
Basar på Espe

Fredag 18. oktober vert det haustpub i Espe ungdomshus!
Det byrjar klokka 19.00.
Det vert servering og kviss ved Oda og Guro.
Aldersgrensa er 18 år.
Håpar me sjåast der!
Helsing komiteen
Børve, Sekse, Hovland og Espe slår saman joletrefestane sine, slik at dei skiftar mellom «Grannatun» og Espe grendahus – annakvart år. Fyrst ut er Espe, og det skjer 29. desember.
Me legg ved pakaten her:
Her er eit oversyn over møteplanane for Espe grannalag og Espe bygdekvinnelag:
Espe Grannalag
Espe Bygdekvinnelag
Espe grannalag takkar alle som har støtta dei i samband med adventsbasaren. Pengane går til nytt koppeservice i Grendahuset. Trekning av lotteriet er vedlagt.
Foto: Johannes H. Sekse
Laurdag og sundag vart det tent jolegraner fleire stader i krinsen vår – Indre Austsio.
Her kjem ein liten biletkavalkade:
Foto: Liv Gunn Strand
Foto: Johannes H. Sekse
Foto: Johannes H. Sekse