Dette kortet vart funne under ei opprydding i gamle papir her på garden. Det har ikkje årstal, men er frå ei tid då dei skreiv jenter med «g», og medlemmmene i «Føyk» tydelegvis berre var gutar.
Invitasjon til årsmøtefest i Føyk – for ein del år sidan.
Den som vert invitert, kan ta med seg ei «gjente» – men ikkje gut. I tillegg stengjer dørene klokka halv ti.
I dag er det stort sett berre jenter i styret til «Føyk». Men aktiviteten er slett ikkje dårlegare enn den gongen då dette kortet vart laga. Heller det motsette.
Nett no er det styreleiaren Brit Ulriksen som inviterer til årsmøte:
«Minner også om årsmøte 24. januar kl 19.00 i Sekse Barnehage. Velkommen:) Årsmelding og inkalling er også på www.indreaustio.no »
Då kan du koma åleine – eller gjerne ta med deg fleire – av begge kjønn!!
HUGS «FØYK»-REFLEKS!!!!