Grannabryggjo tek form !
Mange har sett Mickael flytta ein del av Deildo til båthavne på Sekse. No hadde me lyst å sjå det nye undervannsfjellet som skal verta ein pir i den nye båthavne på Sekse. Tor Olav Tveit og Christian Fjellheim stilte opp for oss med dykkarutstyr. Dei har tidlegare vore og inspisert sjøledningen frå septiktanken. Fantastisk positive karar !
Dei gleid ned i vatnet og berre luftboblene som flytta seg rundt i området avslørte kor dei var. Tor Olav stakk hovudet opp og sa : Fyllingen er 2 meter under meg. Dei inspiserte begge sider, toppen , og sidene ned mot bonn. Christian var nede på 35 meter ytterst, då vart det så dårlig sikt at han kom opp att. Det var og sterk straum rundt fyllingen.
Korleis ser det ut ropar eg ? Det ser bra ut. Toppen er 4-5 meter breid og ytterste delen (kanten)ca 50 m frå strandlinja. Fyllingen ser veldig kompakt ut. Ein blanding av stein, grus og morenemasse. Det er eit nedsøkk i sentrum av piren. Det ser ut som lekteren har subba heilt ut. Christian syns han såg malingen frå Mickael i toppen. Ifølge dykkarane ser piren ferdigfylt ut. No står det berre att å få piren opp 2 meter over sjøen. Dette skal gjerast med gravemaskin, som skal byggja opp frå land og arbeida seg utover.
Dei har teke film av fyllingen som me vonar å få lagt ut. Tusen takk til begge to. Dei ville ikkje ha betaling, men dei er herved invitert til IAG sin pubkveld i Grannatun 10. Mars. (vert annonsert)