Lag og organisasjonar i Indre Austsio har fått ny avtale med Ullensvang Herad vedrørande bruk av ute- og inneareale. Me meiner dette er ein god og framtidsretta avtale både for heradet og Indre Austsio.
Det vart helde møte i grenda sitt rom i barnehagen.
Frå Heradet møtte Magnus Steigedal, Inger Sekse og Rørnes
Frå grendene stilte 17. mai komite, Sekse og Børve Bygdekvinnelag, 4 H, IAG og Føyk.
På budsjettmøtet til heradet 17.11.2015 vart det vedteke å løyva pengar til å utarbeida reguleringsplan for Markastå. Reguleringsplanen skal vera ferdig før sommaren
Føyk har vore så heldige å få tildelt kroner 20 000,- til klatreutstyr av Sparebanken vest.
Frå tildelingsbrevet:
«Vi har gleda av å fortelje at vi har vurdert søknaden dykkar og er komme til at tildeling til nettopp dette prosjektet eller denne ideen fell innanfor kriteria og formåla med den allmennyttige verksemda vår.
Hovudmålet for det lokale engasjementet vårt på Vestlandet er at vi saman med dykk kan skape verdi for framtida i tråd med kjernen i sparebanktradisjonen, som vi har vore ein del av sidan 1823.
Vi har gleda av å stadfeste at vi har tildelt ei gåve på kroner 20 000,00 som er oppgitt skal brukast til dette formålet: ‘Klatretustyr’. Beløpet vi har tildelt kan berre brukast til det nemnde formålet.
Kinsarvik, 09.07.2015
Via Ferrata ni Tyssedal
Med vennleg helsing
Øyvind Stueland
Avdelingsbanksjef
Sparebanken Vest, Odda/Kinsarvik»
Føyk ynskjer å takka for gåva og kan samstundes melda at pengane allereie er brukt til innkjøp av klatreutstyr. Den fyrste tida framover går med til å laga klatreruter i nærmiljøet. Vonaleg får me full glede av utstyret til våren.
Som de kanskje veit har Føyk leikt seg i bratta tidlegare. Øvste bilete er frå ein familiedag i Tyssohallen og klatreveggen der. Nederste bilete er frå ein Føyk tur på Via Ferrata i Tyssedal nokre år tilbake.