Om Rossavarden 4H

Rossavarden 4H
– for alle unge, frå det året du fyller 10 år!
– Sosialt, aktivt, morosamt – medlemene bestemmer!

Rossavarden 4H har medlemsmøte/aktivitetar om lag ein gong i månaden. Me nyttar lokale i Sekse Barnehage dersom me skal vera innandørs.

4H Norge er ein landsomfattande, ideell barne- og ungdomsorganisasjon som er livssynsnøytral og partipolitisk uavhengig.

Føremål
4H skal utvikla ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske. Motto: Å læra ved å gjera. 4H-løftet: Me lovar å arbeida mot det mål å verta ein ungdom med klart hovud, varmt hjarta, flinke hender og god helse.

4H-prosjekt
Kvart år gjennomfører 4H-medlemene eit prosjekt, anten åleine eller saman med andre i 4H-klubben. Dei vel sjølve tema for prosjektet. Prosjekta er delt inn i programområda: natur, kultur, samfunn og helse. Dei fleste 4H-arane får hjelp av foreldra eller ein annan prosjekthjelpar som gir råd og rettleiing undervegs.

Ved godkjent prosjekt og oppmøte på meir enn 50 prosent av møta, tildelast ein kvart år eit merke. Etter 7 år når ein toppen og mottar 4H-plaketten.

Medlemsstyrt organisasjon
Eit 4H-medlem lærer også mykje om organisasjonsarbeid. Organisasjonen er medlemsstyret, dvs. at det er medlemene sjølve som bestemmer kva dei vil utforska og tileigna seg kunnskap om. Klubben gjennomfører kvart år eit årsmøte der årsplanar og budsjett blir vedteke på demokratisk vis, og styret blir valt. Klubbstyret består av medlemmer, og dei har ansvaret for å driva klubben gjennom eit arbeidsår. På årsmøtet vel også medlemene éin eller fleire vaksne klubbrådgjevarar som gir råd, hjelp og rettleiing til klubbstyret og klubben.

4H tilbyr kurs i leiaropplæring, organisasjonsarbeid og ulike emne i tilknyting til 4H-prosjekta. Kursa vert arrangerte på ulike nivå i organisasjonen. I tillegg har Rossavarden 4H aktivitetar som turar i skog og mark, hyggjekveldar, revyarbeid m.m.

Leir
Kvart år får alle 4H-medlemmene tilbod om å vera med på leir. Det er aspirantleir for dei yngste og fylkesleir, landsleir eller nordisk leir for dei eldste.
Kva kostar det å vera med i 4H?
For å vera med i 4H må du betala medlemskontingent til 4H Norge. Denne er på kr 480,- per år. For søsken er prisen kr 240,- per år. Søskenmoderasjonen gjeld frå og med søsken nummer to.

Du får medlemsbladet Aktivitet tilsendt fire gonger i året