Før sommaren hadde me møte med Ullensvang kommune om Markastå og kva dei kan bidra med for å få realisert bustadfelt i Markastå.
Inntrykket etter møtet med kommunen er positivt. Dei ynskjer å bidra til at me får dette til og det fins midlar i budsjettet til dette formålet. Men hovedkonturane er at det ikkje vert noko utbygging i kommunal regi, det må private på banen for å utvikla Markastå.
Me har vore i kontakt med ein privat utbyggar som er interessert i å bygga ut i Markastå. Dei held i skrivande stund på med å rekna på kostnadar med utbygging av bustadar og infrastruktur som skal til i eit byggefelt.
Det er fleire ting som må avklarast som eigarforhold og kostnadar. Men me er positive! For bustad mangel er det i krinsen. Det er det ingen tvil om!
Nye møter med kommunen er planlagt på seinsommaren.
Indre Austsio Grannalag – Bustadgruppa