Kjære turgåar!

 

 På oppfordring frå grunneigarane i området vårt:

Me ser positivt på at de nyttar lia og utmarka til turgåing. Men det hender diverre og for ofte at grindar og lé vert ståande opne.

kjære tur

Det fører til mykje ekstra arbeid og problem, når me må leita etter dyra våre og få dei på plass att.

Alle grindar skal difor vera lukka heile året!!

  • om sommaren for beitedyr og om vinteren for hjorten.

 

Dersom du ser sjuke dyr eller dyr som du trur er på ein stad dei ikkje skal vera, så gje melding til ein av oss.

(Kontakttelefon: 411 05 951).

Hugs og på bandtvangen!

Takk for eit godt samarbeid og GOD TUR!!!!

Grunneigarane

Skjemt og alvor i eldrelaget

Neste torsdag, den 6. april, kjem røldølen Oddbjørn Lynghammar til Sekse for å dela skjemt og alvor med dei frammøtte.

Oddbjørn Lynghammar kan laga godt pinnakjøt. Men han har også ordet i si makt, antan det er alvor eller skjemt. (Privat foto).
Oddbjørn Lynghammar kan laga godt pinnakjøt. Men han har også ordet i si makt, antan det er alvor eller skjemt. (Privat foto).

Lynghammar er månadsgjesten til Børve, Sekse og Espe eldrelag som har møte i «Grannatun». I tillegg til gjesten, vil det vanka både mat og kaffi og åresal. Laget er og invitert til eit møte i Kinsarvik eldrelag den 20. april. Det vert høve til påmelding under møtet neste torsdag. Møtet startr som vanleg klokka 16.00.

Kvass kniving i lokal kviss

Quiz- eller kviss’en etter årsmøtet i IAG, vart eit kappløp med små marginar.

Vinnarlaget.
Vinnarlaget.

Anve Tveit og Johannes H. Sekse hadde laga ein  kviss som sette både lokalkunnskap og andre eigenskpar på prøve.

I alt seks lag kjempa om fyrsteplassen. Etter to omgangar viste det seg at «Benkabyggjarane» fekk 30 poeng, som var bortimot full pott.

Like bak kom «Frysekrokjen», som fekk varmen opp i andre omgang, og enda på 28,5.  «NedstaSekse» kom på tredje med 27, «Vinnarlaget» fekk 25,5, «Borte bra men heima best», 23 og «Sekse Velforeining», 21,5. Sjokolade som premie gav truleg meirsmak.

 

Imponerande merittliste

Årsmeldinga til Indre Austsio Grannalag er ei imponerande liste over stor aktivitet.

Liear Karl Arvid Andersen, nestleiar Hildegunn Espe og resten av styret kan visa til ein imponerande innsats og mange gode resultat det siste året.
Liear Karl Arvid Andersen, nestleiar Hildegunn Espe og resten av styret kan visa til ein imponerande innsats og mange gode resultat det siste året.

Dei viktigaste sakene i 2016 har vore småbåthamn/aktivitetespark, bustadfelt, kommunereforma, avtale knytt til barnehagen og vegljos over Sekse. Her er lagt ned ein imponerande dugnadsinnsats på alle plan.

Medlemstalet auka også med 29 til  312 medlemmer ved årsskiftet. Årspengane vert framleis 100 kroner for både enkeltmedlem og heile familiar.

Anve Tveit har laga 2 nye benkar. Den eine har stått på kaien på Børve, og ein skal plasserast i eit høveleg tun på Sekse

Økonomien er på rett veg. Laget hadde vel 112.000 kroner på konto ved årsskiftet. Men store prosjekt og tilsvarande utgifter gjer at det må søkjast støtte både her og der også i året som kjem.

Inspirerte grannalaget

 

«Viss du deltek får du vera med og bestemma! Folk må ha tru på at dei skal vinna!»

Ragna Flotve
Ragna Flotve

Dette og mykje anna kom Ragna Flotve frå Landbruksavdelinga til Fylkesmannen i Hordaland inn på då ho inspirerte årsmøtet i Indre Austsio Grannalag. Ho oppmoda folk til å tenkja kreativt og konstruktivt og ha tru på eigne krefter og ressursar .

Av Johannes H. Sekse

«Levande bygder» var temaet hennar, og grunnlaget for nettopp det, er at flest mogeleg engasjerer seg.

«Antan er me med, eller så er me det ikkje», sa ho. Viss du deltek i lokalsamfunnet rundt deg, får du også vera med og bestemma. Difor hadde ho gjerne sett fleire, og ikkje minst fleire unge i salen denne kvelden. Hald fram med å lese «Inspirerte grannalaget»

Årsmøte Grannabryggjo

Det vart avhelde årsmøte i grannabryggjo i grannatun 17. mars. Fire gjekk ut av styret og vart takka av med blomar.

Det nye styret består av :

  1. Leiar       :          Terje Mala.
  2. Nestleiar :          Audun Johanson
  3. Kasserar  :          Randi Fresvik
  4. Skrivar     :          Solrun Børve
  5. Styremedlem:     Helge Hauso
  6. Styremedlem :    Inge Børve
  7. varamedlem  :    Gunnar Fresvik
  8. varamedlem  :    Karl Arvid Andersen
Piren
Leiaren i Grannabryggjo studerer fyllingen av piren. Foto : karl Arvid Andersen

Contexo og SVV er no ferdig med å fylla og fullføra sin avtale vedrørande steinmassar til båthavne. Piren er kome til endes og det gjenstår plastring. Dette vil verta utført etter at massane har stabilisert seg. Neste prosjekt i båthavne vert den landbaserte «kaien» der utliggjarane til båtane skal festast. Så vil parkeringsplassen stå for tur.

Styret er no i gang med å skaffa til veges plastringsstein og fyllmassar til dette formålet. Er det nokon som har eller veit om nokon som har steinmassar tilgjengeleg så kan de ta kontakt med Terje Mala.

Det er no 35 som har tegna seg for båtplass. Kapasiteten er på 50 plassar, så her er det først til mølla som gjeld. Det vil verta trong for dugnadsarbeid framover. Me oppfordrar dei som har lyst å bidra til dette bygdeprosjektet å ta kontakt med havnesjefen, Helge Hauso.

Godt nytt for Grannatun

Jorunn Sekse tek mot sjekk på 85.000 kroner frå Marie Opheim/Gjensidigetiftelsen.
Dette er heilt sikkert noko som vert nemnt i årsmeldinga: Jorunn Sekse tek mot sjekk på 85.000 kroner frå Marie Opheim/Gjensidigetiftelsen.

Styret i Grannatun kallar inn til årsmøte tysdag 21. mars 2017 – klokka 19.00. Dei lovar å koma med godt nytt! Og håpar på godt frammøte!

Her er saklista:

  • Godkjenning av innkalling
  • Val av skrivar/ møteleiar
  • Utlån av stolar/ bord/ dekketøy
  • Årsmelding
  • Rekneskap
  • Gåver / søknader
  • Disponering av gåve til Grannatun.
  • Oppsummering kjøkken / dugnad
  • Val
  • Plan for drift av huset
  • Nøklar, oversikt
  • Vaktkurs for å arrangere festar i Grannatun
  • Ymse

Enkel servering!

 

Møt opp i kveld!

Sidan IAG (Indre Austsio Grannalag) vart skipa, har styret og undergrupper, mellom anna Grannabryggjo, fått utretta enormt mykje.

Hildegunn Espe, Karl Arvid Andersen og Irèn L. Knutsen.
Styreleiar Karl Arvid Andersen likar ikkje å stikka seg fram, men har fått utretta svært mykje saman med gode støttespelarar som mellom anna desse to styremedlemmene Hildegunn Espe  og Irèn Lunde  Knutsen.

IAG har vorte den paraplyen det var tenkt å verta. Ynskjer du å vera med og påverka det som skjer i krinsen vår, er det viktig at du både møter opp i kveld! og melder deg inn.

Medlemsskapen er rimeleg – ein hundrelapp for heile familien!!!

Møt difor opp i kveld!!

 

Klar for kviss, klapp og kveik

I morgon, fredag, KLOKKA 18.00!!  er det som tidlegare meldt, tre gode grunnar for å møta opp i «Grannatun» – Ragna Flotve, årsmøte i IAG og kviss med kveik av ymse slag.

grannatun

Ragna ragna2vil fortelja oss om kva dei gjer i ein del andre grender, kva moglegheiter ein har med meir. Ho arbeider no i Landbruksavdelinga til Fylkesmannen i Hordaland, og kjem opprinneleg frå Trones.

Deretter vil Indre Austsio Grannalag avvikla ordinært årsmøte, før kvelden vert runda av med quiz – eller kviss. Denne gongen utan tema, men med spørsmål som dreiar seg om krinsen vår både no og før.

Anve Tveit og Johannes H. Sekse har laga dei 30 spørsmåla – som vert stilt i to omgangar, med pause mellom. Kvart deltakarlag skal telja 6 personar. Premie til beste lag.

Vinnarlaget i fjor, saman med quizmakarane. Foto: Jorunn Sekse.
Vinnarlaget i fjor, saman med quizmakarane.
Foto: Jorunn Sekse.

Styreleiar Karl Arvid Andersen opplyser elles at det er kjøpt inn både vått og turt – både frå Børve og byd’n. Kakebakinga er og under god kontroll, slår han fast.

Og skulle du vera kontantlaus, er det ikkje lenger noko problem. Ta med bankkortet og dra det. Arrangøren har nemleg skaffa seg kortlesar.

Dermed er det berre å ynskja velkomne til alt og alle.

Sel øl som hakka møk

Petter Sexe Ulriksen og Magne Eivind Moe med påskeølet.
Petter Sexe Ulriksen og Magne Eivind Moe med påskeølet. Og i bakgrunnen sydar det meir «Deildo» som skal vera klart omlag midt i april.

Det nye Børve-ølet «Deildo» vart selt ut på rekordtid. No er Hardanger Handbryggeri klar med påskølet sitt.

Av Johannes H. Sekse

Med seks basis-sortar i botn, (Tyst, Spøkje tyst, Haarteigen, Bek og Kodnøl) og tre sesongøl (Potlaskatt, Deildo og Påkekrim i 5773), har det nye bryggerieventyret på Børve skote bortimot prepåskekriminell fart.

«Deildo» kom som ein salve på veganlegget med same namn – og forsvann.

«600 flasker var vekke på fire dagar», seier ein av ølgründerane, Petter Sexe Ulriksen, til IAG.no. «Bunnpris» – eller Handelslaget på Lofthus – selde til dømes ut 120 flasker på to dagar.

Ulriksen trøystar dei tyste med at i dag, torsdag 9. mars, laga dei ei ny koke med dette ølet, som er inspirert av rassikringprosjektet mellom Børve og Lofthus. Det vil vera klart i midten av april, seier han. – «Ølet altså». Vegopninga må venta litt til.

I mellomtida har dei derimot alt lansert påskeølet sitt. Dette er ein APA- (Amerikansk) type, raud på farge og litt mildare humla enn ein typisk IPA.

–  Påskeølet vårt passar glimrande til t.d. spekjemat frå Spansteigen og grillmat – gjerne  rett i solveggen.

Og medan du sit der og slikkar påskesol, kan du snu flaska og lesa på etiketten. Oppmodinga er kort og godt: «Skriv ein liten påskekrim, basert på stikkorda der». Ølet har kort og godt fått namnet  «Påskekrim på 5773», og er alt no ute i alle butikkane i Ullensvang, nærbutikken i Tyssedal og Skarsmo – og på bryggeriutsalet på Børve.

påske2I tillegg til eigne produkt, sel dei også varer frå andre lokale produsentar som spekepølse frå Spansteigen gard og saft frå «Hardanger Eple» (biletet til høgre).