Ragna Flotve, årsmøte i IAG og pub med svært lokal quiz. Det er tre gode ting i ein og same pakke. Og det skjer i Grannatun på Sekse, fredag 10. mars kl. 18.00.
Ragna Flotve har brei kompetanse gjennom utdanning, leiarerfaring, politisk engasjement, styrearbeid, nettverksbygging og frivillig organisasjonsarbeid.
Fredag 10. mars klokka 18.00 kjem ho til Sekse og skal snakka om LEVANDE BYGDER.
Ragna er tilsett ved landsbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland. Ho vil fortelja om ulike tiltak og ordningar, om kva me kan få til i krinsen vår, kva me kan få hjelp og støtte til og kva andre bygder har gjort.
Ragna kjem opprinneleg frå Trones ovanfor Grimo, og var ein periode aktiv i lokalpolitikken i Ullensvang.
Etter ho vert det vanleg årsmøte. Saker som ein ynskjer opp på møtet, må styret ha innan 8. mars.
Til slutt avrundar ein kvelden med
EIN SVÆRT LOKAL QUIZ – og pub. Styret vonar på godt frammøte og ein god grannedrøs. Her kan ein kombinera det nyttige med hygge.