Tysdag føremiddag dumpa lekteren «Mikael 1» det fyrste lasset med steinmassar frå Deildo i sjøen på Sekse.
Av Johannes H. Sekse
Anleggsarbeidet ved Deildo har alt vore i gang lenge, men det er fyrst no dei startar med utskiping av massar. Utskipingskaien er klar, og mellomlageret med massar var fullt, opplyste Knut Brusletto i entreprenørselskapet Contexo til Hardanger Folkeblad måndag.
«Dette er ein
stor dag», seier styreleiar Karl Arvid Andersen IAG. Han fekk gladmeldinga på telefon like etter at oppstarten var eit faktum
Eitt minutt
«Grannabryggjo» har fått løyve på 60 000 kubikkmeter til utfylling for småbåthamn på Sekse, og klokka 11.30 tysdag vart det aller fyrste lasset sleppt i djupet. Den 45 meter lange lekteren tek 600 tonn om gongen.
Det meste av tid går med til opplasting og transport. Sjølve tøminga tek berre eitt minutt.Det skjer ved at han rett og slett opnar seg, så massane dett rett ned.
Planar i boks
«Mikael 1» er eigd av firmaet Kragerø Sjøtjenester og har i fleire veker lege ved kai på Børve. I tillegg til Sekse, skal 6000 kubikkmeter fraktast til Aga. Resten av massane er tenkt til utfylling av Røyse i Lofthus sentrum, men Ullensvang herad har ikkje planane i boks, så det må fylgjeleg venta.
Både på Aga og Sekse hadde dei alt på stell, i fylgje byggjeleiar i Statens Vegvesen, Terje Nesse.
40 båtplassar
Med fyllinga på Sekse, kan «Grannabryggjo» få realisert planane om ei småbåthamn, og 38 av dei i alt 40 plassane er alt tildelt.
Karl Arvid Andersen seier at mange har gjort ein stor innsats for at ein er komne så langt. Ein av dei er styreleiar Siv Hamstad Haukelidsæter i «Grannabryggjo» – som har gjort ein kjempejobb.
Servicebygg
oktober vert det omframt årsmøte for å planleggja arbeidet vidare. Økonomien vert ei stor utfordring, og det er aktuelt med låneopptak.
Andersen ser og fram til at ein får realisert det planlagde servicebygget i tilknyting til småbåthamna. Mellom anna vonar han det let seg gjera å få i gang ein gardsbutikk, der grunneigarane og andre i området får høve til å selja produkta sine.