Om IAG

2815280343_ff5f01239a_b1 Den 19. november 2013 vart Indre Austsio Grannalag stifta. Det femner om strekkja frå Skjelvik i sør til Deildo i nord. Målet til laget er å arbeida på tvers av partipolitiske skiljeliner og medverka til ei positiv og målretta utvikling av krinsen.

Laget ynskjer å vera talerøyr for heile krinsen.

Indre Austsio Grannalag skal fremja saker av allmenn interesse, leggja til rette for positive nærmiljøtiltak og arbeida for å samla alle positive krefter i krinsen til ein felles front der det krevst.

Målet med det nye laget er å kunna styrkja samhaldet innad og få større gjennomslagskraft utad i saker som gjeld denne delen av Ullensvang herad.6772946495_494ac492af_b1

Laget er alt oppe og går med styre, vedtekter og arbeidsprogram – og er i gang med å utarbeida heimeside på Internett – indreaustsio.no. Sida skal vera ein portal for både dei som bur her og dei som har flytta ut frå området. Me veit at mange kan tenkja seg å flytta “heim” att viss forholda vert lagt til rette. På nettsida skal dei kunna orientera seg om ting som skjer her. Her skal også alle andre lag og organisasjonar i krinsen kunna fortelja om aktivitetane sine. Sida skal til eikvar tid vera oppdatert!

IAG er registrert i Brønnøysund, nærare bestemt i Enhetsregisteret og Frivillighetsregisteret. Dette gjer at me kan søkja om tilskot frå ymse hald. Laget kan også ta imot grasrotmidlar frå Norsk Tipping, så her er ei fin mogeligheit til å støtta grannalaget.

Både dei som bur i – og dei som har tilknyting til krinsen – kan vera medlemmer. Medlemskontigenten i IAG er sett til kr. 100 pr. husstand. Konto nr. 3530 27 67864

Hugs å få med navnet på alle i familien. Me håpar at flest mogeleg vil melda seg inn for å visa at vi står samla på tvers av dei tradisjonelle grensene.

Vedtektene for Indre Austsio Grannalag

For styret

Karl Arvid Andersen
Indre Austsio den 14. januar 2014