Takk for fine fuglar!

 

Anne Marie klipper snora. Foto: Tuomo Korhonen.
Anne Marie klipper snora.
Foto: Tuomo Korhonen.

«Takk for fine fuglar», seier Ragna Kvalnes. Saman med dei andre som bur i «øvregato» i Flisabakken, har ho nett vore med på offisiell opning at eit fantatisk flott postkassestativ.

Av: Johannes H. Sekse

I langt tid har dei som bur i Flisabakken sett på at det gamle postkassestativet heldt på å forfalla. Eternittaket forvitra, stativet var veldig stygt og skeivt og avisene var våte.

Det var fyrst då Gunnbjørg Midtbø flytta hit, at det skjedde noko. Frå huset sitt såg ho rett ned på stativet.

-Ein dag kom ho og spurde om ikkje me skulle få gjort noko, seier Laila F. Sandstå, som har laga ei kjempegod molteblautkake til opningsfesten.

Laila tente på ideen, og kontakta nabo og fuglefotograf Anne Marie Korhonen med spørsmål om det kunne la seg gjera å få fuglemotiv på dei nye kassane, som sjølv hadde vore inne på tanken.

Dermed vart prosessen sett i gang med grundig planleggging, prosjektering, teikning, innkjøpa av det som trogst og mykje dugnadsarbeid. Den vesle vegstubben er sjølvhjelpen med dei alle fleste fagområda og nokon er som poteto – brukande til det meste.

Foto av fuglar tekne i Flisabaken av Anne-Marie Olsen Korhonen. FOTO: Tuomo.
Foto av fuglar tekne i Flisabaken av Anne-Marie Olsen Korhonen.
FOTO: Tuomo.

Alle – bortsett frå ein – kjøpte nye, kvite postkassar, og Anne Marie fekk laga store klebebilete av ulike fuglar – alle fotograferte i Flisabakken. Kvar husstand har fått sin fugl.

Nybygget er truleg det finaste og mest spesielle i heile landet, meiner Laila. Det store taket, gjer at dei står godt skjerma for vind og regn når dei hentar posten sin. Også postdamo har kome med vellete. I tillegg til postkassane er det to radlebenkar der naboane kan løysa store verdsproblem som kommunestruktur og småbåthamn. Når kvelden trekkjer på, slår lyset seg på. På veggen er og ei oversikt med informasjon om dei ulike fuglane.

Når dei hadde lagt så mykje arbeid i verket, kunne dei ikkje ta det skikkeleg i bruk før det hadde fått ei skikkeleg offisiell opning.  Dermed kalla Flisabakken Vel inn til postkassefest på torsdag (11. august).

Foto av fuglar tekne i Flisabaken av Anne-Marie Olsen Korhonen. FOTO: Tuomo.
Foto av fuglar tekne i Flisabaken av Anne-Marie Olsen Korhonen.
FOTO: Tuomo.

«Ta med kopp og godt humør!» stod det på plakaten. Og det gjorde dei. Seremonien starta med at Liv Turid Hjeltnes, ikledd serveringsbunad, sende champagnekorken høgt i veret. Det var naturleg nok Anne Marie som fekk æra av å klippa den staselege snora, godt supplert av snorhaldarane Kjell Sandstå og Anve Tveit, medan Laila F. Sandstå kom med saksa – på ei flott pute.

Liv Turid HJeltnes hadde pynta seg for dagen og opna med ein champagnesmell.
Liv Turid HJeltnes hadde pynta seg for dagen og opna med ein champagnesmell.

Deretter samla alle seg rundt langbord til opningsfest. Anve Tveit hadde også laga ein eigen kviss med mange spørsmål som stort sett var knytte til nabolaget. Eit av spørsmåla var kor mange familiar som hadde budd i lærarbustaden. Og rett svar er sju.

 

Fjordcruise sundag 21. august med topptur til Oksen- VIKTIG ENDRING

2016.08.18 Viktig melding: På grunn av for få påmelde må fjordaturen utgå.  Eg tek sikte på å ta turen til Oksen likevel og køyrer med bil. Ta kontakt dersom du ynskjer å bli med.

mvh Geir Olav Guddal, Tlf.nr. 90794640

*********************************************************

Føyk IL inviterer til fjordtur for alle og topptur for dei som vil!

MS_Lindenes

Me reiser med MS Lindenes («Sinkskøyto») frå Børve til Oksenhalvøya. Føyk sel vafler, brus og kaffi ombord på fjordcruiset.

Planen er å leggja til ved kaiane på Tjoflot og Djønno. Frå Tjoflot kan dei som vil bli med på topptur til Oksen (1241 moh)), eller ta ein kortare tur oppover lia, for eksempel til Tjoflotstølane (600 moh). Dei sprekaste kan frå Oksen gå ned til Djønno og bli henta der. For meir info om turane kontakt Geir Guddal (907 94 640). Sjå også info frå «Visit Ullensvang» for  Oksen

Det går også an å berre hyggja seg i båten eller på kaien. Dette er ein tur for alle: familiar, ungdom, vaksne og pensjonistar!

Grovplanen er:

09.00: Avreise frå kaien på Børve mot Tjoflot
10.40: Tjoflot kai
16.30: Avreise Tjoflot kai mot Djønno
18.00: avreise  Djønno kai
20.00: Børve kai

 

Familiepris for Føykmedlemmer er kr 400. Enkeltmedlemmer Føyk kr 200. Andre kr 400 per stykk, familiepris kr 1200 (opp til 5 stk). Då turen er vêravhengig tek vi betalinga under turen eller i etterkant.

Sjå elles Facebooksida til Føyk for eventuell tilleggsinformasjon.

Påmelding innan 15.08.16 til Brit Ulriksen, (934 89 371), eller Bente Svoldal (918 59 388).

Kvann

Kvann frå veigdalen
Kvann frå Veigdalen i 2010. Foto Karl Arvid Andersen

Angelica archangelica

Andre norske navn ; Kvannjol, jol, kvanj, kvanne, kvannegras, erkeengelurt

Kvann var tidlegare ei vanleg plante på Hardangervidda, men var ein periode sjelden å sjå. I seinare år har arten teke seg opp att. Kvann er ei toårig plante som veks i dei nordlige delane av Norge, Sverige, Finland, Færøyene og Island. Det fyrste året veks det berre blad, men i løpet av det andre året får den ei stamme som kan verta opp til to meter høg.

Kvann var særs viktig i tidlegare tider til medisinsk bruk og var tillagt mange eigenskapar

URTENS EGENSKAPER OG VIRKNING
Kvann er en bittersøt og aromatisk urt. Den er angitt å ha følgende egenskaper: Appetittvekkende, magesaftstimulerende, magestyrkende, slimløsende, hostelindrende, krampeløsende, varmende, nervestyrkende, urindrivende, svettedrivende, febersenkende, blodrensende, desinfiserende, antibakteriell og sopphemmende.
 
URTEN KAN BRUKES VED FØLGENDE HELSEPLAGER / SYKDOMMER
Droger av kvann kan brukes ved liten appetitt og dårlig fordøyelse, anoreksi, innvollsorm, forkjølelse, luft i magen, kolikk, hoste, bronkitt, slim, betennelser, blærekatarr, skjørbuk, dårlig blodomløp, Buergers sykdom, pest, kolera, dysenteri, revmatisme, reisesyke og blodmangel.

Gratulera Tyssedal !

Eit strålande eksempel på at det nyttar å kjempa. Det er flott å sjå at politikarane let seg påverka og kan snu i saker som har så stor betydning for eit levande bygdesamfunn.

Videreformidlar skriv til alle IAG sine medlemmer frå Cristine Taklo Schmidt i Tyssedal Tilflytterforening :

» Vi vant kampen om Tyssedal barneskole!! Det var en stund det virket umulig, men jammen klarte vi det til slutt. 
Tusen, tusen takk for all hjelp og støtte vi har fått fra Grannarlaget. Vi har merket oss at fleire medlemmer har støttet oss, gjennom sosiale media, uttalelse, oppmøte på folkemøte og oppløftende ord underveis.
Kan dere være så snill og videreformidle takk for støtten? Den har vi satt umåtelig stor pris på. Det har vært en lang kamp, og det har vært kjempeviktig for oss å vite at vi hadde flere i ryggen.
Kontakt oss når dere trenger hjelp. Vi ser verdien av levende grender, og dette må vi kjempe for. Sammen er vi sterke!
Ha en fortsatt god helg 🙂
Mvh. Christine
Tyssedal Tilflytterforening «

TERJE Storhaug-ligaen

Føyk har vunnet alle 4 kampane til no i år. Totalt skal det spelast 9 kampar. Kampane blir spelt på Aga (Skotamyr), Tyssedal, Lofthus (Hordatun) og Odda stadion. Laget sin  toppscorer er Jon Aslak Herstad med 6 mål.

Føyk 1
Arkivfoto

http://terjestorhaugligaen.com/

Påmelde spelarar (12 stk):
1. Karl Magnus Andersen
2. Øyvind Andersen
3. Jon Arne Sekse
4. Magnus Steigedal
5. Olav Eirik Børve
6. Eirik Børve
7. Jon Aslak Herstad
8. Bård Steven Vedvik
9. Runar Lutro
10. Eirik Lutro
11. Yngve Stunes
12. Eirik Opedal

 

Kontaktperson: Øyvind Andersen 
Fargar: Raud og kvit. 

http://terjestorhaugligaen.com/tabell.html

Føyk 23-2 seier mot Solnut
4-3 seier mot Harding
5-1 seier mot Røldal (Ståvo)
3-1 seier mot Tizir Tyssedal

Møte med heradet ang byggjefelt på Sekse

IAG var den 13.06 16 i møte med Ullensvang Herad angåande planlagt byggjefelt i Markastå på Sekse.

Planleggar Kent Håkull er inne i si siste arbeidsveke i Ullensvang og startar på ny jobb i Odda. Han har i samarbeid med Norconsult utarbeidd reguleringsplan for Markastå. IAG har vore så heldige og fått bistand frå Per Berge  (Berge Sag) som konsulent i denne saka. Han har kome eins ærend frå Ølen tre turar for å hjelpa oss. På denne måten har me kunna vore med og påverka prosessen. Han er ein ekta «bygdamann» som brenn for bygdane . Me er han stor takk skuldig.

Ferdig reguleringsplan skal visst alt går greit leggjast fram for heradsstyret på møte 5. September. Etter det vert planen lagt ut til 1. gongs høyring.

I planen er det lagt til rette for ein blanding av hus i rekke, tomannsbustad og einebustader. Til saman ca 15 bueinheiter. IAG er part i planen og me vil halda medlemmene orientert om utviklingen.

Frå IAG møtte tre medlemmer og Per Berge. Frå heradet møtte Kent Håkull, John Ove Rørnes og Magnus Steigedal

 

Arbeid i samband med RV13 og FV101 over Sekse.

IAG har hatt samtalar med Statens Vegvesen i lengre tid angåande diverse arbeid me ynskjer utført. Asfaltering av FV 101 i 2016 står på planen til vegvesenet. Me har i samband med det gitt beskjed om at ein fartsdump har mangla merking. Etter asfaltering vil no alle fartsdumpar verta merka på nytt.

Me har og bede om at det vert sett opp vegskilt merka Sekse på RV13 før innkøyring frå nord inn på FV101. Dette er me lova skal koma på plass.

Me har søkt vegvesenet om å få forlenga 60 km sonen frå der båthamne skal liggja og inn til starten av Seksestrekkjo. Dette har og vore eit ynskje frå bebuarane på Skutenes og verkstaden til Tord (Bjørn Svoldal), men me fekk nei i fyrste omgang. Dei vil koma attende til dette etter at båthamn er ferdig.

Me har og snakka med vegvesenet om å omgjera «rundkøyring» nedanfor Grannatun til oppmerka parkeringsareal. Dette vil i så fall koma Grannatun, badeplassen og Grannabryggjo til nytte. Det vil då kreva ein mindre reguleringsendring. IAG vil gjerne ha innspel frå folk om dei synest dette er ein sak me bør arbeida vidare med ?

Busslomme
Plassen nedanfor Grannatun som oppmerka og utvida parkeringsplass ?  Foto Karl Arvid Andersen

 

Fotogalleri

Fotogalleriet vårt er under oppbygging og me vonar at her etter kvart skal koma inn foto/forteljingar  frå indre austsio, både ny og gamal tid.

Me vil ha eit galleri med historiske saker og eit galleri frå vår tid. Berre bilete eller bilete med  ein  tekst / historie kan sendast til post@indreaustsio.no .

Ny heimeside

IAG har utvikla ny nettside og denne er publisert i dag den 02. mai, 2016

Me vil takka Bjørn H. Børve for den jobben han har gjort for IAG i samband med den gamle nettsida.

Petter Sexe Ulriksen har hjelpt oss å få i gang ny nettside. Denne vil me utvikla i takt med komande behov. I starten vil Karl Arvid Andersen vera administrator for sida med støtte av Petter S Ulriksen. Me vil la leiar eller ein representant for kvart enkelt lag revidera sin meny og aktiviteskalendar. Me vil ha opplæring av brukarane etter kvart som dei ynskjer det.