Kategori: Bygdekvinnelaget
Bli med på strikkekafe!
Grilling og natursti på Sekse
Basar på Espe
Treningshelg!
Vårbasar på Espe
Espe bygdekvinnelag inviterer til vårbasar på Espe grendahus sundag 7. april klokka 17.00.
Det vert stor vårbasar med masse gevinstar. Sal av kaffi, te, kaker og brus. Sal av loddar på bok og åresal. Ta med familie og venner og kom.
Me tek både kontantar og vipps.
Helsing Espe bygdekvinnelag.
Julebasar på Espe
Espe bygdekvinnelag inviterer til julebasar på Espe grendahus sundag 25. november kl. 17.00.
Det blir stor julebasar med masse gevinstar.
Sal av kaker, kaffi, brus, loddar på bok og årer.
Ta med familie og venner på ei koseleg førjulstid.
Me tek både kontant og vipps.
Yoga-helg på Sekse
Etter ei vellukka treningshelg i januar vil me gjenta dette Kjersti M. Føllesdal kjem att og det vert nokonlunde same opplegg som sist, bortsett frå fredagen.
Laurdag 10. november: kl. 10.00 – 11.00: Uthaldenheit og styrke kl. 11.00 – 12.30: Yoga Flow Felles lunch etter treninga.
Bygdekvinnelaget handlar inn og lagar til Sundag 11. november:
NB! ME STARTAR OPP KL. 11.00 SUNDAG! Kl. 11.00 – 12.00: Styrke Kl. 12.00 – 12.15: Yoga Flow.
Ta med: Tjukkelabbar, god gensar, teppe+ treningsmatte og strikk (lang) for dei som har dette.
Velkomen til ei inspirerande og sprek helg på Sekse!!
Pris kr. 300.- Påmelding til Signe Lise Børve Me har nokre ledige plassar enno. tlf. 48213341 evt. epost: siliborve@gmail.com seinast torsdag 8/11. Helsing Børve/sekse bk.lag
Farsdagsmiddag på Espe
Sundag fyrstkomande inviterer Espe bygdekvinnelag til farsdagsmiddag klokka 16.00.
På menyen står betasup, kaker, brus og kaffi, som du kan få kjøpt.
Dette skjer sjølvsagt i Espe grendahus,
og alle er velkomne.
Strikkekafé
Ta med deg spøtet og naboen
Det vert strikkekafe på Bygdarommet på Sekse
ONSDAG 31.oktober 2018 kl. 18. – 20.
Marianne kjem og syner oss korleis ein kan strikke til dømes to ermar eller to vottar på ein gong (magic loop).
Kom!!!!
Helsing Børve/Sekse bygdekvinnelag