5. mai er nasjonal strandryddedag.
Som me har sett i fleire TV programmer seinare tid flyt det av bos og plast i sjø og på strender.Plasten tek livet av tusenvis av fuglar og pattedyr. Lat oss gjera vår skjerv til å rydda opp på strendene våre.
IAG har fått spørsmål om me vil organisera ein ryddedugnad. Og det vil me sjølvsagt vera med på.
Me treng mange frivillige for å få gjort jobben. Ryddeområdet vårt vert frå Deildo til Skjeldås. Fleire detaljer vil koma, bl.a. kor de kan melda dykk på.