Nytt skilt på Hovland

Nytt skilt på Hovland.
Nytt skilt på Hovland.

Tekst og foto: Johannes H. Sekse

No har det kome endå eit skilt på Hovland, som viser avkøyrsla til Sekse når du kjem frå nord. Frå før står det to skilt med «Sekse» på, når du kjem frå Oddasida.

Det me har sakna, er eit Sekse-skilt ved ungdomshuset.  Noko IAG har etterlyst tidlegare. Slik det er i dag, køyrer mange som ikkje er kjende, forbi ungdomshuset og inn til Hovland. Hadde det  nye skiltet kome ved ungdomshuset, hadde ein fanga opp trafikantane som kjem frå Kinarviksida.

Det verkar litt feil at det står tre Sekse-skilt på Hovland og ikkje nokon i Sandstå. Eit forslag til vegvesenet: Ta det nye skiltet på Hovland og flytt det ut til Sandstå, så er problema løyste.

 

 

Kransalaging i Grannatun

Onsdag 29.november klokka 18.00 samlast me i Grannatun og lagar oss fine dekorasjonar til advent.

Om du har noko fint vintergrønt i hagen, er det kjekt om du tar det med. Til dømes brakje, sypress, tuja, sibirkornell, mispel og eføy er supert å bruka.

Lurt å ta med: Greinsaks og hanskar! 

Fin adventskrans som snart skal lysa opp i ventetida.
Fin adventskrans frå tidlegare kransalaging.

Bjørg B. Dvergsdal tek med seg mykje fint frå butikken som, som me kan supplera med.  Håpe mange vil koma og vera med oss.

Me kosar oss med jolebakst og gløgg/kaffi/te.

PS: Kvar enkelt betalar Bjørg for dei tinga dei brukar til sin dekorasjon. 

Arr: Børve og Sekse Bygdekvinnelag

Bjørg Børve Dvergsdal inspirerte og motiverte. Alle foto: Edel Karin E. Alpen
Bjørg Børve Dvergsdal inspirere og motivere. Alle foto: Edel Karin E. Alpen

Fartsgrense på Seksevegen

IAG har vorte oppmoda om å arbeida for lågare fartsgrense over FV 101. Har vore i kontakt med statens vegvesen. Å få nedsett fartsgrense er ein møysommeleg prosess. Det har vore ein forståing av at oppheving av 30  grense tyder automatisk overgang til 80 km/t.

Oppheving av 30 km/t grense i Flisabakken
Oppheving av 30 km/t grense i Flisabakken

Har googla litt eg og klypt ein reportasje i Trønderavisa.

" På veg sørover mot Melhus sentrum, etter lysreguleringa ved Meeggen står dette skiltet. Hvilken fart kan du kjøre i? 80? 50? 40? "
» På veg sørover mot Melhus sentrum, etter lysreguleringa ved Meeggen står dette skiltet. Hvilken fart kan du kjøre i? 80? 50? 40? «

Videre står det i teksten :

Forbudskiltet «Fartsgrense opphevet» er en luring i skiltjungelen. Her er fakta for ikke å bli lurt: Når 30- og 40-sone oppheves er den gjeldende fartsgrensa 50 kilometer i timen. Alltid. Når 50-, 60- eller 70-sone oppheves blir fartsgrensa 80. Reglene er krystallklare.

Karl Arvid Andersen

Vegljos under planlegging

Som kjent har Hordaland fylke 2 millionar kroner til vegljos over Sekse.

I dag er det ein og annan stolpe med ljos i langs Seksevegen, medan lange strekkjer er kolsvarte. No forventar ein at noko vil skje.
I dag er det ein og annan stolpe med ljos i langs Seksevegen, medan lange strekkjer er kolsvarte. No forventar ein at noko vil skje.

Mange lurer no på kva som skjer og kva tid ljoset kjem. Ikkje minst no når  haustmørkret alt har gjort sitt inntog.

I dette brevet (nedanfor) skriv teknisk sjef Helga Helleland at arbeidet må lysast ut på tilbod, men at det skal koma i gang i løpet av 2017. Så reknar me med at det snart er nokon som set spaden i jorda.

Me vil fylgja saka opp med det fyrste.

gateljosskriv frå heradet

 

Strikkekafé på Sekse

Det vert strikkekafé på møterommet i barnehagen på Sekse

strikk ill

Tysdag 10. oktober kl. 18.00.

Tysdag 7. november kl. 18.00.

Strikkekafeen 5. desember vert i vetlaløo kl. 18.00. – Om det er nokon som treng skyss ta kontakt med Signe Lise Børve tlf 48213341, så skal me ordne plass.

Arr. Børve/sekse bygdekvinnelag

Gjenstridige grindar

Lukking av grindane i liane våre har vore ei sak som ofte er oppe. Det er viktig at dette vert gjort skikkeleg grunna beitedyr .

Me var på tur i Sunndal sist laurdag. Dette er innfallsporten til Folgefonna med traktorveg/ stiar inn til bondusbreen, fonnabu etc. Det er mykje folk som går denne vegen, som går gjennom beitemarker for kyr og sau og er og eit område særdeles rikt på hjort.

Sunndal
Sunndal

Eg lot meg imponera over grindene gjennom dette utmarksområdet. Dei var solide og forseggjorde. Dei var lette å åpna og lukka. Dei minste grindene var sjølvlukkande med ein enkel patent. I våre liar har me mange grindar for både traktor og anna ferdsle. Me må vel kunna seia at grindene ofte er vanskeleg å både åpna og lukka. Av og til lurar du på kva ende du skal begynna i. Mykje streng og tau.

Grindar inn mot Bondhusvatnet
Grindar inn mot Bondhusvatnet

Me har mange lag og organisasjonar i bygde. Kanskje kunne dette vera eit godt prosjekt for samarbeid mellom  grunneigarar og bygdafolk ? Dette ville gagna ikkje minst grunneigarane.