Grannabryggjo tek form

Luftfoto av Espen Bukve
Grannabryggjo. Luftfoto av Espen Bukve

På årsmøtet til Grannabryggjo i Grannatun 8. mars skal me ta stilling til framdrifta i anlegget. Styret har arbeidd med 3 leverandørar av bryggjer og har landa på Marinegruppen på Tysnes. I bassenget der bølgedempar skal liggja er det lagt ut ei kanne. Bølgedemparen på 112 meter skal gå frå piren og ut til denne kanna, derifrå vert det ein arm på 40 meter vinkelrett mot land.

Det er seld ca 35 plassar hittil. Anlegget er dimensjonert for 50 plassar. Her er det berre å melda seg på mens det er ledige plassar.

Midt på biletet er det pæla i sjøen. Dette er starten på eit flott bygdeprosjekt i regi av Føyk og Indre Austsio Grannalag. Desse to laga har løyvd kr 70 000 kvar. Ytterst  over sjøen der pælane står vert det ein trekai på ca 50 m2 og innanfor den vert det eit tilsvarande landområde. Her skal det murast og byggjast. Me vil binda saman dette området med badestranda. Me vil etterkvart samla bygde til dugnad slik at så mange som mogeleg kan føla eigarskap til denne nye samlingsplassen . Benkar , grill etc vil få sin naturlege plass.

Sensasjon over Sekse

 

Drosjen til Evald Jåstad på veg over ØvsaSekse. Filmen er god reklame både for bilen og området her me bur. Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe.
350 «hestar» og nokre sauer. Drosjen til Evald Jåstad på veg over ØvstaSekse. 
Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe.

Den heilt spesielle og eineståande drosjen vart reklamefilma då han broomma seg over Sekse i fjor haust. Filmen vart lansert sist veke, og er minst like god reklame for Hardanger som for Ford.

Tekst: Johannes H. SekseFoto: Falkeblikk AS/Ford of Europe.

«Bånn gass! Bånn gass! Bånn gass!» seier treåringen som sit fastspent i baksetet på veg til barnehagen. Det er ikkje alle som har ein far som eig ein så spesiell drosje.

Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe
Her har RS-drosjen passert Hovland. Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe

Etter at Ford of Europe oppdaga bilen på Facebook, tok dei kontakt og sende deretter eit filmteam for å laga reklamefilm. Mykje av filmen er teken i nærområdet vårt – mellom Hovland og Sandstå.

Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe
Her brommar han seg oppover mot Haugen. Hovland og Kvalnes i bakgrunnen. Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe.

I ein reportasje i Hardanger Folkeblad (som hjul-fylgde fototeamet ein dag i fjor haust) fortel eigaren av «Det blå’a lynet» – Evald Jåstad (37) – at han alltid har vore interessert i rallysport. Då han fann ut at dei også laga denne bilen med fem dørar og god plass, slo han til.

Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe
….før vegen flatar ut og går nedover att mot Sandstå. Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe

Bilen: Ein Ford Focus RS med 2,3 liters motor, akselerasjon frå 0 til 100 på 4,7 sek og 350 hk – slo han til.  Dermed var han og eigar av den aller fyrste RS-drosjen i verda. I dag finst det to til – ein i Grimstad og ein i Rotterdam.

Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe
Her brommar han nesten ikkje. Sauene bryr seg lite. Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe.

Evald har mange nøgde kundar, frå hans eigen treåring  via utanlandske ungdomar på ferie, til ei Oddadame på 95. Ho spør alltid etter RS-taxien når ho har handla.

Artikkelen i HF kan du lesa her: file:///C:/Users/Asus/Desktop/2018-01-29_Hardanger_Folkeblad_-_29-01-2018_print.pdf 

 

50.000 på marknaden

Nesten 50.000 kroner kom det inn på marknaden i Grannatun sundag den 14. januar.

Leif Harald Ystanes måtte sjå høgt etter eine gevinsten sin.
Leif Harald Ystanes måtte sjå høgt etter eine gevinsten sin.

Det er Jorunn Børve som opplyser dette.

Etter at alt var talt opp – alt som var vippsa eller betalt direkte under loddsal og på bok og i form av gevinstar var overskotet på 49.096 kroner.

Kjempekjekt var det og god stemning med mykje folk.

Me legg ved ein del glimt til.

God stmening og mykje folk.
God stemning og mykje folk.
Jorunn Børve inn ut kven som har vunne på bok. Jan Sandven står klar med gevinsten.
Jorunn Børve inn ut kven som har vunne på bok. Jan Sandven står klar med gevinsten.
Kunstne til Kaari Vivelid prydar salen i Grannatun. Ei fantastisk fin ramme same kva arrangement som er her.
Kunstne til Kari Vivelid prydar salen i Grannatun. Ei fantastisk fin råme same kva arrangement som er her.

Marknadskomitéen takkar alle som bidrog.

 

Heilt stengt neste helg

 

Til alt helle fløymde Frøynesbekken over så tidleg at ein no tek høgde for flaum. Det hadde vore mykje verre om ein hadde oppdaga dette etter at snora er klippt.
Til alt hell fløymde Frøynesbekken over så tidleg at ein no kan ta høgde for framtidige flaumar. 

Riksveg 13 vert heilt stengd frå fredag 2. februar klokka 17.30 til og med måndag 5. februar klokka 05.00, melder Hardanger Folkeblad.

Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko. Men då Frøynesbekken for ei tid sidan medførde at riksveg 13 måtte stengjast, viste det seg at tverrslaget under vegen er for lite. Difor må det leggjast større røyr, som kan svelgja alt vatnet i ein flaumstor bekk.

Men i dette krevjande terrenget er ikkje det berre-berre å få til. Difor har  Statens vegvesen bestemt seg for å  stenjga vegen heilt, medan arbeidet vert gjort.

Les meir her på nettsida til HF:

https://www.hardanger-folkeblad.no/deildo/statens-vegvesen/riksveg-13/riksveg-13-vert-stengd-ei-heil-helg/s/5-22-111358

Innkalling til årsmøte IL Føyk

Onsdag 14. februar 2018 kl. 19.00 i Sekse Barnehage

Sakliste: Føyk logo

1. Godkjenning av stemmerettige 2. Godkjenning av innkallinga og saklista 3. Val av møteleiar og referent 4. Gjennomgang og godkjenning av årsmeldinga 5. Gjennomgang og godkjenning av rekneskapen 6. Gjennomgang av innkomne saker 7. Fastsetja medlemskontingent 2018 8. Budsjett for 2018 9. Val 10. Eventuelt

Saker til årsmøte skal vera innsendt til styret to veker før årsmøte. Årsmelding vert lagt ut på Føyk si Facebook side og på www.indreaustsio.no

Enkel servering