Avklarande vegmøte, men…

 

 

Riksveg 13 forbi Deildo vert heilt stengd i tre veker! Båtskyss skal knyta bussane saman. Same ruter som i dag! Avtalar med sjukehus og ambulanseteneste på begge sider er på plass! Men også sterk kritikk for manglande informasjon. 

TOK KTITIKK. Ordførar Solfrid Borge tok kritikk for dårleg informasjon og lova betring. Til venstre prosjektleiar Terje Dagestad.
TOK KRITIKK. Ordførar Solfrid Borge tok kritikk for dårleg informasjon og lova betring. Til venstre prosjektleiar Terje Dagestad.

Tekst og foto: Johannes H. Sekse

Dette var essensen under informasjonsmøtet i gymnastikksalen på Sekse barnehage onsdag. Salen var fullsett av vegbrukarar både utom og innom anleggsområdet. I tillegg møtte ordførar, rådmann og deler av formannskapet, Statens vegvesen og entreprenøren «Contexo».

Mykje av tida gjekk med til utblåsing etter all frustrasjonen som oppstod i samband med det kraftige regnveret siste veke. Mellom anna vart vegen stengd slik at skulebussen frå Lofthus vart ståande i halvannan time utan at det vart gjeve informasjon til foreldre og pårørande.

«Kanskje ikkje så klokt»

Prosjektleiar Terje Dagestad understreka at det ikkje var rasfare som gjorde at vegen vart stengd, men rett og slett at dei ville venta til veret roa seg. «Det har aldri har vore så trygt å ferdast på denne strekkja som no», sa han.

Sikringsarbeid på toppen av "Osten".
Sikringsarbeid på toppen av «Osten».

«Stengjing rett før skulebussen, var kanskje ikkje så klokt» sa ordførar Solfrid Borge, med adresse vegvesen og entreprenør. Ho vedgjekk elles at dei hadde stor forståing for at foreldra var redde. «Informasjonen har vore altfor dårleg og at me kan berre verta betre», sa ho.

«Skyss» og heradet har ansvar for transporten, og for at ungane kjem seg trygt til og frå skulen. Det var heradet som betalte båten sist veke.

Etterlyste prosedyrar

«Det er lov å halda borna heime ein dag utan at det vert registrert som fråver», sa ho og understreka at dei tok alle meldingar, mellom anna eit brev frå 40 foreldre,  på alvor. Av den grunn kalla ho inn formannskapet på måndag.

Bente Moe Svoldal og Knut Børve var særleg kritiske til at dei ikkje fekk informasjon, mellom anna då skulebussen måtte venta ein og ein halv time på veg heim.

"Osten" skapar uventa utfordringar. Fjellet er fullt av store holer. Blokkene på toppen er sikra før dei snart skal vekk.
«Osten» skapar uventa utfordringar. Fjellet er fullt av store holer. Blokkene på toppen er sikra før dei snart skal vekk.

«Eg fann ikkje informasjon korkje på heradet eller skulen sine heimesider», sa han, og etterlyste planar og prosedyrar.

Ordføraren sa at dei hadde slikt, men at situasjonen førre veke var spesiell. Uansett vedgjekk ho at heradet har vor altfor dårleg på info. Statens vegvesen skal og skjerpa seg, men det er til dømes strenge reglar for bruk av dei digitale tavlene, som til dømes den i Odda. «Det er også grenser for kor mange av dei gule skilta ein kan bruka, før det vert for mykje», sa Dagestad.

Livredde

Som varsla kjem vegen til å verta heilt stengd frå klokka 00.00 måndag 17. oktober. Klokka sju om morogonen kjem kjempesmellen, som skal fjerna ein tredjedel av den såkalla «Osten». Namnet har han fått på grunn av at heile fjellet er full av store holer. Mellom anna dei to som det såkalla Velurepakket budde i, i si tid.

TRE OMGANGAR. "Osten" må takast i tre omgangar, sa byggjeleiar Terje Nesse.
TRE OMGANGAR. «Osten» må takast i tre omgangar, sa byggjeleiar Terje Nesse.

«Me var livredde for «Osten». Difor sikra me han – både på grunn av at vegen kunne forsvinna heilt, og for tryggleiken for dei som arbeider der», sa byggjeleiar Terje Nesse, då han informerte om bakgrunnen for langstengjinga..

Entreprenøren sikra dei store blokkene på toppen med sensorar som varslar om dei rører på seg. Difor er det tryggare enn nokon sinne å plasser her nett no, stasfesta Knut Brusletto frå entreprenør Contexo.

«Etter tjue år i bransjen har eg aldri har opplevd liknande fjell og utfordringar», la han til.

«Me vurderte fyrst å ta han bit for bit, men fann det som for risikabelt og krevjande», forklarde Nesse.

Osten» i tre omgangar

Difor vil dei ta «Osten» i tre omgangar. Dei store blokkene og fjellet elles vert perforert med borehol, slik at det berre skal vert mindre blokker som dett ned. I tillegg skal vegen fyllast med massar for å stå seg betre mot det som kjem, når storsmellen vert avfyrt klokka sju om morgonen den 17. oktober.

den fyrste veka etter det, går med til uttak av masse. Dei to siste til sikring. Samstundes vil det verta arbeidd på spreng på fleire stader langs anleggsområdet. Vegen opnar att den 5. november klokka 16.00!!

Om ein må langstengja fleire gonger, kan ingen seia sikkert no. Håpet er at dei skal sleppa. Og etterkvart som arbeidet går fram, reknar ein med mindre stengjing enn det har vore til no.

Knut Brusletto, "Contexo" understreka at tryggleiken står øvst, sjølv om han aldri før har opplevd eit slikt prosjekt og fjell.
Knut Brusletto, «Contexo» understreka at tryggleiken står øvst, sjølv om han aldri før har opplevd eit slikt prosjekt og – fjell.

Den «nye» vegen vil verta 7 meter brei, pluss skuldrer/grøfter.

Båt, buss og ambulanse

I stengjetida vil det verta sett opp ein stor båt med plass til minst hundre passasjerar., mellom Børve og Lofthus. Dagens bussruter skal gå som normalt. I tillegg kjem ein del fleire båtavganger. Endeleg rutetabell vil verta annonsert i lokalaviso og på nettet.

For å takla parekeringsbehovet, har ein fått frigitt heile Røyse på Lofthus, medan ein vil tillata parkeringa langs riksvegen på Børve.

Ein arbeider og med å få fleire avgangar på ferja mellom Kinsarvik og Utne, men det er ikkje liketil, i fylgje representantane frå vegvesenet.

Både Nesse og Dagestad understreka at dei lokale vegbrukarane har vist stor fortåing og vore flinke å tilpassa seg.

Rådmann Magnus Steigedal kunne elles fortelja at det er avtalt rutinar med både sjukehusa og ambulansetenesta på begge sider.

«Ny veg» vert opna i juni 2018!

 

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.