Framlegg til joggeturar/lettare turar Øvsta Sekse

 «Øykjafloten-Geiraberg» (33)

Kartutsnitt Geiraberg

Dette er alternativet tek utganspunktet i den asfalterte vegen over Sekse. Ein kan gjerne ha ungdomshuset/barnehagen eller Hovland som utgangspunkt og jogga/gå til Øvsta Sekse. Kvilebenker og ei informasjonstavla med kart er plassert like nord for starten på skogsvegen som fører til Øykjafloten, dette er ei relativt slak strekkja som lar seg jogga for mange, sjølv om den har eit par bratte parti som kanskje må gåast. 

Øykjafloten er slåtteteig og beite. Ta omsyn til dette, følg eventuelt gjerdet oppover på utsida av slåtteteigen i staden for å gå direkte over stykket.

Øykjafloten
Øykjafloten og skissering av alternativ sti for å unngå trakk på stykket

Etter kvart kjem ein over på furukledd beitemark. Følg trakket opp til ein stor stein. Spor 33 forsett vidare oppover, men ein kan eventuelt frå denne steinen følgja stien (32) som går utover til den andre traktorvegen på Sekse.

Vidare oppover spor 33 er det bratt og ein må gå. Ein går gjennom ei ny grind og tverrgjerde og tek like etterpå trakket utover. Turen utover ved Geiraberg er lett og ein rekk å få pusten tilbake før ein kjem til Svinagarden, ved enden av den andre traktorvegen på Sekse. Turen fortset så langs traktorvegen ned til den  asfalterte vegen over Sekse.

 «Geiraberg rundt» (32)

Dette alternativet tek utgangspunktet i ein annan traktorveg på Sekse, den som også er utgangspunktet for den vanlege vegen til Seksehovden (3). Frå startpunktet følgjer ein traktorvegen oppover. Den har tildels bratte parti som truleg må gåast. Frå ein markert sving i traktovegen tek ein av og følgjer ein sti innover under Geiraberg. Dette partiet er lett og kan lett joggast. Etter kvart kjem ein inn til ein stor stein der en møter ruta 33. Etter dette er sporet det same som for (33), sjå ovanfor.