Sekse grensar mot Sandstå i nord og Hovland i sør. Namnet er i middelalderkjelder skrive Sexinn (1293), Sexin (1306), Sexen (1521), seinare vart skriveforma Sexe og Sekse det vanlege.
På Sekse har det inntil nyleg vore barneskule, barnehage og grendahus. No er skulen nedlagd. På Sekse har gardsdrifta vore den viktigaste næringa. Med nær 20 gardar i drift.
Sekse Skule
Det vart bygt skule på Sekse i Flisabakken på Nedsta Sekse i 1912.
Skulen vart rive i 1964 for å gje plass til ein ny og større skule. Mens nye skulen vart bygd føregjekk undervisninga i Grannatun.
Sekse skule vart bestemt nedlagt frå skuleået 2013/14. Elevane frå krinsen vert overførte til Opedal skule på Lofthus. Elevane frå krinsen vert overførte til Opedal skule på Lofthus.
Grannatun
Ungdomslaget og bygdefolket samla inn midlar til å byggja ungdomshuset Grannatun i 1934.