Til lukka med dagen!

Ver med på og feira nasjonaldagen på Sekse!

Det er meldt fint ver`!

Det er synd at ikkje musikklaget kunne vera med og gå i toget i år. Difor vert de ei ekstra utfordring til alle og einkvar om å vera med og skapa liv og røre.

tog

Møt opp på «perrongen» klokko kvart på ti. Toget starta kl. 10.00.

Ein halv time seinare, spelar kropset utanfor barnehagen.

Klokka 11.00 held Hildegunn Espe tale for dagen. Etter det vert det mat og aktivitetar, og det heile vert avrunda med premieutdeling.

tog2

Dersom vermeldinga held det dei lovar, kan du la paraplyen liggja att heime.

Send inn bilete frå dagen!!!!

sytten1

Send inn eitt eller fleire bilete frå nasjonaldagen her på Sekse, så skal me i redaksjonen leggja dei ut her på sida vår. Dersom det vert svært mange, må me kanskje plukka, men la ikkje det leggja nokon dempar på innsendinga.

SENBILETA TIL: johannes.sekse@gmail.com

 

 

 

Same rutene som før

Både båtruta og dei utvida ferjerutene vert som sist, når Riksveg 13 på nytt vert HEILT STENGD mellom Børve og Lofthus frå natt til måndag 27. februar.

båt2

Båtruta og dei utvida ferjerutene vert akkurat dei same som sist vegen var stengd, melder Hardanger Folkeblad i dag, onsdag 22. februar.

Statens vegvesen valde å gje ny tillit til Rødne Fjord Cruise i konkurranse med to andre tilbydarar.

Stengjinga er varsla for fem veker. Det vil seia ut mars månad. Og denne gongen klarar dei truleg halda den fristen.

Rutene finn du her: Ruter

Statens vegvesen har eit system som gjer det vanskeleg å få med Børve på ljosskiltet deira i Odda. Der står det difor Hovland – Lofthus.

Dette er sterkt misvisane for dei som ikkje er kjende, og visstnok umogeleg å retta opp.

Som lokal-«avis» vil me difor presisera at den fysiske vegstengjinga gjeld frå Rosten, der vegen tek av til Øvre Børve, og til Geithamrane eit par km sør for Lofthus sentrum. Så får me håpa at store utanlandske køyretøy slepp å rygga langt utatt om dei ikkje har fått med seg at vegen er stengd, og at dei som bur på NedreBørve, slepp vera trafikkdirigentar for semitrailerar som mildt sagt er på vidvanke.

På Børve – eller Nausto – vert det parkering som sist, men det er oppmoda om å IKKJE parkera der bussane skal snu og stå.

 

På informasjonsbåt3
møtet som vart halde for nokre veker sidan, vart vegvesenet oppmoda om å sikra kaien mot sjøen der både skuleborn og andre må passera når dei skal med og av båten.

 

Mikael I med nye lass

Mikael 1 lekter med stein frå Deildo.

Lekteren «Mikael 1» med stein frå Deildo. på veg inn mot Markastå i føremiddag.

Morenemassar frå Deildo skal verta ny sjøbotn og fundament for småbåthamn m.m.m. i Markastå på Sekse.

mi2

Her vrir han seg i posisjon.

Framleis forsvinn massane, men når dette er ferdig, skal det verta plass til både det eine og andre.

mi3

Berre sekunder etter at botnen opnar seg, er han tom.

 

mi4

Så vrir han seg frå land og set kursen ut etter eit nytt lass.

Resultat av eit enormt arbeid av Indre Austsio grannalag og ikkje minst «Grannabryggjo».

 

Invitasjon til Føykfest

 

Dette kortet vart funne under ei opprydding i gamle papir her på garden.  Det har ikkje årstal, men er frå ei tid då dei skreiv jenter med «g», og medlemmmene i «Føyk» tydelegvis berre var gutar.

Invitasjon til årsmøtefest i Føyk -  for ein del år sidan.

Invitasjon til årsmøtefest i Føyk – for ein del år sidan.

Den som vert invitert, kan ta med seg ei «gjente» – men ikkje gut. I tillegg stengjer dørene klokka halv ti.

I dag er det stort sett berre jenter i styret til «Føyk». Men aktiviteten er slett ikkje dårlegare enn den gongen då dette kortet vart laga. Heller det motsette.

Nett no er det styreleiaren Brit Ulriksen som inviterer til årsmøte:

«Minner også om årsmøte 24. januar kl 19.00 i Sekse Barnehage. Velkommen:) Årsmelding og inkalling er også på www.indreaustio.no »

Då kan du koma åleine – eller gjerne ta med deg fleire – av begge kjønn!!

 

HUGS «FØYK»-REFLEKS!!!!

 

 

 

Det lyser no i stille grender

Eit privat "joletre" lyser opp i Flisabakken. Foto: Johannes H. Sekse
Eit privat «joletre» lyser opp i Flisabakken.
Foto: Johannes H. Sekse

Laurdag og sundag vart det tent jolegraner fleire stader i krinsen vår – Indre Austsio.

Her kjem ein liten biletkavalkade:

Jolegana framfor Espe Grendahus. Foto: Liv Gunn Strand
Jolegana framfor Espe Grendahus.
Foto: Liv Gunn Strand
Kirsti Solheim tende jolatreet utanfor Grannatun. Foto: Johannes H. Sekse
Kirsti Solheim tende jolatreet utanfor Grannatun.
Foto: Johannes H. Sekse
Kirsti og Johannes Solheim legg siste hand på jolatreet utanfor Hovlandtunet. Foto: Johannes H. Sekse
Kirsti og Johannes Solheim legg siste hand på jolatreet utanfor Hovlandtunet.
Foto: Johannes H. Sekse

Tenner jolegran ved Grannatun

Grana er komen på plass. Sundag kl. 17.00 vert ljosa tende. Foto: Johannes H. Sekse
Grana er komen på plass. Sundag kl. 17.00 vert ljosa tende.
Foto: Johannes H. Sekse

Ein del eldsjeler har den siste tida planlagt og tilrettelagt for joletre med ljos utanfor Grannatun. Sundag ettermiddag, 1. sundag i advent, vert ljosa tende.

Av Johannes H. Sekse
«Dette har vore eit dugnadsprosjekt», seier Karl Arvid Andersen til IAG-nett. Han, Kjell Sandstå, Sjur E. Børve, Sveinar Børve og Anve Tveit, har no lagt grunnlaget for noko som kan verta ein fin tradisjon i åra som kjem.

Dei har grave grøft til, og lagt straumkabel ut frå Grannatun og sett ned kumme med røyr til å festa joletreet i.
Treet vart felt av Sjur E. Børve i byrjinga av veka. Det er donert av sonen Eirik Børve. Kummen har Dagfinn Børve gitt.
Tysdag kom grana på plass og ljosa prøvetende.
Dermed skulle alt vera klart for tenning sundag fyrstkomande – klokka 17.00.
——-
– Tanken var å få til ei sosial råme kring tenninga, med både litt underhaldning, song og gløgg m.m. Men tida strekte rett og slett ikkje til, så det må vera eit mål å få til ei tilstelling i samband med tenninga til neste år, seier Andersen.
Han håpar likevel at folk som har høve til det, møter opp. Om ikkje anna, kan ein slå av ein prat med naboar og/eller kombinera det med ein ettermiddagstur.

Steinsprang på Espe

 

Steinsprang på Espe. Foto: Laila F. Sandstå
Steinsprang på Espe.
Foto: Laila F. Sandstå

Etter langvarig kulde, kom mildveret i helga. Laila F. Sandstå fanga opp dette steinspranget som kom ned i riksveg 13 litt utom Espe.

Ei påminning om den årstida me er inne i.

I fylgje Yr.no vil temperaturen halda seg over nullen den nærmaste framtida. Fredag kan det verta litt sludd.

 

Tid for å hausta inn

Fin arbeidsplass på denne tida av året. Redaksjonen i IAG si nettside ynskjer også noko å "hausta" inn. Kom med tips!
Fin arbeidsplass på denne tida av året. Redaksjonen i IAG si nettside ynskjer også noko å «hausta» inn. Kom med tips!

Innhaustinga er i full gang. Utsikt innover fjorden forbi Hovland og Kvalnes. Ein kan ikkje ha betre arbeidsplass enn dette no.
Redaksjonen vår skulle gjerne også hatt meir å hausta av. Me ber difor folk om innspel og tips, bilete og stoff – nytt som gamalt. Epostdaresse: johannes.sekse@gmail.com.