Hovlandstøl

 

Kartutsnitt Hovlandstøl

Høgd Stigning Distanse Gradering Poeng Liatraven
600m 600m 1,9km Krevjande 12

Turen til Hovlandstølen startar ved Hovland. Gå forbi postkassane og følg traktorvegen som går parallelt med vegen opp til husa på høgre hand. Etter å ha gått gjennom ei grind svingar ein til venstre opp bakken. Etter dette er stien stort sett enkel å finna. Etter å ha passert eit beiteområde går ein gjennom ei ny grind og stien går vidare gjennom ein granskog. Mot slutten kjem ein inn i lauvtreskog og stien kan enkelte plassar vera litt luftig. Ver forsiktig!

Hovlandsstølen
Hovlandsstølen