No byrjar ein å ana korleis det vil verta sjåande ut på den framtidige samlingsplassen i grenda.
Det er berre å ta hattane av for det formidable dugnadsarbeidet som er lagt ned for å få til småbåthmn og alt det andre som er tenkt inn her når «Grannabryggjo» er ferdig.
Det har vore lite og ikkje drahjelp utanfrå. Alt – frå reguleringsplan til ferdig anlegg – er så godt som sjølvgjort.
Oppfylling mellom moloen og rasteplassen i bakgrunnen, er i full gang.
Me har fått ei lita korrigering av resultatet frå marknaden. Sidan pengane vart nytta til veksling under Grannaveitla, vart dei ikkje talt av maskin før seinare. Det rette overskotet er 47318, melder komiteen.
Vesle jolafta styrtregna det, så vatn fossa over alt. Då hadde dei ein stri tørn – mellom andre Frode Hamre og Svein Opedal – i anleggsområdet mellom Geithamren, Deildo og Djupevik.
I dag dreiv Svein og grusa vegen. Denne gongen har vegen vore betre enn på lenge. All honnør til dei!
No gler me oss til at Osten er sprengd ned og køyrd vekk – og for kvar meter med ny eg som vert laga.
Framleis er deteit stykke att før anlegget er ferdig, men no kan det vel berre gå ein veg.
Børve, Sekse, Hovland og Espe slår saman joletrefestane sine, slik at dei skiftar mellom «Grannatun» og Espe grendahus – annakvart år. Fyrst ut er Espe, og det skjer 29. desember.
På grunn av møte om skrantesykje i Odda kino tysdag 20.6.17 kl 1800 vert oppskytinga til Espe skyttarlag flytta til onsdag 21.6.17 kl 1800. Alle jegrar er oppfordra til og møta for og få orientering om prøvetaking og status.
Neste torsdag, den 6. april, kjem røldølen Oddbjørn Lynghammar til Sekse for å dela skjemt og alvor med dei frammøtte.
Lynghammar er månadsgjesten til Børve, Sekse og Espe eldrelag som har møte i «Grannatun». I tillegg til gjesten, vil det vanka både mat og kaffi og åresal. Laget er og invitert til eit møte i Kinsarvik eldrelag den 20. april. Det vert høve til påmelding under møtet neste torsdag. Møtet startr som vanleg klokka 16.00.
Etter møtet i Grannatun tysdag, sa ordførar Solfrid Borge til styreleiar i IAG, Karl Arvid Andersen, at det no skal vera fylkeskommunale midlar til det etterlengta, og topp-prioriterte vegljoset over Sekse.
Ho skulle ta det opp med partikollega og leiar i samferdsleutvalet i fylket, Nils Bjørke.
SISTE!
Redaktøren fekk i dag spørsmål om Ullensvang herad har pengar til prosjektet. Det er viktig å vera klar over skilnaden på kommunale ogfylkeskommunale – og for den saks skuld – riks-vegar.
Vegane i Flisabakken er kommunale – altså eigd og drivne av Ullensvang herad. Her er dei også ansvarlege for vegljoset.
Seksevegen er fylkeskommunal. Det er altså Hordaland fylkeskommune som eig han, og det er dei som skal betala for det vegljoset det er snakk om no.
Heradsstyret prioriterte for eit par år sidan, Seksevegen heilt på topp mellom fylkeskomunale tiltak i kommunen. Men det er altså fylket som skal betala. Og det er der det no skal ha dukka opp pengar som kan brukast til føremålet.