Endeleg kunne det arrangerast jolaquiz i Grannatun igjen, etter to års koronapause. Om lag 90 personar møtte opp på jolaquiz 27 desember. Quizvertar for kvelden var Arvid Ystanes og Øyvind Andersen
Lagene holdt jenvt over eit høgt nivå og det måtte ekstraspørsmål til for å kåra eit vinnarlag då to lag låg på same poengsum.
Vinnarlaget med Helge Hauso, Bjørn H. Børve og Reidar Sekse.
Før sommaren hadde me møte med Ullensvang kommune om Markastå og kva dei kan bidra med for å få realisert bustadfelt i Markastå.
Inntrykket etter møtet med kommunen er positivt. Dei ynskjer å bidra til at me får dette til og det fins midlar i budsjettet til dette formålet. Men hovedkonturane er at det ikkje vert noko utbygging i kommunal regi, det må private på banen for å utvikla Markastå.
Me har vore i kontakt med ein privat utbyggar som er interessert i å bygga ut i Markastå. Dei held i skrivande stund på med å rekna på kostnadar med utbygging av bustadar og infrastruktur som skal til i eit byggefelt.
Det er fleire ting som må avklarast som eigarforhold og kostnadar. Men me er positive! For bustad mangel er det i krinsen. Det er det ingen tvil om!
Nye møter med kommunen er planlagt på seinsommaren.
20:00 – Standup med Roar Brekke. Skal du ha med deg standup showet må du møta seinast klokka 20:00, då vert dørene til salen lukka fram til showet er ferdig!
21:00 – Matsalet opnar, Espe Grannalag står for maten. Dei sel hamburgerar utover kvelden og nattetimane.