Steintransporten starta opp

Tysdag føremiddag dumpa lekteren «Mikael 1» det fyrste lasset med steinmassar frå Deildo i sjøen på Sekse.

Av Johannes H. Sekse

Anleggsarbeidet ved Deildo har alt vore i gang lenge, men det er fyrst no dei startar med utskiping av massar. Utskipingskaien er klar, og mellomlageret med massar var fullt, opplyste Knut Brusletto i entreprenørselskapet Contexo til Hardanger Folkeblad måndag.

«Dette er ein

HISTORISK!! "Mikael 1" slepper det aller fyrste lasset. Foto: Kjell Sandstå
HISTORISK!! «Mikael 1» slepper det aller fyrste lasset.
Foto: Kjell Sandstå.

stor dag», seier styreleiar Karl Arvid Andersen IAG. Han fekk gladmeldinga på telefon like etter at oppstarten var eit faktum

Eitt minutt

«Grannabryggjo» har fått løyve på 60 000 kubikkmeter til utfylling for småbåthamn på Sekse, og klokka 11.30 tysdag vart det aller fyrste lasset sleppt i djupet. Den 45 meter lange lekteren tek 600 tonn om gongen.

Det meste av tid går med til opplasting og transport. Sjølve tøminga tek berre eitt minutt.Det skjer ved at han rett og slett opnar seg, så massane dett rett ned.

Massane vert lasta opp i lekteren. Foto: Johanne H. Sekse
Massane vert lasta opp i lekteren.
Foto: Johanne H. Sekse

Planar i boks

«Mikael 1» er eigd av firmaet Kragerø Sjøtjenester og har i fleire veker lege ved kai på Børve. I tillegg til Sekse, skal 6000 kubikkmeter fraktast til Aga. Resten av massane er tenkt til utfylling av Røyse i Lofthus sentrum, men Ullensvang herad har ikkje planane i boks, så det må fylgjeleg venta.

Både på Aga og Sekse hadde dei alt på stell, i fylgje byggjeleiar i Statens Vegvesen, Terje Nesse.

40 båtplassar

Med fyllinga på Sekse, kan «Grannabryggjo» få realisert planane om ei småbåthamn, og 38 av dei i alt 40 plassane er alt tildelt.

Lekteren tek 600 tonn massar. Det tek eitt minutt å tøma. Litt meir å fylla. Foto: Johannes H. Sekse
Lekteren tek 600 tonn massar. Det tek eitt minutt å tøma. Litt meir å fylla.
Foto: Johannes H. Sekse

Karl Arvid Andersen seier at mange har gjort ein stor innsats for at ein er komne så langt. Ein av dei er styreleiar Siv Hamstad Haukelidsæter i «Grannabryggjo» – som har gjort ein kjempejobb.

Servicebygg

oktober vert det omframt årsmøte for å planleggja arbeidet vidare. Økonomien vert ei stor utfordring, og det er aktuelt med låneopptak.

Massane har vore mellomlagra her. Og no var det fullt! Foto: Johannes H. Sekse
Massane har vore mellomlagra her. Og no var det fullt!
Foto: Johannes H. Sekse

Andersen ser og fram til at ein får realisert det planlagde servicebygget i tilknyting til småbåthamna. Mellom anna vonar han det let seg gjera å få i gang ein gardsbutikk, der grunneigarane og andre i området får høve til å selja produkta sine.

 

 

 

 

 

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.