Formannskapet drøftar båtskyss

Foreldre ynskjer båtskyss mellom Lofthus og Børve.
Foreldre ynskjer båtskyss mellom Lofthus og Børve. Arkivfoto.

Måndag 3. oktober er det kalla inn til omframt møte i Ullensvang formannskap for å drøfta skuleskyss forbi anleggsområdet Deildo.

Det er berre ei sak som står på lista når formannskapet i Ullensvang møter måndag:

«Avklaring om båtskyss for skuleborna mellom Børve og Lofthus i samband med rassikringsarbeidet på RV13 i Deildo.»

Bakgrunnen for møtet er eit bekymringsbrev frå rundt 40 foreldre i Seksekrinsen, med born som går på Opedal skule.

Mellom anna har det viste seg at sjølv om både llensvang herad og Statens Vegvesen har fosikra om at vegen er trygg, så har det gått ras ut i vegen.

No ynskjer foreldra å få vita korleis dei skal innretta seg. Det går elles klart fram av brevet, at foreldra sterkt ynskjer permanent båttransport mellom Lofthus og Børve, kombiner med buss.

Saka er lagd fram utan tilråding. Møtet startar klokka 08.30

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.