Handbrygg fekk føter å gå på

Det vart rift etter dei 30 «samle»-kassane til det nystarta ølbryggeriet på Børve, då dei opna for sal over disk tysdag ettermiddag.

 Av Johannes H. Sekse

Stig Atle Meland var fyrste kunde og sikra seg nokre eksemplar av samlekassen med ulike øltypar.
Stig Atle Meland var fyrste kunde og sikra seg nokre eksemplar av samlekassen med ulike øltypar.

Stig Atle Meland gliste godt, då han med ein kasse i kvar hand, kunne slå fast at han hadde sikra seg souvenirar med flytande innhald. Deretter seig det på, både med lokale kundar, og litt meir langvegsfarande.

Medan Karl-Magnus Andersen er i innspurt med joletresal i Bergen, var det dei tre andre medeigarane i Hardanger Handbryggeri, Petter Sexe Ulriksen, Johannes Solheim og Magnus Steigedal som stod for salet denne fyrste dagen.

Jon Arne Meland gjorde godt innhogg, då han som ein av dei fyrste kundane fekk sleppa til. Her hjelpt av Johannes Solheim og Petter Sexe Ulriksen.
Jon Arne Meland gjorde godt innhogg, då han som ein av dei fyrste kundane fekk sleppa til. Her hjelpt av Johannes Solheim og Petter Sexe Ulriksen.

Den såkalla samlekassen var berre laga i 30 eksemplar, og gjekk fort unna. Han inneheldt dei fem basisølsortane og det nye jolaølet deira, fint dandert i svidde trekassar med ein dasj turrhøy frå ein gard på Sekse og ein liten brakekvist – eller –dusk, som ho Ingrid Espelid ville ha sagt det.

Geir Sekse betalte med kort.
Geir Sekse betalte med kort.

Det ligg to års planlegging, tenkjing, prøving og feiling, byråkrati, investeringar, svevnlause netter bak, når dei endeleg kunne opna dørene. Dei fire har til saman 40 års røynsle med brugging. På trass av fire  ulike utgangspunkt og ei rad idear og meiningar om korleis øl skal smaka, tok dei til slutt Hardangertradisjonen på alvor, som dei sjølve uttrykkjer det.

God stemning i lokalet medan folk venta på tur.
God stemning i lokalet medan folk venta på tur.

Mellom anna er det silt gjennom brakje, som set sin eigen smak på brugget. Heile prosessen, frå dei meltar kornet til dei set på etikettane, vert gjort for hand. Det seier seg difor at det er ein arbeids- og tidkrevjande produksjon.

Som med frimerkesamlarar, er det kan henda at nokon av dei som kjøpte fyrsteutgåva med øl frå Børve, kjem til å plassera det saman med eventuelt andre i ei eiga samling.

Men for mange, vert det truleg berre flaskene som overlever. Og skulle nokon gå tomme, vil det vera  ope for sal kvar torsdag. Ølet er elles alt å få tak i i butikkane, der det alt har vorte godt motteke.

Mellom anna skal det ha vore nokon samlarar som køyrde eins ærend frå Haugesund til Tyssedal for å sikra seg nokon flasker av det nye Hardangerølet.

Kari vann namnekonkurransen

Kari Svåsand fekk premie for namnet på joleølet. - Nemleg "Potlaskatt".
Kari Svåsand fekk premie for namnet på joleølet. – Nemleg «Potlaskatt».

Pilsen til Hardanger Handbryggeri heiter «Tyst», sterkølet «Haarteigen» og mørkølet «Bek». Men kva skulle dei kalla joleølet?

Då dei starta fyrste koko si med det, lyste dei samstundes ut ein namnekonkurranse. Det kom inn fleire forslag. Den som gjekk til topps, var Kari Svåsand. Ho føreslo «Potlaskatt».

Ho var særleg invitert til opninga, og fekk ein fin premie og takk.

 

 

 

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.