Julehelsing

God Jul til alle våre medlemmer !

bilete-fra-borve-og-sorover

IAG har ca 320 betalande medlemmer. Det syns me er kjempebra ! Me arbeider for at Indre Austsio skal ha ei framtid både for dei som bur her og dei som kan tenkja seg å flytta hertil.. Tidene endrar seg og byen fristar for mange. Me treng noko som fristar folk å flytta heim att. Det er ikkje lenger nok med fjell og sjø. I dag har me verken hus eller tomter å lokka med. Uten dette vil me tapa kampen om tilflyttarane.

Me tapte kampen om skulen vår. Kva vert det neste ?  Barnehagen ?

Visst barnetalet minkar trur eg me er i trøbbel. Det er betre å innsjå det no og ikkje når det er for seint.

Me vonar at fylgjande prosjekt kan vera med på å auka interessa for å bu i vår krins.

Grannabryggjo :

Fredag 02.12 var me i møte med Statens Vegvesen i Odda angåande levering av massar frå Deildo.

Me fekk der skrive under på ein avtale som gjer at me kan sjå framtida til Grannabryggjo ljosare i møte.

Dei vil gjera ferdig vårt prosjekt før dei forlet oss. Fyllingen vil dekka totalt 6000m2 sjøbotn. Både molo og større landområde. Dei vil fylla til + 2m. (over havnivå)

Dette åpnar for at me kan realisera våre draumar om ei båthavn og ein aktivitetspark. Hugs at dette er eit prosjekt for alle i krinsen, ikkje berre båteigarane.

Byggefelt Markastå:

Heradet starta for fleire år sidan ein prosess for å tilretteleggja for tomter i Markastå. Dette vart midlertidig stoppa etter funn av fornminne. Heradet har no sett i gang att denne prosessen. Den nytilsette planleggar i heradet Randi Karin Tveit har lova å leggja fram reguleringsplanen til fyrste møte i plan- og ressurs komiteen etter nytt år. Det er gjort framlegg i budsjettet om at heradet løyver 2 mill i 2017.

Tanken er å dra i gang eit offentleg/privat utbyggingsprosjekt.

I framtida skal dei eldre i større grad enn tidlegare bu heima så lenge som mogeleg. Den tradisjonelle aldersheimen kjem gradvis til å forsvinna og verta erstatta med omsorgsbustader og sjukeheim. Me treng då bustader tilrettelagt for at eldre skal kunna fungera heime. Kanskje ein kombinasjon av einebustader/leiligheter og tilrettelagte eldrebustader er vegen å gå. Me treng både unge og gamle i bygdene.

Gateljos over Sekse :

Dette har vor ein laaang prosess. Me vart for ca 2-3 år sidan prioritert på 1. plass for trafikksikringstiltak på fylkesvegar i heradet sin langsiktige plan.

Me har etter det gått mange rundar med vekslande samferdslepolitikarar i fylket om løyving av midlar.

Det er no vossingen Nils Bjørke (SP) som leiar samferdslekomiteen i fylket. Ordførar Solfrid Borge har hatt samtalar med han om løyving av pengar. Me har nyleg møtt Solfrid i Kinsarvik og diskutert dette. Ho stadfesta at ho har snakka med Nils Bjørke, som hadde sagt at han skulle prøva å finna midlar til gateljos. Ho lova og at ho  skulle ringa han opp att og purra . Men ho seier i klartekst at me skal få gateljos. Me har venta lenge nok !

Det er fleire som har kome til IAG og sagt at dette må me arbeida for. Det er så mange mørke parti på denne vegen at ungane ikkje torer å gå aleine. Vegen er og veldig mykje brukt som trim/tur løypa. Spesielt i den mørke årstida.

Det har vore sagt mykje negativt om heradet, men IAG har heile tida hatt ein konstruktiv dialog med heradet og fått støtte og hjelp til våre prosjekt. Men me må nok framover i endå større grad «trø» til sjølv og kjempa for det me vil ha til. Då er alt mogeleg.

Det vil alltid vera forskjellige meiningar om saker me arbeider med. I eit grannalag er det plass for alle. For eller i mot.  Oppfordrar alle til å koma med innspel om saker me arbeider med og saker me bør arbeida med framover.

Oppmodar dei som sit på aktuelt stoff,historiar, bilete  etc å ta kontakt med Johannes Sekse slik at han kan publisera det på heimesida – og facebook sida til Indre Austsio Grannalag.

 

Ynskjer alle ei god Jul og godt Nytt år

Karl Arvid Andersen

Leiar IAG