Som kjent har Hordaland fylke 2 millionar kroner til vegljos over Sekse.
Mange lurer no på kva som skjer og kva tid ljoset kjem. Ikkje minst no når haustmørkret alt har gjort sitt inntog.
I dette brevet (nedanfor) skriv teknisk sjef Helga Helleland at arbeidet må lysast ut på tilbod, men at det skal koma i gang i løpet av 2017. Så reknar me med at det snart er nokon som set spaden i jorda.
Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. .
Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.
Sjå alle innlegg av Johannes H. Sekse