Føyk mot Odda i ligacupfinale

foykLaurdag spelar Føyk mot Odda  i «finalen» i Terje Storhaug ligaen. Dersom Føyk vinn kampen, vinn dei også serien. Dei fortener ein kjempestor heigajeng. Kampen går klokka 11.00 på Odda stadion.

 

Logoen til Føyk er teikna av Hans J. Sekse.
Logoen til Føyk er teikna av Hans J. Sekse.

Laget har bestått av Karl Magnus Andersen,  Øyvind Andersen,  Jon Arne Sekse,  Magnus Steigedal,  Olav Eirik Børve,  Eirk Børve,  Jon Aslak Herstad, Bård Steven Vedvik, Runar Lutro  og Eirik Lutro.

Draktene er raud-kvite, nett som eit anna kjent lag her i vest (red.anm.)

Ligaen har i år 10 lag og 194 spelarar.

 

TABELL – TERJE STORHAUG-LIGAEN 2016

  1. Sk Odda   35 – 5 i mål – 21 poeng
  2. Føyk Il.    27 – 10 mål – 19 poeng
  3. Tizir Tyssedal 19 – 8 mål – 18 poeng
  4. Il Harding 21 – 11 mål  –  12 poeng
  5. Fonna 17 – 22 mål – 10 poeng
  6. Nederlaget 21 – 16 mål – 9 poeng
  7. Il Solnut  15 – 18 mål – 6 poeng
  8. Ståvo 16 – 20 mål – 6 poeng
  9. Skare 10 – 34 mål – 3 poeng
  10. BIL Zinken 10 – 39 mål – 0 poeng

Semitrailer snudde på NedreBørve

Imponerande manøvrering, det skal dei ha. Men å lesa skilt er det visst verre med. Begge foto: Edel Kari E. Alpen
Imponerande manøvrering, det skal dei ha. Men å lesa skilt er det visst verre med. Begge foto: Edel Karin E. Alpen

Dagleg må trailerar rygga når dei kjem til stengd riksveg 13 ved Klokkargarden/Geithamren på Lofthus. Ein del av dei som kjem andre vegen, har derimot hamna på NedreBørve.

Av Johannes H. Sekse

No har Riksveg 13 vore stengd mellom Geithamren på Lofthus og vegdelet til ØvreBørve på sørsida, i vel ei veke. Nesten dagleg, og enkelte dagar fleire gonger for dagen, kjem det like fullt både store og små bilar køyrande.

Dei som kjem frå Lofthussida må rygga rundt ein kilometer før dei får snu. Ikkje alle er like gode til det, og ikkje alle er like skikka, skal me tru augne- og nasevitne. Ein utlending som balte lenge, lukta alkohol, vert det sagt.

Så langt, men ikkje lenger. Sauene på NedreBørve tek det heile med knusande ro.
Så langt, men ikkje lenger. Sauene på NedreBørve tek det heile med knusande ro.

På sørsida, kjem det og ein del trafikk, der sjåføren ikkje har fått med seg at vegen er stengd. Rett nok står det, noko misvisande, at han er stengd ved Hovland. Det rette er Børve – ved vegdelet opp til ØvreBørve. Altså 3-4 km lenger ute.

Eit par trailersjåførar har teke sjansen på at den komunale Børvevegen kan tena som omkøyring. På NedreBørve har det derimot vorte stopp. Dei som bur her oppe, kan fortelja om halsbrekkande snuoperasjonar med lange vogntog. Det skal til og med ha gått ut over murkantar og anna.

Ein utanlandsk sjåfør forklarde at han ikkje hadde råd til å ta ferja frå Utne til Kinsarvik.

Mange etterlyser no endå tydelegare skilting både i Odda og Kinsarvik.

 

 

Ny salve i dag tidleg

Salva som gjekk litt før klokka ti i dag tidleg. Fotografert frå Aga. Foto: Johannes H. Sekse
Salva som gjekk litt før klokka ti i dag tidleg. Fotografert frå Aga. Foto: Johannes H. Sekse

I dag tidleg gjekk ein ny salve i «osten». Det vert arbeidd fleire stader langs anlegget. Me får tru at dei nyttar tida med stengd veg godt.

Store sår i landskapet, men vonleg vert det pynta på før anlegget er ferdig. Det er aktivitet fleire stader langs det 3 km lange anleggsområdet.
Store sår i landskapet, men vonleg vert det pynta på før anlegget er ferdig. Det er aktivitet fleire stader langs det 3 km lange anleggsområdet. Foto: Johannes H. Sekse.

I ettermiddag køyrde tre trailerar – dvs ein av dei var ein betongbil – seg «fast» på Lofthussida av anleggsområdet, og måtte rygga. Det gjekk svært tregt.

Etter det me forstår skjer det stadig at det kjem bilar, der sjåførane tydelegvis ikkje har fått med seg at vegen er stengd. Mellom anna var ein av sjåførane utlending. Informasjonen er berre på norsk.

Litt trøblete når tre store bilar kjem hit og forstår at vegen er heilt stengd. Privat foto.
Litt trøblete når tre store bilar kjem hit og forstår at vegen er heilt stengd.
Privat foto.

Det er ikkje noko problem når det gjeld småbilar, men trailersjåførar får meir problem når dei skal rygga fleire hundre meter før dei får snudd. Den eine av trailerane i dag, hadde svært store problem, etter det me får fortalt.

Pardoksalt nok er det ein fordel at vegen er stengd, samstundes som at det er det som er problemet.

 

Referat frå ekstraordinært årsmøte i Grannabryggjo

Den 10.Oktober hadde grannabryggjo ekstraordinært årsmøte i Grannatun. Dette var og informasjon til medlemmene vedrørande økonomien i prosjektet. Som det står i referatet valde årsmøtet å bruka litt lengre tid for å få prosjektet i havn. Me vonar at meir tid til planlegging, større dugnadsinnsats, kan gjera at årsleiga på kvar båtplass kan reduserast. (sjå referat nederst på sida)

Styreleiar Siv Hamstad Haukelidsæter vil i samarbeid med styret setja ned ei gruppe som skal arbeida vidare med desse planane.

Styret i Grannnabryggjo her ved Inge Børve, Helge Hauso, Karl Arvid Andersen hadde synfaring i området i lag med Trond Helland i Marinegruppen. Her vart det diskutert den flytande delen av havne som skal bestå av bølgebrytarar og utliggjarar til båtane.

img_5188
Helge Hauso, Trond Helland og Inge Børve fylgjer med på lekterslepp av det som skal verta vår framtidige båthamn. Foto Karl Arvid Andersen

 

 

 

 

ekstraordinaert-arsmote-side-1-001ekstraordinaert-arsmote-side-2-001

 

 

 

No nærmar det seg asfaltering på Fv 101

No får me tru det er alvor. Det for ein kostebil forbi i år og, men då vart asfalteringa utsett. Alle foto: Johannes H. Sekse
No får me tru det er alvor. Det for ein kostebil forbi i vår og, men då vart asfalteringa utsett. Alle foto: Johannes H. Sekse

Me har fått melding om at det vil koma asfalt til Hovland i dag, fredag!

I dag kom  kostebilen forbi her på Sekse. Me har ikkje fått tak i kontaktpersonen i selskapet som skal asfaltera, men sist me snakka med han, sa han at det «nærma seg».

No vel me å  tru at «enden» er nær. Petter Sexe Ulriksen tok dette opp i formannskapet på måndag. Han etterlyste samstundes vegljos, som er prioritert på topp i Ullensvang.

Kan henda får me begge delar no. Asfalt fyrst!!!

SISTE

Me har fått melding om at det kjem asfalt til Hovland i dag, fredag!

 

Her er nokre bilete til:

Dei som ikkje har lagt ned grøfter no, må venta lenge.
Dei som ikkje har lagt ned grøfter no, må venta lenge.
Kostar og spyler i alle retningar.
Kostar og spyler i alle retningar.
Til og med lamma ser fram til "ny" veg.
Til og med lamma ser fram til «ny» veg.
Slik ser det ut rett innom Glåmo. Trongen for nytt dekke er tydeleg.
Slik ser det ut rett innom Glåmo. Trongen for nytt dekke er tydeleg.

Indre Austsio klar for TV-aksjonen

Ta vel imot bøsseberarane på sundag!!!
Ta vel imot bøsseberarane på sundag!!!

Indre Austsio – eller gamle Sekse skulekrins – er no klar for innsamlingsakjonen sundag fyrstkomande.

Av Johannes H. Sekse

Kontaktperson Petter Sexe Ulriksen har fordelt bøsser og bærarar på dei ti rutene eller rodene, som det heiter.

Her lokalt er det for tida hjelpekorpset med alle redningsoppdraga til Trolltunga, som har sett Røde Kors – eller Raudekrossen – i fokus. Men organisasjonen er aktiv på utruleg mange felt – jorda rundt. Og i år er det den som er tildelt den årlege tv-innsamlingsaksjonen i NRK.

Slagordet i år er «Sammen får vi hjelpen helt frem». Eit bidrag tl innsamlinga er eit bidrag til å redda liv.

Sjølv om dei fleste kjenner kvarandre her i krinsen, skal alle bøssebærarane ha på seg ein klistrelapp med namnet sitt.

Målet med innsamlinga er å gje livsviktig hjelp til heile to millionar menneske – sivile ramma av krig og konflikt.

Om du ikkje er heime, kan du antan betala med mobilen: Vipps: valfri sum til 2133, på bankgiro nr. 8380 08 09005 eller senda sms TVA til 2133 (250 kroner).

TA VEL IMOT BØSSEBÆRARANE!!!! Dei kjem sundag mellom klokka 14.00 og 18.00.

Underteikna skal deretter syta for at bøssene med pengane vert frakta til oppteljing i Odda (på grunn av  vegstenginga).

Les meir om aksjonen på: http://www.blimed.no/

TA GJERNE BILETE AV EIN BØSSEBÆRAR OG SEND INN TIL OSS

– epost: johannes.sekse@gmail.com – så me kan buka her på nettsida vår.

 

 

Mista på 17.Mai på Sekse

Inga Sandstå har 2 år på rad mista eine bringeklutsylja si (borenål). Me håpar difor nokon har funne den/dei, og teke vare på dei. Om me er så heldige er det berre å ta kontakt med Inga eller IAG.

bunadsylje
Bilete av bringeklutsylje

Den store smellen

Mykje røyk og mindre med eld. Flott syn. Foto: Arvid Aga
Mykje røyk og mindre med eld. Flott syn. Foto: Arvid Aga

Ber om at alle som har bilete eller videoopptak frå storsmellen i dag tidleg, sender han til:

johannes.sekse@gmail.com

så legg me dei ut her på heimesida vår.

Desse tre har me fått bruka av Arvid Aga, som har orkesterplass heimanfrå – og som ikkje er heilt ukjend med fotografering, for å seia det slik.

Salva går. Foto: Arvid Aga
Salva går. Foto: Arvid Aga
Ser ut som det har gått hardt ut over riksvegen! Foto: Arvid Aga
Ser ut som det har gått hardt ut over riksvegen! Foto: Arvid Aga

 

Her er fleire: (To stk som Vidar Børve har teke):

Vidar Børve tok dette.
Vidar Børve tok dette.
....og dette!
….og dette!

 

 

Storsalven går i morgon tidleg

I kveld klokka 24.00 vert riksveg 13 stengt heilt i tre veker, mellom Børve og Geithamrane.

På veg utatt til Lofthus der han skal liggja til klokka 05.25 måndag morgon.
På veg utatt til Lofthus der han skal liggja til klokka 05.25 måndag morgon.

Klokka 05.25 i morgon tidleg, går MB «Fjordsightseeing»  den fyrste turen sin mellom Børve og Lofthus.

Klokka halv ni, går storsalven som skal redusera «Osten» utanfor Djupevik med ein tredjepart.

Vegen skal etter planen opnast att den 5. november.

Nokre aktuelle bilete nett no:

Båten til Rødne Fjordcruise prøvekøyrde strekkja sundag kveld. Her ved kai på Børve, som i tre veker vert parkerinsplass og snuplass for bussane.
Båten til Rødne Fjordcruise prøvekøyrde strekkja sundag kveld. Her ved kai på Børve, som i tre veker vert parkerinsplass og snuplass for bussane.
"Osten" sett frå Deildo. Neste gong me får sjå han, vil han vera sterkt redusert.
«Osten» sett frå Deildo. Neste gong me får sjå han, vil han vera sterkt redusert.
"Osten" sett frå sør. Måndag morgon klokka halv ni vert trejdeparten smuldra sund i ei stor salve.
«Osten» sett frå sør. Måndag morgon klokka halv ni vert trejdeparten smuldra sund i ei stor salve.