Sel øl som hakka møk

Petter Sexe Ulriksen og Magne Eivind Moe med påskeølet.
Petter Sexe Ulriksen og Magne Eivind Moe med påskeølet. Og i bakgrunnen sydar det meir «Deildo» som skal vera klart omlag midt i april.

Det nye Børve-ølet «Deildo» vart selt ut på rekordtid. No er Hardanger Handbryggeri klar med påskølet sitt.

Av Johannes H. Sekse

Med seks basis-sortar i botn, (Tyst, Spøkje tyst, Haarteigen, Bek og Kodnøl) og tre sesongøl (Potlaskatt, Deildo og Påkekrim i 5773), har det nye bryggerieventyret på Børve skote bortimot prepåskekriminell fart.

«Deildo» kom som ein salve på veganlegget med same namn – og forsvann.

«600 flasker var vekke på fire dagar», seier ein av ølgründerane, Petter Sexe Ulriksen, til IAG.no. «Bunnpris» – eller Handelslaget på Lofthus – selde til dømes ut 120 flasker på to dagar.

Ulriksen trøystar dei tyste med at i dag, torsdag 9. mars, laga dei ei ny koke med dette ølet, som er inspirert av rassikringprosjektet mellom Børve og Lofthus. Det vil vera klart i midten av april, seier han. – «Ølet altså». Vegopninga må venta litt til.

I mellomtida har dei derimot alt lansert påskeølet sitt. Dette er ein APA- (Amerikansk) type, raud på farge og litt mildare humla enn ein typisk IPA.

–  Påskeølet vårt passar glimrande til t.d. spekjemat frå Spansteigen og grillmat – gjerne  rett i solveggen.

Og medan du sit der og slikkar påskesol, kan du snu flaska og lesa på etiketten. Oppmodinga er kort og godt: «Skriv ein liten påskekrim, basert på stikkorda der». Ølet har kort og godt fått namnet  «Påskekrim på 5773», og er alt no ute i alle butikkane i Ullensvang, nærbutikken i Tyssedal og Skarsmo – og på bryggeriutsalet på Børve.

påske2I tillegg til eigne produkt, sel dei også varer frå andre lokale produsentar som spekepølse frå Spansteigen gard og saft frå «Hardanger Eple» (biletet til høgre).

 

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.