Trimkarusell 2016
Trimkarusell
19.05.2016
Føyk inviterer til den tradisjonelle trimkarusellen på grusplassen.
Hald av dagane:
19. mai klokka 18.00
24. mai klokka 18.00
29. mai klokka 15.00
For meir informasjon klikk her -> Trimkarusell Sekse
Ny avtale Sekse Barnehage
Lag og organisasjonar i Indre Austsio har fått ny avtale med Ullensvang Herad vedrørande bruk av ute- og inneareale. Me meiner dette er ein god og framtidsretta avtale både for heradet og Indre Austsio.
Det vart helde møte i grenda sitt rom i barnehagen.
Frå Heradet møtte Magnus Steigedal, Inger Sekse og Rørnes
Frå grendene stilte 17. mai komite, Sekse og Børve Bygdekvinnelag, 4 H, IAG og Føyk.
Kveldsmattur
Føyk inviterer til kveldsmattur for dei minste tysdag 26. april på Espe klokka 17.00. Sjå vedlagd fil med meir info. Kveldsmattur vedlegg
Ny heimeside vert publisert 2. Mai
Me startar opp ny heimeside den 2. mai.
Alle brukarar av sida, lag og organisasjonar, vil få tilgang til aktivitetskalendar og endring på sin meny.
Kontigent 2016
Kontingenten i år
15.04.2016
Sjå vedlagd fil med informasjon om kontingent og betaling.
Veldig viktig at me får tilbakemeldinga som går på fødselsdato etc, dette treng me i samband med idrettsregistreringa::
Før- og etternamn
Kjønn
Fødselsdato (ikkje berre årstal).
Adresse og postnummer
e-post adresse
Tlf.nr (helst mobil)
Det ovanforståande gjeld for heile familien. Dersom ikkje barna har mobil eller e-post, oppgje dykkar eigne.
Send tilbakemeldinga til foykil@gmail.com
Sjå vedlagt skjema : Kontingent 2016
Grannabryggjo
Det har vore møte mellom IAG, Føyk og Grannabryggjo.
Det vart der diskutert den framtidige utnyttinga av landarealet / aktivitetsparken. Dette ligg litt på sida av båtlaget sin tradisjonelle aktivitet.
Det vart sett ned ein komite på 3 personar frå styra i dei respektive lag. Dei skal arbeida for og mot prosjektering av dei planlagde bygg i området.
Anve Tveit frå IAG, Geir Olav Guddal frå Føyk og Magne Eivind Moe frå Grannbryggjo.

Endelig bustadfelt
no gjekk det i boks…
På budsjettmøtet til heradet 17.11.2015 vart det vedteke å løyva pengar til å utarbeida reguleringsplan for Markastå. Reguleringsplanen skal vera ferdig før sommaren
Dette er eitt nytt innlegg
Hei, verden!
Velkommen til WordPress. Dette er ditt første innlegg. Rediger eller slett det, og start bloggingen!