Tenner jolegran ved Grannatun

Grana er komen på plass. Sundag kl. 17.00 vert ljosa tende. Foto: Johannes H. Sekse
Grana er komen på plass. Sundag kl. 17.00 vert ljosa tende.
Foto: Johannes H. Sekse

Ein del eldsjeler har den siste tida planlagt og tilrettelagt for joletre med ljos utanfor Grannatun. Sundag ettermiddag, 1. sundag i advent, vert ljosa tende.

Av Johannes H. Sekse
«Dette har vore eit dugnadsprosjekt», seier Karl Arvid Andersen til IAG-nett. Han, Kjell Sandstå, Sjur E. Børve, Sveinar Børve og Anve Tveit, har no lagt grunnlaget for noko som kan verta ein fin tradisjon i åra som kjem.

Dei har grave grøft til, og lagt straumkabel ut frå Grannatun og sett ned kumme med røyr til å festa joletreet i.
Treet vart felt av Sjur E. Børve i byrjinga av veka. Det er donert av sonen Eirik Børve. Kummen har Dagfinn Børve gitt.
Tysdag kom grana på plass og ljosa prøvetende.
Dermed skulle alt vera klart for tenning sundag fyrstkomande – klokka 17.00.
——-
– Tanken var å få til ei sosial råme kring tenninga, med både litt underhaldning, song og gløgg m.m. Men tida strekte rett og slett ikkje til, så det må vera eit mål å få til ei tilstelling i samband med tenninga til neste år, seier Andersen.
Han håpar likevel at folk som har høve til det, møter opp. Om ikkje anna, kan ein slå av ein prat med naboar og/eller kombinera det med ein ettermiddagstur.

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.