
Barne- og ungdomstrening

Til medlemmane i IL Føyk
Innkalling til årsmøte i IL Føyk
Styret kallar inn til årsmøte i IL Føyk tysdag 16.februar klokka 19.00.
Møtet er berre ope for styret grunna koronarestriksjonar. Men om du ønskjer å vere med, så må du melde deg på førehand og delta via Teams.
Saker som eit medlem ønskjer skal bli tatt opp på årsmøtet, må bli sendt styret seinast 1.februar til foykil@gmail.com.
Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast ei veke før årsmøtet på IL Føyk på Facebook og på http://indreaustsio.no/category/foyk/.
For å ha røysterett må medlem ha fylt 15 år, vore medlem av idrettslaget i minst ein månad, og ha betalt kontingenten. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om røysterett, forslagsrett mv., sjå idrettslagets lov § 5 til § 8.
Velkomen til årsmøte!
Med venleg helsing
styret
I Hardanger Folkeblad 15. september var det ein fin artikkelen om opning av klatreveggen på Sekse.
Les artikkelen her: https://www.hardanger-folkeblad.no/ny-vegg-skal-auka-muskelstyrken-og-trivselen-i-narmiljoet/s/5-22-288184
Vil du vite kva Føyk har hatt av aktivitetar i 2019? ?♀️⛹️♂️
Les årsmeldinga og få eit innblikk!
Trykk under!
Laurdag den 11. januar kjem Mariann Nordstoga Berge frå Safe treningssenter til gymsalen på Sekse for å ha ein treningsdag for oss!
Kickstart året med inspirerande treningstimar, med ei inspirerande dame!
Føyk fiksar lunsj til alle deltakarane.
Informasjon og påmelding kjem på Facebook. På Føyk si side og på IAG si side.
Arrangør: IL Føyk