Justering solcelleljos
Marit Ystanes i Ullensvang kjem her med litt informasjon / status på gateljos :
» Me må gjere nokre endringar på innstillinga på Solcellemastene. Mastene har eit for stort forbruk i forhold til produksjon. Leverandøren trur at det skuldast at bevegelsesensoren vert trigga unødig. For å redusere risikoen for at lampane sløkkjer seg vil me i ein periode skru av bevegelses sensoren. Fylgjande innstilling vil gjelde i ei tid framover: Lysa vert tent når det mørknar og lyser i 7 timar (dvs til rundt kl 23). Dei vil vera sløkte på natta og tenna igjen rundt kl 6. Leverandøren jobbar med å finne løysing som gjer bevegelses sensoren mindre sensitiv, og dei fylgjer godt opp for at mastene skal fungere optimalt.
Dersom de ser master som ikkje lyser, send gjerne sms til Marit på 926 82 815.
Me ynskjer alle ei Riktig God Jul og eit Lysande, Godt Nytt År!
Beste helsing Ullensvang herad, v/Marit