Kakefest gav opptur på nettet

 

Flott fest med imponerande utsikt.
Flott fest med imponerande utsikt.

 

Reportasjen om kakefesten og opning av det fantastisk flotte poskassehuset i Flisabakken, gav eksplosiv auke i besøkstalet på IAG si heimeside.

Av Johannes H. Sekse

Som kjent har Indre Austsio arbeidd lenge med å få på plass ei ny heimeside. Ho har vore ferdig ei stund no, men på grunn av ferietid og sommar, har ein ikkje kome skikkeleg i gang. Fylgjeleg har det vore lite trafikk og tilsvarande lite interesse for sida vår.

Etter eit lite lynkurs på fredag, fekk me lagt ut ein reportasje om det flotte poskassehuset, og det førde til ein eksplosjon i visittalet, som auka frå 1 til 21 visningar – eller 2000 prosent oppgang. Og ein auke frå 3 til 87 aktive brukarar – som utgjer 2800 prosent!

Anne-Marie Olsen Korhonen er fuglefotograf og Laila F. Sandstå, som laga ei kjempegod molteblautkake til festen, hadde begge kledd seg i tråd med postkassane. Foto:Kjell Sandstå.
Anne-Marie Olsen Korhonen er fuglefotograf og Laila F. Sandstå, som laga ei kjempegod molteblautkake til festen, hadde begge kledd seg i tråd med postkassane. Foto:Kjell Sandstå.

21 visningar og 87 brukarar er derimot ikkje så imponerande, viss me ser litt reaistisk på dette. Men å hoppa frå bortimot dvale – til å røra litt på seg, er dette ein god start.

Det er langt att til målet vårt – om å få ei oppegåande side, der «alle» får lyst å vera innom minst ein gong om dagen.

Det er ambisiøse mål, men me er motiverte. Og så treng me innspel.

Kveldsstemning i postkassehuset. Foto: Laila F. Sandstå.
Kveldsstemning i postkassehuset. Foto: Laila F. Sandstå.

Dei ulike organisasjonane kan sjølve leggja ut stoff på sitt eige området, og nokon gjer det alt. Andre vil få opplæring. Det er berre å ta kontakt.

Alle andre kan senda tips, bilete og saker til denne epostadressa:

johannes.sekse@gmail.com eller ta kontakt på mobil 411 05 951.

 

I mellomtida legg me ut endå nokre bilete av og om det staselegaste postkassehuset i verda, som nokon hevdar det er.

 

 

 

 

Ny avtale Sekse Barnehage

Lag og organisasjonar i Indre Austsio har fått ny avtale med Ullensvang Herad vedrørande bruk av ute- og inneareale. Me meiner dette er ein god og framtidsretta avtale både for heradet og Indre Austsio.

Det vart helde møte i grenda sitt rom i barnehagen.

Frå Heradet møtte Magnus Steigedal, Inger Sekse og Rørnes

Frå grendene stilte 17. mai komite, Sekse og Børve Bygdekvinnelag, 4 H, IAG og Føyk.

Grannabryggjo

Det har vore møte mellom IAG, Føyk og Grannabryggjo.

Det vart der diskutert den framtidige utnyttinga av landarealet /  aktivitetsparken. Dette ligg litt på sida av båtlaget sin tradisjonelle aktivitet.

Det vart sett ned ein komite på 3 personar frå styra i dei respektive lag. Dei skal arbeida  for og mot prosjektering av dei planlagde bygg i området.

Anve Tveit frå IAG, Geir Olav Guddal frå Føyk og Magne Eivind Moe frå Grannbryggjo.

Illustrasjon av Anve Tveit
Illustrasjon av Anve Tveit