Kontigent 2021

Prosjekt 2021

Gode sambygdingar!

Me har lagt bak oss eit år med lite aktivitet,  Korona har lagt ein dempar på alt og alle.

Men no har me byrja å livna til att. Bryggja vår i Markastå har vorte ein suksess. Unge og gamle har funne ein ny samlingsplass. No går me eit steg vidare.

Me skal setja opp stupebrett , designa og bygd av Bjørn Terje Svoldal.  Føyk har fått midlar til bygging av gapahuk og eldstad til grilling. Me er i gang med prosjektering og innhenting av prisar.

Me har og starta å setja opp nye grinder, blant anna på veg ut til posten Storelvi i Liatravaren. Me har og lyst å fornya navneskilta i liene. Dei gamle byrjar å verta sletne.

Føyk har skaffa midlar og IAG bidreg med montering. Samarbeidet med Føyk er framifrå !!

Me vil og søkja om midlar frå stiftelsar etc. All støtte går til bygdeutvikling.

IAG er ei partipolitisk uavhengig foreining som skal:

* Fremja tiltakslyst i bygdene slik at det er ein triveleg stad å bu.

* Vera eit talerøyr og høyringsinstans i saker som rører ved lokalsamfunnet sine interesser.

* Arbeide for auka  busetjing i bygdene. Dette vil me setja meir trykk på no.

* Arbeide for å fremja næringsutvikling i bygdene.

* Koordinere og gje oversikt over aktivitetar i bygdene.

Eindel medlemmer har ramla bort siste året. Vonar att men no kan gjera eit krafttak for å auka medlemsmassen både innanbygds og utanbygds.  Alle med tilknyting til Krinsen er velkomne. Dess fleire me er til sterkare står me. Me treng dykk alle. Medlemskontingenten er uforandra kr 100,- pr husstand for 2021. Skriv i merknadsfeltet namna på alle i husstanden når de betalar/vippsar e.l.  Giro på under !

Sjå elles heimesida vår for oppdatering på prosjekt og aktivitet: http://indreaustsio.no/

Me tek imot tips og idear til saker me kan arbeide med. Hugs at me vil arbeida for heile krinsen vår. Me er då avhengig av innspel frå alle bygdene våre. Ta gjerne kontakt med oss i styret:  Espen Bukve, Audun Kvalnes, Hallvard Eriksen, Åsmund Sekse ,Grethe L. Børve og Karl Arvid Andersen

Vennleg helsing IAG

Eller vipps til IAG sekse. # 519186.. IAG er og godkjent Grasrotmottakar i Norsk Tipping visst du vil støtta oss der !..

Gapahuk på Grannabryggjo

Inntegna Gapahuk

Føyk har fått Kr. 40 000,- i støtte i frå Ullensvang Kommune til å byggja ein Gapahuk og ildstad i samband med denne på Grannabryggjo.

Føyk har bede IAG om hjelp til å utføra arbeidet med dette. Me hadde befaring på byggja i kveld. Me vart einige om utforming og har sett opp materialliste og vil gå til innkjøp av nødvendig materialer og utstyr. Me treng fagfolk til utføring. Når materialar er på plass vil me invitera til dugnad.

Ein stor takk til Føyk med leiar Bente Svoldal i spissen som er aktive og flinke til å skaffa midlar til desse flotte prosjektene som fremjar utvikling i krinsen vår.

Årsmøtereferat IAG

ÅRSMØTE

INDRE AUSTSIO GRANNALAG

TYSDAG 11.MAI KL. 19.00
Teams

Tilstades: 4 medlemmer av laget

Referat:

  1. Valg av ordstyrer, referent & underskrivar.
    Vedtak:
    Espen Bukve vart valgt som ordstyrar, Halvard Torget Eriksen var valgt som referent, og Bjørn Terje Svoldal & Grete L. Børve vart valgt til å undertegna referat.
  2. Godkjenning av innkalling & saksliste
    Vedtak:
    Innkalling og saksliste vart godkjent.

  3. Årsmelding
    Vedtak:
    Ordstyrar las opp årsmeldinga, og orienterte om året som har vert.

  4. Reknskap
    Vedtak:
    Ordstyrar orienterte om regnskap for 2020.

  5. Val
  6. Desse var på val:

Vedtak:
Nytt styre vert:
Styreleiar: Karl Arvid Andersen, 1 år som leiar
Nestleiar : Audun Kvalnes, 1 år igjen i styret
Kasserar : Espen Bukve, 2 år i styret
Skrivar : Halvard Torget Eriksen, 1 år igjen i styret

Styremedlem: Åsmund Andersen Sekse, 2 år i styret (NY)
Varamedlem: Grethe Lingjerde Børve, 1 år i styret

  1. Kontingent
    Vedtak:
    Kontingent forblir på samme nivå, kroner 100,-

  2. StyreWeb
    Vedtak:

Det vart vedtatt å prøve 1 år med bruk av StyreWeb for arkivering av dokumenter, medlemslister og føring av reknskap.

  • Innkomne Framlegg
    Vedtak:

Det var ingen framlegg til årsmøtet.

Bjørn Terje Svoldal                                                            Grete Lingjerde Børve

______________________                                             _______________________

Grindagutane

Grus frå Tomas G. i grinde mellom Reidar og Tomas sin hage

Føyk har kjøpt inn to nye grinder på vegen til Storelvi, gjennom hagande til Reidar-Tomas-og Jon Arne Sekse.

I dag sette me dei opp. Dei var veldig greie å montere. kanskje ein burde satsa på fleire andre stader i liene våre.

Me var nere hjå Tomas G. Sekse og fekk oss ei traktorskuffa med singel som me brukte til å laga da litt betre å gå gjennom grindene. Ivar har sendt hesten sin til austlandet så me måtte vera hest sjølv. Me bar nokre bytter med grus også til siste grinde.

Her lyt ein vera hest sjølv
Ny grind inn i Jon Arne sin hage

Føyk er kjempeflinke som brukar pengar til gode formål for alle. Både ved sjøen, liene og i gymsalen.

Godt samarbeid mellom Føyk og IAG !!

Årsmøte Indre Austsio Grannalag

Det vert kalla inn til årsmøte i Indre Austsio Grannalg via Teams

TYSDAG 11.MAI KL. 19.00

Grunna Covid-19 vert årsmøtet gjennomført på Teams – trykk på linken som er lagt ved innkallingen litt før møtestart.

Om du ikkje har Teams-programmet på datamaskinen, får du valget om å være med på møtet via nettlesaren når du trykker på denne linken.

Er du usikker på korleis det fungeret – så ta kontakt, så hjelper me med dette.

Det vil bli mulig å møte opp fysisk på Espe Grendahus, og følge møtet her.

Ynskjer ein å møte opp fysisk, må ein melda seg på innen mandag 10.mai.


Påmelding:
espen@ebukve.no
mob. 90790749

Saker som ein ynskjer å ta opp, må være sendt inn til styret innen mandag 10.mai

Saksliste:

  1. Valg av ordstyrer, referent & underskrivar
  2. Godkjenning av innkalling & saksliste
  3. Årsmelding
  4. Reknskap
  5. Val
  6. Kontingent
  7. StyreWeb
  8. Innkomne Framlegg

Link til Teams ;

Innkalling til årsmøte

Til medlemmane i IL Føyk                                                                               

Innkalling til årsmøte i IL Føyk

Styret kallar inn til årsmøte i IL Føyk tysdag 16.februar klokka 19.00.

Møtet er berre ope for styret grunna koronarestriksjonar. Men om du ønskjer å vere med, så må du melde deg på førehand og delta via Teams.

Saker som eit medlem ønskjer skal bli tatt opp på årsmøtet, må bli sendt styret seinast 1.februar til foykil@gmail.com.

Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast ei veke før årsmøtet på IL Føyk på Facebook og på http://indreaustsio.no/category/foyk/.

For å ha røysterett må medlem ha fylt 15 år, vore medlem av idrettslaget i minst ein månad, og ha betalt kontingenten. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om røysterett, forslagsrett mv., sjå idrettslagets lov § 5 til § 8.


Velkomen til årsmøte!

Med venleg helsing

styret

                                                                      

Hjartestartar

Me har utsett kurs i bruk av hjertestartaren vår, som står på ytterveggen i Grannatun, på grunn av covid 19.

Men Ole Johnny Bukve (leiar av ambulansestasjonen i Odda) som skal halda kurset, meiner at me no kan starta å planlegga kurs i mindre grupper. Espen Bukve, leiar IAG, vil i samarbeid med lag og foreningar prøva å tilrettelegga for kurs.

På Apotek 1 ligg det ein video som viser bruk av den hjartestartaren me har. Følg link : https://youtu.be/8bkdSCZLQzk eller video under.

Hjartestartaren vår er registrert på 113.no og vil vera synleg for hjelpepersonnell om ein ringjer 113 for hjelp