Super treningshelg på Sekse!

1

Helga 12. til 14. januar hadde me ei kjempekjekk treningshelg! Yoga fredag kveld, deretter PowerStep, Yoga og felles lunsj laurdag og til slutt styrketrening med strikk og Yoga sundag. Kjersti Føllesdal frå Bergen var ein kjempeinspirerande og flink instruktør til 22 spreke damer som var med.

(Tekst og foto: Signe Lise Børve)

3

På laurdagen hadde vi PowerStep, som er utholdenhet og styrketrening.

4

Vi fekk prøve oss på blant anna Yoga Flow (Ashtanga Vinyasa Yoga)

2

Det vart felles lunsj på møterommet etter PowerStep og Yoga.

5

Arrangert av Børve og Sekse bygdekvinnelag.

Gevinstinnsamling til marknaden

 

Grannatun skal ha sin årlege marknad sundag 14. januar frå klokka 15.00.

På marknaden skal vi ha åresal og loddsal. Dette er ein lang tradisjon og ei av dei viktigaste samkomene i bygda. Det er og viktig for å ha nok inntekter til drift og vedlikehald av det dugnadsbaserte grendahuset vårt.

Men me er då avhengig av å få inn gevinstar og gåver til åresal/loddsal frå krinsen, og håpar du vil vere med å støtte oss med ein gevinst, gåvekort eller eventuelt pengegåve?

Grannatun 2

Me vil kome rundt og ha gevinstinnsamling:

PÅ ETTERMIDDAGEN TYSDAG 9.JANUAR 2018

Om du ikkje veit kva du vil gje som gevinst kan pengegåve vere ein god ide. Då kan du til dømes gje 100 kr, så kan komiteen samle inn og kjøpe ein større gevinst.

Dykk kan til dømes overføre dette til Grannatun sin Vipps.  Vipps-nummeret er: 139467 og hugs å markere med «Til gevinst til marknaden».

Alle bidrag er av interesse!

På førehand hjarteleg takk,

beste helsing marknadskomiteen

Bilde1

Grannaveitla 2018

 

       Velkomen til GRANNAVEITLA i Grannatun på Sekse

     Laurdag 10.februar 2018bilde 1

            Dørene opnar 19:30

Underhaldning med brødrane Onarheim

Tradisjonell meny med røykjekjøt og ertesup

Kjetil Vestli spelar opp til dans

Høve til å kjøpe øl og vin m/meir

Pris kr. 400

Finn fram finstasen og treff gode grannar!

Grannaveitla i år som tidlegare vert med mat og drikke, me må av den grunn ha påmelding innan 1.februar til:

Arne Sandstå mob: 91766503 (SMS eller ring)

Tale Hauso, mob: 97041016 (facebook eller SMS)

 Påmelding er bindande!

TA TUREN TIL GRANNATUN DENNE LAURDAGEN – VEL MØTT!

Helsing frå oss i Komiteen 🙂

Honnør til vegvaktarane!

Vegvedlikehald. Svein Opedal.
Vegvedlikehald. Svein Opedal.

Vesle jolafta styrtregna det, så vatn fossa over alt. Då hadde dei ein stri tørn – mellom andre Frode Hamre og Svein Opedal – i anleggsområdet mellom Geithamren, Deildo og Djupevik.

I dag dreiv Svein og grusa vegen. Denne gongen har vegen vore betre enn på lenge. All honnør til dei!

No gler me oss til at Osten er sprengd ned og køyrd vekk – og for kvar meter med ny  eg som vert laga.

Framleis er deteit stykke att før anlegget er ferdig, men no kan det vel berre gå ein veg.

Treningshelg på Sekse 12. til 14. januar

bilde

Bygdekvinnelaget inviterer til treningshelg i gymsalen på Sekse:

Program: 

 Fredag 12.januar: 

Kl. 18.30-20.00  Yoga Flow m/hovedvekt på sittende og liggende stillinger 

Lørdag 13.januar: 

Kl. 10-11.00        PowerStep  (utholdenhet og styrke) 

Kl. 11-12.30        Yoga Flow (Ashtanga Vinyasa Yoga)  

Felles lunch etter treninga – bygdekv.laget handlar inn mat og drikke. 

Søndag 14.januar: 

Kl. 10-11.00        Styrke  

Kl. 11-12.15        YogaFlow 

 Kjersti Minde Føllesdal frå Bergen kjem og har ansvaret for treninga. Ho er ei supersprek dame som er lærar i idrettsfag på vidaregåande skule på Sotra  og instruktør på Sats treningssenter i Åsane.  

 Det er høve til å vere med på dei øktene du har lyst til sjølve.  

Ved påmelding må du gje beskjed om kva dagar/økter du vil vere med på, og om du vil ha lunch etter treninga om laurdagen. 

 Velkomen til ei inspirerande og sprek helg på Sekse!! 

PÅMELDINGSFRIST: 7. JANUAR 2018 

Påmelding til Signe Lise Børve på tlf. eller sms til 48213341 eller e-post signelb@hotmail.com 

Stille og stemningsfullt

 

Fredag 29. desember var ein fin vinterdag. Her kjem nokre glimt mellom Deildo og Sekse. Det er jolefri i veganlegget og maskinene står. Det gjer dei til 1. januar klokka 23.30 om kvelden.

dd11

Nausto.  Opprinneleg Børvenausto – staden der nausta til børvingane låg, og som vart fjerna for å gje plass til fruktlageret – som i dag er bryggeri. Huset midt i biletet, var i si tid meieri. På Nausto var det og post, telegraf og butikk. Kan henda vert det starta ny butikk her om ikkje lenge.

dd3

Lofthusbygda, Kvednarauga/Frøynes sett frå Djupevik.  Til høgre ser me vegen som er laga ned til kaien der dei har skipa ut alle overskotsmassane.

 

dd2

«Osten» eller kvitosten (nett no), er snart berre smular. 

 

 

dd1

Som små edderkoppar. Nyttig reiskap i samband med fjellsikring.

dd4

Imponerande dimensjonar over maskinane som er i bruk i Deildo-prosjektet.

dd7

Litt av maskinparken.

dd10

Stille fjord innover mot Odda.

dd13

Sola viste seg såvidt over NedstaSekse (Edlings), på veg mot ljosare tider.

Ha eit godt nytt år i vente!!!

Gateljos og fartsgrenser over Sekse

Fartsgrenser : Vil fyrst retta opp det som før er skrive  om fartsgrenser på Fv 101. Det er to generelle fartsgrenser i Norge, 50 og 80 km/t. IAG har hatt kontakt med Statens vegvesen og køyrelærar i Odda for å klara opp i den forvirring som er gjeldande.

Sekse er ikkje rekna som tettbygde strøk og dermed er den gjeldande og generelle fartsgrensa 80 km/t. Dette sjølv om vegen er ca 3 m breid og 6 av gardsbruka vert delt av  vegen som går mellom våningshus og løa. I vårt tilfelle når 30 km/t opphevast er då fartsgrensa 80.

Oppheving av 30 km/t grense i Flisabakken
Oppheving av 30 km/t grense i Flisabakken

Forbi Hovland er fartsgrensa 60 km/t. Når du køyrer inn på Seksevegen vert fartsgrensa automatisk 80. Eg har visst gått glipp av barnelærdomen. Etter at me hadde kontakt med statens vegvesen tok dei opp dette på møte og sjølv om det ikkje er kome skriftleg seiest det at den nye fartsgrensa vert 50 km/t. HURRA ! (Det burde vore lågare) På Rv 13 gjennom Tyssedal er det 40 km/t og endåtil gang-og sykkelveg.

Gateljos : Legg ved skriv frå Ullensvang Herad om tildeling av arbeidet. Når Ullensvang Herad sende søknad om midlar til fylket fekk dei Hardanger Energi til å rekna på kostnadar med  oppsetting av gateljos. Dei kom til ein sum på 2 millionar. Dette var summen  fylket tok stilling til . Ikkje veit eg kva forutsetningar som då vart brukt, men i vedlagt skriv der arbeidet er tildelt Mesta er kostnaden kome opp i 5 millionar ??? Grunnen til det er ifølge heradet at det er 80 km/t over Sekse og det fordyrar prosjektet i forhold til type anlegg som skal byggjast. Men dette burde vel vore sjekka på forhånd ??

Link frå heradet:  Vegljos Sekse