Referat, Årsmøte IAG
27.Februar vart det avholdt årsmøte i IAG – her er signert referat.
Årsmelding IAG
Hugs Årsmøtet i Espe Grendahus Sundag 27.03.2022, Kl 1900
ÅRSMØTE IAG
Det vert med dette kalla inn til årsmøte, Sundag 27. Mars 2022, KL.19.00 I ESPE GRENDAHUS.
Sakliste: 1. Val av ordstyrar, referent og underskrivarar.
2. Godkjenning av innkalling og sakliste
3. Årsmelding
4. Rekneskap
5. Val
6. Kontingent 2022
7. Innkomne framlegg
Framlegg til årsmøtet må vera styret i hende 2 veker før årsmøtet
Det vert enkel servering.
Velkomen!
Skjedde alt dette i 2021?
Årsmeldinga for idrettslaget Føyk er klar!
Trass korona-restriksjonar skjedde det mykje spennande i Føyk i 2021 🙂
Årsmøte i Føyk

Grannanytt 2021
GrannanyttLast ned
Ved ein feil vart ikkje Hardanger Handbryggeri og Hovland Vel teke med i avisa. Desse kjem som eigen artikkel seinare.
Vil takka alle som har bidrege med saker og artiklar i avisa vår.
Redaktør Øyvind Andersen
Jolebasar på Espe

Søndag 5. Desember kl 1700 arrangerer Espe Bygdekvinnelag Jolebasar i Espe Grannahus
Klar for trening?
Her er treningsplanen for hausten 2021! Kom og bli med 🙂

Kurs i Grannatun
I går arrangerte IAG og Ole Johnny Bukve hjertestartar-og førstehjelpkurs i Grannatun. Ole Johnny hadde med seg alt nødvendig utstyr.
Me fekk trena på hjerte-og lunge redning (HLR) og bruk av hjertestartar. Eg har hatt eindel førstehjelpkurs i mi tid, men dette er det beste eg har vore med på. Tusen takk Ole Johnny !
Trur det var ei aha oppleving for dei fleste. Dei 9 som deltok var veldig fornøgde. Å få kurs av ein som jobbar i 1. linje i ambulansetenesta var veldig bra. 80 % av alle tilfelle med hjartestans i Norge skjer i heimen. Ole Johnny seier seg villig til å halda fleire kurs visst det er interesse.
På veggen på austsida av Grannatun heng vår eigen hjertestartar. Visst nokon ein gong skulle havna oppi ein situasjon må de hugsa at hjertestartaren heng der og må hentast visst naudsynt.
