Takk for fine fuglar!

 

Anne Marie klipper snora. Foto: Tuomo Korhonen.
Anne Marie klipper snora.
Foto: Tuomo Korhonen.

«Takk for fine fuglar», seier Ragna Kvalnes. Saman med dei andre som bur i «øvregato» i Flisabakken, har ho nett vore med på offisiell opning at eit fantatisk flott postkassestativ.

Av: Johannes H. Sekse

I langt tid har dei som bur i Flisabakken sett på at det gamle postkassestativet heldt på å forfalla. Eternittaket forvitra, stativet var veldig stygt og skeivt og avisene var våte.

Det var fyrst då Gunnbjørg Midtbø flytta hit, at det skjedde noko. Frå huset sitt såg ho rett ned på stativet.

-Ein dag kom ho og spurde om ikkje me skulle få gjort noko, seier Laila F. Sandstå, som har laga ei kjempegod molteblautkake til opningsfesten.

Laila tente på ideen, og kontakta nabo og fuglefotograf Anne Marie Korhonen med spørsmål om det kunne la seg gjera å få fuglemotiv på dei nye kassane, som sjølv hadde vore inne på tanken.

Dermed vart prosessen sett i gang med grundig planleggging, prosjektering, teikning, innkjøpa av det som trogst og mykje dugnadsarbeid. Den vesle vegstubben er sjølvhjelpen med dei alle fleste fagområda og nokon er som poteto – brukande til det meste.

Foto av fuglar tekne i Flisabaken av Anne-Marie Olsen Korhonen. FOTO: Tuomo.
Foto av fuglar tekne i Flisabaken av Anne-Marie Olsen Korhonen.
FOTO: Tuomo.

Alle – bortsett frå ein – kjøpte nye, kvite postkassar, og Anne Marie fekk laga store klebebilete av ulike fuglar – alle fotograferte i Flisabakken. Kvar husstand har fått sin fugl.

Nybygget er truleg det finaste og mest spesielle i heile landet, meiner Laila. Det store taket, gjer at dei står godt skjerma for vind og regn når dei hentar posten sin. Også postdamo har kome med vellete. I tillegg til postkassane er det to radlebenkar der naboane kan løysa store verdsproblem som kommunestruktur og småbåthamn. Når kvelden trekkjer på, slår lyset seg på. På veggen er og ei oversikt med informasjon om dei ulike fuglane.

Når dei hadde lagt så mykje arbeid i verket, kunne dei ikkje ta det skikkeleg i bruk før det hadde fått ei skikkeleg offisiell opning.  Dermed kalla Flisabakken Vel inn til postkassefest på torsdag (11. august).

Foto av fuglar tekne i Flisabaken av Anne-Marie Olsen Korhonen. FOTO: Tuomo.
Foto av fuglar tekne i Flisabaken av Anne-Marie Olsen Korhonen.
FOTO: Tuomo.

«Ta med kopp og godt humør!» stod det på plakaten. Og det gjorde dei. Seremonien starta med at Liv Turid Hjeltnes, ikledd serveringsbunad, sende champagnekorken høgt i veret. Det var naturleg nok Anne Marie som fekk æra av å klippa den staselege snora, godt supplert av snorhaldarane Kjell Sandstå og Anve Tveit, medan Laila F. Sandstå kom med saksa – på ei flott pute.

Liv Turid HJeltnes hadde pynta seg for dagen og opna med ein champagnesmell.
Liv Turid HJeltnes hadde pynta seg for dagen og opna med ein champagnesmell.

Deretter samla alle seg rundt langbord til opningsfest. Anve Tveit hadde også laga ein eigen kviss med mange spørsmål som stort sett var knytte til nabolaget. Eit av spørsmåla var kor mange familiar som hadde budd i lærarbustaden. Og rett svar er sju.

 

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.