Fjordaturen med MS Lindenes vart avlyst, men turen til Oksen vart likevel gjennomført. Me tok oss til Tjoflot med privatbilar.
Etterkvart kom me alle opp til varden på Oksen og samla oss til gruppebilete:
Vêret var strålande og utsikta til alle kantar framifrå. Her er eit gruppebilete teke innover mot Eidfjord og med Hardangerbrua som bakgrunn:
Vegen ned att gjekk til Djønno der vi hadde ein bil ståande. Fjorten stykk var med på turen.
–Alle var samde om at det hadde vore ein fin tur!