Dette intervjuet hadde me med Tale Hauso då ho byrja som medarbeidar i «Grannanytt». No håpar me endå fleire kan verta litt betre kjend med henne.
Ho brukar bilen til kontor. Det kjekkaste ho veit er å dansa og å koma seg til fjells med sauene.
Av Johannes H. Sekse
Det er ei smilande og sprudlande blid jente som svingar BMW-en opp i tunet her på Øvsta Sekse. Me har avtalt eit lite intervju. Og me byrjar like godt med:
Kem æ du?
– Eg er 24 år og av god fjorda-blanding. Far min kjem frå vestsida, mor frå Odda, der eg og vaks opp, og etter ein joladans på Espe for sju år sidan, hamna eg her på Austsio.
Ville heim att
Det var nemleg der og då ho møtte Jan (Sandven) som hadde kjøpt gard på NedreBørve.
Har du alltid hatt lysta å verta journalist?
– Vegen har vel gått seg til etter kvart og har gjerne vore styrt av ein del tilfeldigheiter. Men eg har alltid vilja heim att til Hardanger.
Etter tre år ved Odda vidaregåande skule, studerte Tale ved Universitetet i Bergen. Der tok ho Bachelor i statsvitskap – Samanliknande politikk. Etter det søkte ho og kom inn på NRK Nynorsk Mediesenter i Førde. Praksisen fekk ho i NRK Hordaland, som truleg vart døropnaren dit.
Fyrst fekk ho eit vikariat for Marte Rommetveit på Stord. Då Egil Torheim gav seg, dekka Tale både Sunnhordland og Hardanger ein periode. Då stillinga hans vart lyst ut, søkte ho og fekk jobben.
Glad i dataskjermar
Den nye medarbeidar- og redaktøren i Grannanytt, er over snittet glad i dataskjermar, slett ikkje noko hinder i NRK-jobben heller. Radio, nett og tv. I dag må du kunna alt. Hovudgesjeften er å laga ein god og aktuell lokalradio, men kvardagen skiftar fort.
Seinaste nokre dagar før dette intervjuet, måtte ho rykkja ut til husbrann i Odda og dekka saka for Dagsrevyen. Så var det nesten rett over på Klassequiz dagen etter – stor overgang frå noko djupt tragisk til noko langt meir triveleg og kjekt.
At Tale er glad i å prata med folk, likar seg saman med andre og alltid har vore glad i å skriva, er heller ikkje til meins i jobben hennar.
Ålreite dyr
Plan B var lærarutdanning. Men ho kunne like fullt ha hamna der ho er i dag for det. Det er nemleg svært vanleg at lærarar vert journalistar – som til dømes både underteikna og forgjengaren hennar, Egil Torheim.
Heime på garden, der dei driv med både sauer og frukt, hjelper Tale til med det meste. Det har vore svært mykje å gjera med bustadhuset og løo. Så då er det eit spørsmål om det vert tid til nokon hobbyar.
– Å joda! Ein del i alle fall.
Tale deltek på trim/trening både på Sekse og Lofthus. Ho er glad i dyr. Sauer er som sagt ålreite. Og så er ho ekstremt glad i å gå i fjellet.
Toppen er ei veke i Kinsekvelv
Toppen er difor å kunna gå til fjells med sauene. Eller å ta seg ei ferieveke i Kinsekvelv – for å sjå etter sauene og slappa skikkeleg av.
– Det er det eg gler meg mest til av alt, smiler ho og legg til at dansen kjem på ein god andreplass, med «Swing» på topp.
—–
Tale er ei jente med begge beina planta på jorda – sjølv om jo arbeider i eteren, for å seia det slik.