Kinderegg på Sekse

Ragna Flotve, årsmøte i IAG og pub med svært lokal quiz. Det er tre gode ting i ein og same pakke. Og det skjer i Grannatun på Sekse, fredag 10. mars kl. 18.00.
ragna2
Ragna Flotve har brei kompetanse gjennom utdanning, leiarerfaring, politisk engasjement, styrearbeid, nettverksbygging og frivillig organisasjonsarbeid.
Fredag 10. mars klokka 18.00 kjem ho til Sekse og skal snakka om LEVANDE BYGDER.
Ragna er tilsett ved landsbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland. Ho vil fortelja om ulike tiltak og ordningar, om kva me kan få til i krinsen vår, kva me kan få hjelp og støtte til og kva andre bygder har gjort.
Ragna kjem opprinneleg frå Trones ovanfor Grimo, og var ein periode aktiv i lokalpolitikken i Ullensvang.
Etter ho vert detcropped-logo-1-e1479582951323.png vanleg årsmøte. Saker som ein ynskjer opp på møtet, må styret ha innan 8. mars.
Til slutt avrundar ein kvelden med
EIN SVÆRT LOKAL QUIZ – og pub. Styret vonar på godt frammøte og ein god grannedrøs. Her kan ein kombinera det nyttige med hygge.

Nytt om vegljos

I dag er det ein og annan stolpe med ljos i langs Seksevegen, medan lange strekkjer er kolsvarte. No forventar ein at noko vil skje.
I dag er det ein og annan stolpe med ljos i langs Seksevegen, medan lange strekkjer er kolsvarte. No forventar ein at noko vil skje.

Etter møtet i Grannatun tysdag, sa ordførar Solfrid Borge til styreleiar i IAG, Karl Arvid Andersen, at det no skal vera fylkeskommunale midlar til det etterlengta, og topp-prioriterte vegljoset over Sekse.

Ho skulle ta det opp med partikollega og leiar i samferdsleutvalet i fylket, Nils Bjørke.

SISTE!

Redaktøren fekk i dag spørsmål om Ullensvang herad har pengar til prosjektet. Det er viktig å vera klar over skilnaden på kommunale ogfylkeskommunale – og for den saks skuld – riks-vegar.

Vegane i Flisabakken er kommunale – altså eigd og drivne av Ullensvang herad. Her er dei også ansvarlege for vegljoset.

Seksevegen er fylkeskommunal. Det er altså Hordaland fylkeskommune som eig han, og det er dei som skal betala for det vegljoset det er snakk om no.

Heradsstyret prioriterte for eit par år sidan, Seksevegen heilt på topp mellom fylkeskomunale tiltak i kommunen. Men det er altså fylket som skal betala. Og det er der det no skal ha dukka opp pengar som kan brukast til føremålet.

 

Massetransport Grannabryggjo

Imorgo torsdag startar Contexo å transportera massar til Grannabryggjo med lastebil frå Deildo. Dei har fått dispensasjon frå SVV og vil nytta stengningsperioden til transportering med bil.

Markatå sett mot nord.  Lektaren Mikael 1, har nett tømt eit lass der det skal verta småbåthamn. Informasjonsmøtet om bustadfelt, skal haldast i Grannatun til høgre.
Lekteren vert no erstatta av lastebilar

I kveld kom gravemaskina på plass. Dei vil laga seg veg frå plassen som septiktanken ligg på og sørover mot piren. Så no håpar me snart på at byggverket vårt bryt vassflata.

 

«Dette er noko me skal få til!»

møte1

«Dette er noko me vil og skal få til! Sa ordførar Solfrid Borge då Ullensvang herad og Indre Austsio Grannalag (IAG) inviterte til møte om reguleringsplan for bustadfelt i Markastå på Sekse tysdag kveld.

Av Johannes H. Sekse

Ordføraren hadde med seg planleggjar Randi Karin Tveit, teknisk sjef Helga Helleland og rådmann Magnus Steigedal. I tillegg hadde ei handfull heradsstyrepolitikarar og funne vegen til Grannatun.

randi

Tveit (biletet) gjekk innleiingsvis gjennom planforslaget, som no er lagt ut til fyrste gongs høyring og offentleg ettersyn.

«No er det mogeleg å påverka, seinare er det verre», sa ho og oppmoda dei rundt femti personane som hadde møtte fram, og alle andre, til å koma med innspel.

Bandlagt areal

 Fristen er sett til 24. mars. Men fylkeskommunen har bede om utsett frist til mai. Noko både salen og til og med ordføraren var sterkt kritiske til, fordi det vil seinka saksgangen kraftig.

«Dei skulle alt ha hatt nok tid» og «Kor mange gonger er ikkje denne jorda snudd før?» sa Borge, med adresse Hordaland fylkeskommune og Riksantikvaren. Sistnemnde er den einaste som kan gje dispensasjon frå kulturminnelova. Og det må gjerast om det skal kunna verta byggjefelt her.

Ein million ekstra

Eit bit av det planlagde arealet er nemleg bandlagt fordi ein skal ha funne restar etter mennsekaktivitet frå bronsesladeren. Alternativt må området gravast om att ein gong til. Det var stor semje i salen om at kostnaden til dette, på rundt ein million kroner, ville vera totalt bortkasta. Pengane burde heller ha vore brukt i sjølve planen, vart det sagt.

–  Eg skal i alle fall ta det opp med både fylkeskommunen og Riksantikvaren, sa Borge.

Viktig å halda trykket

 «No har de venta i svært mange år, så no må trykket haldast vidare for fullt!»

berge

Per Berge frå Berge Sag i Ølensvåg (biletet), har arbeidd med reguleringsplanar i ein mannsalder. Han kan lov- og regelverk og prosessane ut og inn, og korrigerte både dei kommunale planleggjarane, ordføraren og tilhøyrarane. Og mana til å stå på.

Berge meinte at planen for Markastå er fleksibel og tiltalande, slik at folk kan velja ulik byggjestil og anna. SIdan planen er både liten og enkel, bør Markaståfeltet kunna vera byggjeklart i september, meinte han.

I gang med forhandlingar

 Både Berge og andre var overraska over at ikkje heradet alt hadde sett i gang forhandlingar med grunneigarane. Noko både ordføraren og teknisk sjef, Helga Helleland sa dei skulle ta tak i no.

«Og så må de laga ein truverdig og konkret framdriftsplan», oppmoda Berge.

For ein del år sidan vart det levert inn nesten 40 underskrifter frå unge par og einskildpersonar som ynskte å flytta heim og få byggja i krinsen, til rådmann og ordførar.

Vil ha noko konkret

 I 2012 stod ordføraren i det samme lokalet som no, og proklamerte: «No skal de få byggjefeltet dykkar!» Det skjedde det ikkje særleg anna enn at skulen vart lagd ned.

Ein del unge hadde funne vegen til Grannatun, men det kunne ha vore langt fleire. Det kan ha fleire forklaringar. Men mange har nok vorte skuffa over at det har teke så lang tid som det har gjort. Eller som han sa det, leiaren i Indre Austsio Grannalag, Karl Arvid Andersen:

«Dei unge vil ha noko meir konkret før dei vil binda seg. Men dei kjem nok.»

Flotte tomter og kort veg

 Det er IAG som har drege prosessen i gang att. Men i motsetnad til mange gonger før, er heradet langt meir villig – og med i prosessen no. Difor ligg alt til rette for ein relativt rask prosess vidare.

Ikkje minst etter at Solfrid Borge runda av med å trekkja fram både kor utruleg flotte tomer det vil verta i Markastå og at ein mellom anna har kort veg til Odda, det nye kommune- og regionssenteret om nokre få år.

Fyrst av alt no, er det viktig at alle som meiner noko om planane, kjem med innspel. Etter fristen 24. mars, er det for seint.

 

 

 

 

 

IAG minner om møte

Indre Austsio Grannalag minner om møtet i Grannatun i morgon kveld – tysdag 28. februar kl. 18.00!!!!

Description: Foto: Johs H. Sekse 190109 Tone Tveito Eidnes, t.v. rådmann i ullensvang ordførar Solfrid Borge Petter Sexe Ulriksen Overrekking av underskrifte vil busetja seg i Seksekrinsen Øvre Børve innover mot Sekse Sørfjorden Photographer: Place: State: Country: Provider:
Foto: Johs H. Sekse/Hardanger Folkeblad, 19. januar 2009. Tone Tveito Eidnes, t.v. dåverande rådmann i Ullensvang og ordførar Solfrid Borge får overrekt 35 underskrifter frå unge som ynskte å busetja seg og byggja i Seksekrinsen.  Petter Sexe Ulriksen var avsendar. Øvre Børve innover mot Sekse Sørfjorden.  Tysdag kveld vil det visa seg om interessa framleis er like stor. Saka har i alle fall aldri vore nærare ei løysing.

Det gjeld framtidig busetnad i og styrkinga av Seksekrinsen. Her vil du få svar på det meste, antan du ynskjer å byggja eller er interessert av andre grunnar.

 

Eit nytt fjell på Sekse

Grannabryggjo tek form !

Mange har sett Mickael flytta ein del av Deildo til båthavne på Sekse. No hadde me lyst å sjå det nye undervannsfjellet som skal verta ein pir i den nye båthavne på Sekse.  Tor Olav Tveit og Christian Fjellheim stilte opp for oss med dykkarutstyr. Dei har tidlegare vore og inspisert sjøledningen frå septiktanken. Fantastisk positive karar !

Klargjering til dykk
Påkledning av dykkarutstyr
I vatnet
Tor Olav og Christian på veg i vatnet

Dei gleid ned i vatnet og berre luftboblene som flytta seg rundt i området avslørte kor dei var. Tor Olav stakk hovudet opp og sa  : Fyllingen er 2 meter under meg. Dei inspiserte begge sider, toppen , og sidene ned mot bonn. Christian var nede på 35 meter ytterst, då vart det så dårlig sikt at han kom opp att. Det var og sterk straum rundt fyllingen.

Korleis ser det ut ropar eg  ?  Det ser bra ut. Toppen er 4-5 meter breid og ytterste delen (kanten)ca 50 m frå strandlinja. Fyllingen ser veldig kompakt ut. Ein blanding av stein, grus og morenemasse. Det er eit nedsøkk i sentrum av piren. Det ser ut som lekteren har subba heilt ut. Christian syns han såg malingen frå Mickael i toppen. Ifølge dykkarane ser piren ferdigfylt ut. No står det berre att å få piren opp 2 meter over sjøen. Dette skal gjerast med gravemaskin, som skal byggja opp frå land og arbeida seg utover.

Dei har teke film av fyllingen som me vonar å få lagt ut. Tusen takk til begge to. Dei ville ikkje ha betaling, men dei er herved invitert til IAG sin pubkveld i Grannatun 10. Mars. (vert annonsert)

Same rutene som før

Både båtruta og dei utvida ferjerutene vert som sist, når Riksveg 13 på nytt vert HEILT STENGD mellom Børve og Lofthus frå natt til måndag 27. februar.

båt2

Båtruta og dei utvida ferjerutene vert akkurat dei same som sist vegen var stengd, melder Hardanger Folkeblad i dag, onsdag 22. februar.

Statens vegvesen valde å gje ny tillit til Rødne Fjord Cruise i konkurranse med to andre tilbydarar.

Stengjinga er varsla for fem veker. Det vil seia ut mars månad. Og denne gongen klarar dei truleg halda den fristen.

Rutene finn du her: Ruter

Statens vegvesen har eit system som gjer det vanskeleg å få med Børve på ljosskiltet deira i Odda. Der står det difor Hovland – Lofthus.

Dette er sterkt misvisane for dei som ikkje er kjende, og visstnok umogeleg å retta opp.

Som lokal-«avis» vil me difor presisera at den fysiske vegstengjinga gjeld frå Rosten, der vegen tek av til Øvre Børve, og til Geithamrane eit par km sør for Lofthus sentrum. Så får me håpa at store utanlandske køyretøy slepp å rygga langt utatt om dei ikkje har fått med seg at vegen er stengd, og at dei som bur på NedreBørve, slepp vera trafikkdirigentar for semitrailerar som mildt sagt er på vidvanke.

På Børve – eller Nausto – vert det parkering som sist, men det er oppmoda om å IKKJE parkera der bussane skal snu og stå.

 

På informasjonsbåt3
møtet som vart halde for nokre veker sidan, vart vegvesenet oppmoda om å sikra kaien mot sjøen der både skuleborn og andre må passera når dei skal med og av båten.