Det lyser i stille grender

To ljosmaster med solcelleteknologi har vorte testa ut i vinter. Dei er på eit begrensa antal timar og aukar ljosstyrken i same periode ved rørsle. Me har meldt tilbake til Marit Ystanes i Heradet. Ho har i samarbeid med Mesta elektro fått justert ljos på bakgrunn av våre tilbakemeldingar.

Gateljos på seksevegen

Diverre vart kapasiteten for liten og stod ikkje til våre forventningar. Dei var og mørklagde i ein lenger periode. No har Mesta bytt frå blybatterier til Lithium batterier. Dette vil verta testa ut ein avgrensa periode. Den eine masta skal vera på eit antal timar morgon og kveld og den andre skal tenna på rørsle.

IAG bestemte i Styremøte den 14. januar at me ville gå for ein anna løysing. Me ville gå for grøft og stålmaster med led ljos frå Flisabakken til Gunn Marit Olsen. Deretter   foreslo me master med luftspenn  til Jon Aslak Herstad (ubebudd område). Herifrå til Hovland grøft med stålmaster.

Me har fått 2 millionar til gateljos frå Hordaland Fylke. Den løysinga me skisserar vil anslagsvis kosta det doble. Me må på friarferd til heradet for å få til eit slikt fullfinasiert prosjekt

IAG var kalla inn til møte i heradet  den 15. Januar om  evaluering av prøveperioden med solcellemaster .

På møtet deltok Marit Ystanes, Solfrid Borge, Magnus Steigedal, Petter Ulriksen og Karl Arvid Andersen. Me hadde eit godt og fruktbart møte med mykje fram og tilbake.  Avslutningsvis kom Solfrid Borge med ei gledeleg melding. Ho ville ta dette opp i heradsstyret og innstilla på at heradet yter dei pengane me treng for å få fullfinansiert det prosjektet som me anbefalte.

Underteikna gjekk frå møtet med ei god kjensle. Me har aldri vore så nær. Me har heller ikkje mykje tid på oss. For å få behalda dei 2 millionane frå fylket må me vera i mål innan dette året.

Mvh

Karl Arvid Andersen

Leiar IAG