponerte ikkje mindre då dei slo seg laus i eit knippe med friske revyprega småsketsjar frå scena.

Scenestunt

Me vil påstå at dei låg godt over snittet av det me har sett på slike festar før. Med inderleg innleving, kostymar og parykkar – og gode poeng som til dels var henta frå kvardagen i lokalmiljøet –  fekk dei fram både smil og latter.

Mat og åresal

Kvelden slutta av med matøkt og åresal. Og etter at dei fleste av dei flotte gevinstane hamna på til dels få hender, kunne IAG-nett sin utsende triumferande retta opp åra då den bugnande hovudgevinsten vart trekt til slutt. Ei imponerande frukt- og sjokoladekorg.

Rekruttering og marknadsføring

Festen og ungdomane hadde fortent langt fleire frammøtte. Og etter det underteikna forstår, kjem dei til å prioritera både rekruttering av nye medlemmer neste sesong og meir marknadsføring av både aktivitetane i klubben gjennom året og i samband med haustfesten neste år.

 

Her kjem ei rekkje med bilete frå den flotte festen:

.

Syngja kunne dei og: Frå venstre: Torgeir Røynstrand, Magne Eimind Kvalnes, Hallstein Hesjedal, Trond Ivar Steine Børve, Anja Hesjedal, Elina Eide, Hedda Ø. Espe, Hedda GJerde Tyssebotn og Åsveig Steine Børve. Ein del medlemmer kunn diverre ikkje møta.
Syngja kunne dei og: Frå venstre: Torgeir Røynstrand, Magne Eimind Kvalnes, Hallstein Hesjedal, Trond Ivar Steine Børve, Anja Hesjedal, Elina Eide, Hedda Ø. Espe, Hedda GJerde Tyssebotn og Åsveig Steine Børve. Ein del medlemmer kunne diverre ikkje møta.
Nestleiar Oda Kristin Tjoflot spelte til songen.
Nestleiar Oda Kristin Tjoflot spelte til songen.
Marit Lid rosa ungdomane for godt arbeid.
Mari Lid rosa ungdomane for godt arbeid.
Mat må til! Og her var mykje godt.
Mat må til! Og her var mykje godt.
Styreleiar Åsveig Steine Børve ynskte velkomne og informerte.
Styreleiar Åsveig Steine Børve ynskte velkomne og informerte.
Oda Kristin Tjoflot har hatt friluftsliv som oppgåve.
Oda Kristin Tjoflot har hatt friluftsliv som oppgåve.
Trond Ivar Steine Børve hadde valt fridykking som oppgåve. Ein spenstig hobby.
Trond Ivar Steine Børve hadde valt fridykking som oppgåve. Ein spenstig hobby.
Utsnitt av oppgåva til Hedda Ø. Espe, som også er sekretær i klubbstyret.
Utsnitt av oppgåva til Hedda Ø. Espe, som også er sekretær i klubbstyret.
Eit bilete frå oppgåvehheftet til Hedda Gjerde Tyssebotn . "Meg og Finn".
Eit bilete frå oppgåvehheftet til Hedda Gjerde Tyssebotn . «Meg og Finn».
Magne Eimind Kvalnes, alias "Kjell Kjellen Bigset " på båten mellom Børve og Lofthus. Passasjerar er Trond Ivar Steine Børve, Oda Kristin Tjoflot og Torgeir Røynstrand.
Magne Eimind Kvalnes, alias «Kjell Kjellen Bigset » på båten mellom Børve og Lofthus. Passasjerar er Trond Ivar Steine Børve, Oda Kristin Tjoflot og Torgeir Røynstrand.
Hedda Ø.Espse, Anja Hesjedal og Elina Eide .
Hedda Ø.Espse, Anja Hesjedal og Elina Eide .
Torgeir Røynstrand og Hallstein Hesjedal i fugladansen.
Torgeir Røynstrand og Hallstein Hesjedal i fugladansen.
Imponerande mimikk og parodi frå Hedda Gjerde Tyssebotn.
Imponerande mimikk og parodi frå Hedda Gjerde Tyssebotn.
Anja Hesjedal, Elina Eide og Hedda Gjerde Tyssebotn var som dei andre, heilt frie for sceneskrekk.
Anja Hesjedal, Elina Eide og Hedda Gjerde Tyssebotn var som dei andre, heilt frie for sceneskrekk.
Oda Kristin Tjoflot var ein glimrande konferansier med ein svært smittande latter.
Oda Kristin Tjoflot var ein glimrande konferansier med ein svært smittande latter.
Hedda GJerde Tyssebotn, Hallstein Hesjedal og Torgeir Røynstrand i aksjon.
Hedda GJerde Tyssebotn, Hallstein Hesjedal og Torgeir Røynstrand i aksjon.
Åsveig Steine Børve som tryllekunstnar.
Åsveig Steine Børve som tryllekunstnar.
Elina Eide og Anja Hesjedal i ein blonde-"sketsj".
Elina Eide og Anja Hesjedal i ein blonde-«sketsj».
God stemning i salen, sjølv om festen hadde fortent langt fleire.
God stemning i salen, sjølv om festen hadde fortent langt fleire. Måleria til Kari Vivelid er ei fantastisk råme kring alle arrangement i denne salen. Det ein har elles motivet sitt frå Rossavarden, som klubben er oppkalla etter.

 

Føyk mot Odda i ligacupfinale

foykLaurdag spelar Føyk mot Odda  i «finalen» i Terje Storhaug ligaen. Dersom Føyk vinn kampen, vinn dei også serien. Dei fortener ein kjempestor heigajeng. Kampen går klokka 11.00 på Odda stadion.

 

Logoen til Føyk er teikna av Hans J. Sekse.
Logoen til Føyk er teikna av Hans J. Sekse.

Laget har bestått av Karl Magnus Andersen,  Øyvind Andersen,  Jon Arne Sekse,  Magnus Steigedal,  Olav Eirik Børve,  Eirk Børve,  Jon Aslak Herstad, Bård Steven Vedvik, Runar Lutro  og Eirik Lutro.

Draktene er raud-kvite, nett som eit anna kjent lag her i vest (red.anm.)

Ligaen har i år 10 lag og 194 spelarar.

 

TABELL – TERJE STORHAUG-LIGAEN 2016

  1. Sk Odda   35 – 5 i mål – 21 poeng
  2. Føyk Il.    27 – 10 mål – 19 poeng
  3. Tizir Tyssedal 19 – 8 mål – 18 poeng
  4. Il Harding 21 – 11 mål  –  12 poeng
  5. Fonna 17 – 22 mål – 10 poeng
  6. Nederlaget 21 – 16 mål – 9 poeng
  7. Il Solnut  15 – 18 mål – 6 poeng
  8. Ståvo 16 – 20 mål – 6 poeng
  9. Skare 10 – 34 mål – 3 poeng
  10. BIL Zinken 10 – 39 mål – 0 poeng

Semitrailer snudde på NedreBørve

Imponerande manøvrering, det skal dei ha. Men å lesa skilt er det visst verre med. Begge foto: Edel Kari E. Alpen
Imponerande manøvrering, det skal dei ha. Men å lesa skilt er det visst verre med. Begge foto: Edel Karin E. Alpen

Dagleg må trailerar rygga når dei kjem til stengd riksveg 13 ved Klokkargarden/Geithamren på Lofthus. Ein del av dei som kjem andre vegen, har derimot hamna på NedreBørve.

Av Johannes H. Sekse

No har Riksveg 13 vore stengd mellom Geithamren på Lofthus og vegdelet til ØvreBørve på sørsida, i vel ei veke. Nesten dagleg, og enkelte dagar fleire gonger for dagen, kjem det like fullt både store og små bilar køyrande.

Dei som kjem frå Lofthussida må rygga rundt ein kilometer før dei får snu. Ikkje alle er like gode til det, og ikkje alle er like skikka, skal me tru augne- og nasevitne. Ein utlending som balte lenge, lukta alkohol, vert det sagt.

Så langt, men ikkje lenger. Sauene på NedreBørve tek det heile med knusande ro.
Så langt, men ikkje lenger. Sauene på NedreBørve tek det heile med knusande ro.

På sørsida, kjem det og ein del trafikk, der sjåføren ikkje har fått med seg at vegen er stengd. Rett nok står det, noko misvisande, at han er stengd ved Hovland. Det rette er Børve – ved vegdelet opp til ØvreBørve. Altså 3-4 km lenger ute.

Eit par trailersjåførar har teke sjansen på at den komunale Børvevegen kan tena som omkøyring. På NedreBørve har det derimot vorte stopp. Dei som bur her oppe, kan fortelja om halsbrekkande snuoperasjonar med lange vogntog. Det skal til og med ha gått ut over murkantar og anna.

Ein utanlandsk sjåfør forklarde at han ikkje hadde råd til å ta ferja frå Utne til Kinsarvik.

Mange etterlyser no endå tydelegare skilting både i Odda og Kinsarvik.