Tysdag fyrstkomande opnar Hardanger Handbryggeri direkte utsal frå bryggeriet på Børve.
Av Johannes H. Sekse
Dette melder bryggeriet sjølv på si eiga heimeside. Ølet deira har vorte sværtr godt motteke i butikkane, og no opnar dei i tillegg eigne dører for direktesal.
For å setje litt ekstra stas på opningsdagen, vil dei gjera eit par ekstra stunt:
- sal av 30 stk limiterte presangkassar, signerte, med seks flasker i kvar kasse. Dei inneheld dei fem sortane dei for tida har – Tyst, Spøkjetyst, Bek, Haarteigen og jolaølet Potlaskatt. or at alle skal stilla likt, vert det dei fyrste frammøtte som får kjøpa presangkassane. For dei som har litt meir tolmod, kjem slike kassar til å verta selde over nyttår. Då vert dei produsert i stort antal.
2. Dei vil og nytta høvet til å overrekkja premie til vinnaren av namnekonkurransen på jolaølet deira – Potlaskatt. Vinnaren vert presentert etter det.
Det vert ope fast kvar torsdag klokka 16.00-19.30 heretter.
Torsdagen i romjola vert det også bryggedag samstundes med sal. Då kan dei som ynskjer og har tid, koma og sjå mendan dei bryggar øltypane Spøkjetyst og Haarteigen.